Norborg/Brattvåg2 – Volda 0-6 (0-4)

Norborg/Brattvåg2 – Volda 0-6 (0-4)
4. divisjon, Uggedal KGB, 11.10.2019

Sjansar: 2-11
Cornere: 3-4
Avslutningar på mål: 0-12
Avslutningar utanfor: 4-8
Blokkerte avslutningar: 2-3

0-1 Robert Dahlberg (2)
0-2 Håkon Haugen (10)
0-3 Magnus Lien Bischoff (22)
0-4 Håkon Haugen (32)
0-5 Robert Dahlberg (48)
0-6 Magnus Lien Bischoff (78)

Volda var totalt overlegen på først og fremst to område. Rutine og størrelse. Det ga laget fire mål på fire dødballar den første halvtimen. Det var faktisk dei sjansane gjestane fekk før pause. Norborg på si side skapte null og niks. Etter pause fekk Norborg nok eit slag i andletet då Volda scora på sitt første angrep. Kampen opna seg litt meir opp etter kvila og også Norborg kom seg til situasjonar framfor Volda sin keeper, men utan å lykkast. Dryge ti minutt før slutt fastsatte Bischoff sluttresultatet til 0-6 på eit skot til 20 i stil.

Volda står med eitt tap hittil i år. Det kom mot nettopp Norborg/Brattvåg2, og sjølv om vi hadde eit snev av håp om at det kunne skje igjen så vart det tidleg klart at det håpet aldri gjekk over til tru. Eit heiltent gjestelag trykte heimelaget tilbake på bana, og to minutt ut i omgangen pressa Robert Dahlberg inn sitt første mål etter at Norborg si klarering gjekk i stolpen og ballen gjekk ut til Dahlberg. Åtte minutt seinare blir det eit nytt dødballmål då Håkon Haugen heada stolpe inn. Ikkje nok med det. Halvvegs ut i omgangen går eit frisparkinnlegg frå Magnus Lien Bischoff direkte i mål og etter dryge halvtimen kom det fjerde dødballmålet då Haugen pirka inn 0-4 etter nok eit frispark i stolpen. Det var altså ingen snille stolper for heimelaget sin del.

Ved sida av måla greidde ikkje Volda å skape opne sjansar, men det gjorde heller ikkje Norborg. Dei kontringssjansane som oppstod vart enten rota bort av feil val eller effektivt stoppa av Volda.

2. omgang starta med eit lite trykk frå Norborg, men tre minutt ut i omgangen putta Robert Dahlberg sitt andre og Volda sitt femte på ein chipp. Volda stod då med fem mål på fem sjansar. Norborg fekk sin sjanse då Ådne Hellandsvik dribla seg inn i 16 meteren etter ein kort corner. Han fann Tor Abelseth framfor mål, men avslutninga vart blokkert til Kjell Terje Brusdal. Han burde nok ha fyrt av, men vende seg bort frå mål, sentra til Fredrik Hurlen som igjen fann Gard Rogne på 20 meter. Han finta bort ein spelar og avslutta like over. Volda hadde også sine sjansar, men viste litt mindre effektivitet i denne omgangen. Eit siste mål skulle dei likevel få då Bischoff klemte til frå 20 meter.

– Vi må fortsette å jobbe med kvaliteten i 16 meterane. Innsats og vilje på det vi gjer i mellom har mykje bra med seg, men der fotballkampane avgjerast har vi end ikkje kome oss opp på stabilt 4.divisjonsnivå. Vi vart brutalt straffa av Volda i 1.omgang, men skal kome sterkare tilbake mot Hødd2 på måndag, sa trenar Kristian Søviknes.

Laget: Sander Arntsen (Ronald Søvik Olsen, 46) – Per Kristian Grytten Søvik, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne (Ole Johan Urke, 72) – Ådne Hellandsvik (Per Stian Alvestad, 88), Gard Rogne, Thomas Aarsund, Siver Davik, Jesper Vos (Eirik Vågnes, 46) – Ruben Holmeset (Fredrik Hurlen, 46).