Sæbø – Norborg/Brattvåg2 3-6

Sæbø – Norborg/Brattvåg2 3-6 (2-2)
5. divisjon, Sæbø KGB, 19.04.2018

Sjansar: 9-14

1-0 Yngve Frøland (7)
1-1 Gard Sæterøy Rogne (9)
2-1 Bjørnar Holen (19)
2-2 Ole Johan Urke (21)
3-2 Bjørnar Holen (49)
3-3 Kristoffer Søviknes (59)
3-4 Gard Sæterøy Rogne (69)
3-5 Sjølvmål (85)
3-6 Magnus Austbø Seth (88)

Det vart til slutt ein klar siger til Norborg, men kampen stod lenge å bikka. Sæbø hadde ein klar kampplan og lykkast lenge med den, men etterkvart fann Norborg ut av det og når ein først fekk leiarmålet, såg ein seg aldri attende. Årets første siger i boks, og Sæbø sitt første heimetap sidan mai 2015.

Norborg starta kampen godt og utfordra Sæbø langs bakken. Allereie før tre minutt var spelt lurte Jesper Vos eit par mann og fekk avslutta, men ballen vart redda på strek av Martin Sandbakk. Gard Sæterøy Rogne ville også vere med på moroa og kjørte nokre finter inne i Sæbø sin 16 meter, men fekk skotet blokkert. Så var det slutt på gjestfriheita og Sæbø tok leiinga 1-0 på sin første sjanse då Henrik Mo kom seg fri på venstrekanten og fann Yngve Frøland framfor mål. Han runda keeper og sette ballen i tomt mål. Gard Rogne kvitterte raskt for Norborg med eit presist skot frå 16 meter etter pasning frå Ådne Hellandsvik.

Sæbø var veldig duellsterke og utnytta det til fulle med lange oppspel og stuss i bakrom til ein særs god Bjørnar Holen. I det 19. minutt lykkast ein med denne taktikken då Norborg sitt forsvar feilberekna og Holen fekk avslutte på halvspretten. Ballen gjekk i fin boge over keeper Rørhus og i nota. Heller ikkje denne leiinga til Sæbø haldt lenge. Minuttet seinare sparka Frøland ned Vos og dommar peikar på straffemerket. Straffespark er like enkelt som avspark for Ole Johan Urke, som finta keeper til ei side og sette ballen i den andre til 2-2. Begge lag har fleire gode sjansar til å ta leiinga inn mot pause i ein oppjaga omgang, men det stod rettvist nok 2-2.

– Dei er allereie tungpusta. Dette her tek oss, sa ein Norborg-spelar i pausa. Men det var Sæbø som kom best i gong og tok leiinga i kampen for tredje gong og nok ein gong var det Bjørnar Holen som sette ballen i nota då han krangla den med seg forbi eit par forsvarar og avslutta via keeper. Norborg fekk lite til dei første ti minutta av 2. omgang. Ein valde då å legge om til 3-5-2. Ein fekk då betre kontroll på Sæbø sine to spissar, samstundes ein fekk meir trykk offensivt. Kristoffer Søviknes heada inn 3-3 etter ein presis corner frå Urke. Gard Rogne sendte Norborg for første gong i føringa med eit kontrollert skot frå 16 meter etter forarbeid av Magnus Austbø Seth. Sæbø hadde også sine sjansar og det var ikkje før Per-Stian Alvestad stressa Mats Riise til å sette ballen i eige mål i det 85. minutt, Norborg fekk kontroll på kampen. To minutt før ordinær tid var ute fekk vi sjå fint veggspel mellom Magnus Seth og Ådne Hellandsvik. Seth sette ballen fint i mål til 3-6.

Det er lenge sidan vi har sett ein så open og sjanserik kamp. Det var tut og kjør frå start til slutt, og heldigvis enda det med tre poeng heim til Haram. Det vart ein kamp med litt for svak konsentrasjon og mange feilval, men også med fine kombinasjonar og enkeltmannsprestasjonar. Best på laget denne gong var Gard Rogne.

Neste kamp er mot Volda2 torsdag 26. april.

Laget: Benjamin Rørhus – Ole Johan Urke, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Magnus Jenssen – Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes – Gard Rogne, Ådne Hellandsvik – Magnus Austbø Seth, Jesper Vos.
Innbytarar: Andre Larsen, Per-Stian Alvestad, Lars Mikalsen, Anders Toven, Jonas Holmeset, Tobias Faksvåg.