Norborg – Stranda2 1-2 (1-0)
6. divisjon, Uggedal KGB, 07.05.2025
1-0 Niklas Rekdal (27)
1-1 Almantas Gulijevas (71)
1-2 Oskar Røyr (78)
Sjansar: 10-6
Cornere: 11-1
Norborg eigde ballen og skapte mest i heimekampen mot Stranda2, men trass 1-0 leiing til pause etter mål av Niklas Rekdal var det til slutt gjestane som stod igjen med alle poenga etter to kontringsmål av Almantas Gulijevas og Oskar Røyr. Norborg fekk sjansen frå straffemerket like før slutt, men også her vart det bom. – Eg syns vi gjer ein bra kamp, men det blir stang ut, sa trenar Torbjørn Grytten etter kampen.
Norborg tok kommandoen frå start av og kom seg til ein dobbeltsjanse allereie før 15 sekund var spelt, men som så ofte før det siste året så slit ein med å putte ballen i nota. Etter 6 mnutt med trykk frå Norborg si side fekk vi det første skremmeskotet frå gjestane då Ole Andreas Kjølås dribla seg inn i 16 meteren og avslutta via ein norborgar i tverra. Det var likevel Norborg som styrte denne omgangen og etter både single, dobbel og trippelsjansar sat den endeleg i nota då Anders Toven slo ein stikkar til Niklas Rekdal som sette ballen kaldt i mål til 1-0. Stranda2 kom meir med i spelet etter målet og kom seg til to gode sjansar det siste kvarteret, men totalt sett så burde Norborg ha gått til pause med større leiing.
2. omgang starta som den første med solid trykk frå Norborg si side, men Stranda2 sin keeper Fillip Berge Sæbø redda det som kom innafor stolpane. Gjestane har dei første 25 minutta av 2. omgang knapt hatt ballen inne på Norborg sin halvdel, men så blir det gjort feil av Norborg ute på venstresida og Stranda2 kontrar inn 1-1 ved Almantas Gulijevas. Særs bittert, og bitrare skal det bli då Stranda2 på ny vinn ballen på midten og får slå kontra. Ballen endar til slutt hos Oskar Røyr som enkelt sette inn 1-2 dryge ti minutt før slutt.
Lufta går litt ut av Norborg etter dette, men i det 86. minutt får ein nytt håp då dommar peikar på straffemerket etter at Nicholas Kvammen vart lagt i bakken. Diverre redda keeper Sæbø forsøket frå Ole Johan Urke og Norborg står igjen med eit bittert tap.
Neste kamp for Norborg er borte mot Herd onsdag 14. mai kl. 18.
Ronald Søvik Olsen – Oliver Gamlem (Marius Flem Stavik, 90) , Felix Søviknes Urkedal, Ole Johan Urke, Markus Søvik Gunnarsson (Robin Hånde, 88) – Niklas Rekdal, Ådne Hellandsvik, Nicholas Kvammen, Ole Martin Fevåg (Tarjei Urkedal, 46) – Anders Toven, Markus Torgersen (Kai Kitsadakon, 68).
Dommar: Tomas Trogstad (Bækkelaget)