Norborg – Guard 1-3 (1-1)
6. divisjon, Uggedal KGB, 15.10.2025
Sjansar: 7-8
Cornere: 6-5
1-0 Ole Johan Urke (6)
1-1 Glenn Are Nerland Elveseter (45)
1-2 Glenn Are Nerland Elveseter (48)
1-3 Kristian Muriaas (90)
Norborg måtte sjå seg slått 1-3 i siste kamp for året etter å ha levert ein svak 2. omgang. Det starta likevel bra og med vinden i ryggen så burde Tarjei Urkedal ha sendt Norborg i føringa før det var spelt eitt minutt, men ryggsekken var på og ballen gjekk høgt over. Det skulle likevel ikkje ta lang tid før Norborg tok føringa. Ole Johan Urke jakta sitt 110. mål i Norborg-trøya og lukkast då han sende eit frispark frå 40 meter i perfekt boge over forsvar og keeper. Norborg var på hogget i starten og Martin Torgersen burde ha auka leiinga då han vart spelt fri av Niklas Rekdal, men åleine med keeper Julius Jarnes var det sistnemnde som vann duellen.
Så vakna gjestane og berre ei god redning av Ronald Søvik Olsen hindra Glenn Are Elveseter mål. Halvvegs ut i omgangen viste Olsen seg fram igjen. Denne gong ved strafferedning. Guard sette returen i mål, men spelaren hadde sprunge inn i straffefeltet for tidleg så målet vart annullert. Både Kristoffer Søviknes og Niklas Rekdal kom seg til sjansar det siste kvarteret, men utan å lukkast. I staden så utlikna Guard på overtid då ballen vart slått i bakrom og Glenn Elveseter snappar ballen frå keeper Olsen og sette ballen sikkert i nota. Eit bittert og billig baklengs.
Etter pause verkar Norborg mest klar for å få denne sesongen overstått og kome seg inn i varmen. Eit par minutt ut i omgangen fekk storscorar Elveseter stå heilt åleine utanfor 16 meteren. Han dempa eit oppspel, vende opp og avanserte eit par meter før han trilla ballen forbi keeper og i mål. Norborg fekk lite til i denne omgangen og sette sjeldan Guard sin keeper på dei heilt store prøvene. I det klokka tikka mot 90 minutt kom tidlegare Rollon-keeper Kristian Muriaas inn som spiss. Sekunder seinare hadde han med sitt første touch heada inn 1-3 og gjort Norborg si sesongavslutning heilsvart.
Norborg tapte dermed dei tre siste seriekampane og måtte sjå Guard gå forbi og ta 2. plassen i dette B-sluttspelet i 6. divisjon. Eit tøvete opplegg som har gitt ein haust med 8 “treningskampar”.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Lars Mikalsen (Fredrik Endré Rogne, 46), Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke (Markus Søvik Gunnarsson, 46) (Robin Endré Hånde, 82), Anders Toven – Ole Marius Fevåg (Nizar Alderwish, 82), Marius Flem Stavik (Mikalsen, 74), Kristoffer Søviknes, Niklas Rekdal – Markus Torgersen (Oliver Gamlem, 46) (Jørn Håvar Varpe Uggedal, 86), Tarjei Gjerset Urkedal.

