Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 4-2 (3-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 22.08.2019
Sjansar: 9-6
Cornere: 5-9
Avslutningar på mål: 9-5
Avslutningar utanfor: 5-6
Blokkerte avslutningar: 3-1
1-0 Nikolai Jensen (10)
2-0 Ole Johan Urke (15)
3-0 Tor Abelseth (27)
3-1 Jens Kristian Dybdal (38)
3-2 Joakim Haugen (74)
4-2 Per Kristian Helle Hildre (88)
Norborg/Brattvåg2 vann totalt sett fortent 4-2 over Blindheim, men var nær ved å gi frå seg si komfortable 3-0 leiing. Blindheim hadde nemleg trykket i kampen før Per Kristian Helle Hildre gjorde 4-2 eit par minutt før ordinær tid var ute. -Deilig å få ein tre poenger igjen. Syns vi gjer ein god første omgang og leiar særs fortent. I andre omgang så får vi ikkje opp det same offensive trykket og Blindheim kjøre opp mykje folk og fysikk. Litt hektisk i nokren minutt, men all ære til spelarane for måten dei greie å løyse det og roe ned gjestepresset på, sa trenar Kristian Søviknes.
På 110 hjørnespark (58 for og 52 imot) så har det ikkje blitt eit einaste mål i Norborg sine kampar. Dei oransje la då ein plan som skulle vise seg å lukkast. Det vart nemleg mål på dei to første hjørnesparka ein fekk. 1-0 kom etter ein kort corner der Gard Sæterøy Rogne etter kvart fann Nikolai Jensen sitt hovud. Han sette ballen sikkert i nota frå tre meter. Norborg fortsette å styre kampen og i det 15. minutt smokker Ole Johan Urke inn 2-0 på halvspretten. Tor Abelseth måtte ha tre forsøk på same corner før han fekk nettsus. Først redda keeper headinga hans, så vart skotforsøket blokkert før han fekk pirka ballen over streken. Like heldig var han ikkje ti minutt seinare då han mista ballen framfor eigen 16 meter. Ballen vart slått til Jen Kristian Dybdal som sette ballen presist i mål. Unødig mål imot i ein omgang Norborg hadde god kontroll på gjestane.
Kort tid etter pause fekk Nikolai Jensen sjansen til å auke leiinga tidleg i omgangen, men headinga gjekk denne gong like utanfor. Det var likevel Blindheim som var det førande laget i denne omgangen. Dei var meir kompakte sentral i bana og fekk kontroll over midtbanen med å vinne duell på duell. Eit kvarter før slutt skapte Joakim Haugen ny spenning i kampen då han sette eit frispark frå 25 meter i mål. Blindheim trykte på for utlikning og kom seg til dødball etter dødball, men Norborg haldt unna og like før slutt fekk Siver Davik slått ballen til Per Kristian Helle Hildre som sørga for 4-2 og tre poeng til dei oransje.
Gard Sæterøy Rogne, Ådne Hellandsvik og Kjell Terje Brusdal var dei beste på heimelaget i kveld.
Neste kamp er også heime i Uggedalen. Det er mot Bergsøy fredag 30. august kl. 19.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Søvik, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne – Gard Rogne, Nikolai Jensen, Ådne Hellandsvik (Eirik Vågnes, 90) – Per Kristian Helle Hildre (Jonas Holmeset, 89), Ole Johan Urke (Per-Stian Alvestad, 75) (Siver Davik, 88), Fredrik Hurlen (Anders Toven, 65).