Norborg/BIL2 – Blindheim 3-3 (1-3)

Norborg/BIL2 – Blindheim 3-3 (1-3)
4. divisjon, Uggedal stadion, 25.05.2023

Sjansar: 8-4
Cornere: 10-2

1-0 Diedrick Bubahe (7)
1-1 Peter Røvreit Frostad (19)
1-2 Peter Røvreit Frostad (26)
1-3 Bjørnar Fjørtoft Johansen (37)
2-3 Martin Fylling Koch (83)
3-3 Magnus Otterlei (90)

Norborg/BIL2 redda eit viktig poeng i ein sterk sluttspurt i botnkampen mot Blindheim, men det følest likevel som eit tap i ein kamp berre tre poeng var godt nok.

Norborg stilte på papiret eit særs sterkt lag med fleire spelarar frå Brattvåg sin 2. divisjonsstall. Ein skulle då tru at det skulle bli ein enkel siger mot divisjonens botnlag. Slik vart det ikke sjølv om ein  oppskriftsmessig tok leiinga ved Brattvåg si nysignering, 17-åringen Diedrick Bubahe då han snudde på femøringen og sette ballen i nota etter pasning frå Thomas Aarsund. Bubahe, som kom fra AaFK, viste seg som eit friskt pust, men diverre var han den einaste som kan få godkjent i denne omgangen.

Norborg hadde ballen mest, men hadde null framdrift og gjorde det enkelt for gjestene med mange ballberøringer og korte pasninger. I tillegg vart det gjort slurv i forsvar som Blindheim utnytta til det fulle. Tre sjansar vart omsatt til tre mål. Peter Frostad fikk ein enkel jobb med å sette ballen i nota fra 5 meter etter forarbeid av Bjørnar Johansen. Like etter vart Frostad spelt igjennom åleine med keeper og setter ballen sikkert i mål til 1-2, før Bjørnar Johansen leikande lett chippa inn 1-3 knappe ti minutt før sidebyte. Vi kan ikkje anna sei enn at det var fortent i ein omgang der Norborg absolutt ikke utnytta ferdigheitene som var i laget.

Jesper Vos vart satt innpå til 2. omgang, og han vart umiddelbart spelt igjennom, men kanskje litt kamprusten valgte han ei tidleg avslutning frå 18 meter i staden for å ta med seg ballen inn i 16 meteren. Skotet gjekk diverre utanfor. Norborg hadde ballen mykje også i denne omgangen, og la eit kraftig trykk på Blindheim, men det skulle ta si tid før overtaket ga resultat.

Det vart til slutt dødballar som skulle sørge for poeng. Først skrudde Martin Fylling Koch ein corner direkte i mål og ga oransjetrøyene verkeleg tru på poeng. Så greidde til slutt Magnus Otterlei å beine ballen i mål etter at Blindheim ikkje greidde å klarere ein corner. På overtid var det like før Blindheim tok med seg alle poenga då halvt grytastrandar Lukas Slyngstadli kom seg igjennom, men greidde ikkje å overliste keeper Ronald Søvik Olsen.

Totalt sett så burde Norborg ha vunne denne kampen, men basert på innsats så fortente Blindheim å få med seg minst eit poeng.

Norborg/BIL2 skal på fredag kl. 1815 ut i ein utfordrande bortekamp mot Herd.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Magnus Ravn (Ivan Håvik, 61), Anders Toven, Amund Møllerhagen, Prince Kouame (Elias Seth, 61), Thomas Aarsund, Noah Lausund Klokk, Ferdinand Irving (Jesper Vos, 46), Magnus Otterlei, Martin Fylling Koch, Diedrick Bubahe.

*** Amund Møllerhagen
** Diedrick Bubahe
* Martin Fylling Koch