Herd – Norborg/Brattvåg2 5-4 (3-2)
4. divisjon, 27.05.2022, AMFI Moa KGB
1-0 Mathias Sæther (1)
2-0 Scott Fellows (17)
3-0 Erlend Fjeldstad (20)
3-1 Tobias Jensen (23)
3-2 Eirik Koppen Vågnes (29)
4-2 Mathias Sæther (str. 50)
5-2 Sjølvmål (57)
5-3 Tobias Jensen (59)
5-4 Magnus Otterlei (79)
Trass ein trå start var Norborg/Brattvåg2 særs nær poeng mot 4. divisjon sitt beste lag Herd. Heimelaget scora tre mål før tjue minutt var spelt, og dei fleste såg føre seg at her vart det stortap. Dei oransje frå Uggedalen kjempa seg likevel tilbake i kampen før pause med mål av Tobias Jensen på langskot og Eirik Koppen Vågnes.
Starten på 2. omgang var omtrent like ille som den første for Norborg, og Herd var igjen tilbake i 3-målsleiing på få minutt. Først blir Herd tildelt eit straffespark, så stanga Jesper Vos ballen i eige mål etter eit frispark, som fleire på tribuna meina var på billegsal på AMFI. 5-2, og igjen eit vanskeleg utgangspunkt for dei oransje. Tobias Jensen var ikkje ferdig med langskot, og sette inn ny redusering, og Magnus Otterlei skapte ny spenning i kampen med si scoring ti minutt før slutt. Norborg hadde eit par gode frisparkforsøk mot slutten av kampen, men måtte reise heim med berre eit heiderleg resultat.
-Vi starta passivt i dag, men er nære 1-1 i ein 50/50 offside avgjersle. To dødballmål imot og det står 3-0, men vi hever oss kollektivt etter at Tobias sette inn 3-1 og eg føler vi er på høgde med Herd utover i kampen takka vere ein fantastisk vilje, sa trenar Marius Rogne etter kampen.
Laget: Sander Arntsen – Jesper Vos (Henrik Hurlen, 70), Anders Toven, Tor Abelseth, Tobias Hellem – Eirik Koppen Vågnes, Ådne Hellandsvik, Tobias Jensen (Igor Leonov, 60) – Magnus Otterlei, Thomas Aarsund, Martin Koch.
*** Thomas Aarsund
** Ådne Hellandsvik
* Magnus Otterlei