Norborg – Skarbøvik 2-2

Norborg – Skarbøvik 2-2 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 19.05.2017

Sjansar: 5-6
Cornere: 2-5

0-1 Sondre Kjølsøy (str. 12)
1-1 Nikolas Fjørtoft (35)
2-1 Matias Mork Vatneødegård (58)
2-2 Nils Ottar Sandø (82)

Norborg og Skarbøvik delte poenga i ein kamp prega av ein vind som berre auka på utover kampen. Totalt sett så var uavgjort eit greit resultat mellom to lag som framleis ventar på sin første siger.

Kampen starta med eit lite spelemessig overtak av Norborg, men det var SIF som kom seg til den første sjansen då Sondre Kjølsøy kom seg rundt på høgrekanten og fann Kenneth Kjevik framfor mål, men Kjevik si styring gjekk like utanfor stolpen. Like etter måtte heimelaget sin Nikolas Fjørtoft sjå si avslutning bli redda på strek av ein gjesteforsvarar. I det 12. minutt fekk SIF ei billig straffe då eit skot traff handa til Tarjei Urkedal. Ei hand som Urkedal hadde inne langs kroppen. Kjølsøy sette straffa sikkert i nota etter å ha sendt keeper feil veg.

Ti minutt før pause utlikna Norborg då Nikolas Fjørtoft følgte ein ball mot keeper Terje Kjølsøy som klarerte rett i Fjørtoft og ballen gjekk i mål. Laga hadde kvar sin sjanse til å ta leiinga i minutta inn mot pause, men 1-1 stod seg i ein temmeleg jamspelt omgang.

I 2. omgang tok Norborg leiinga då Matias Mork Vatneødegård skrudde eit frispark frå 20 meter over muren og inn ved høgre stolpe. Vinden auka på og det vart vanskeleg å få til noko spel. SIF hadde vinden skrått i ryggen og hadde initiativet uten å skape så mange sjansar. Knappe ti minutt før slutt fekk den rutinerte storscoraren Nils Ottar Sandø sjansen då Norborg tapte ein duell utanfor 16 meteren og han fekk ein stikkar i bakrom. Åleine med keeper Kjærstad gjorde Sandø ingen feil og sette ballen i nota til 2-2. Bittert for Norborg, men uavgjort var eit greit resultat sidan heimelaget fekk lite til den siste halvtimen.

Kristoffer Søviknes vart kåra til heimelaget sin beste spelar framfor Ruben Holmeset.

Neste kamp er borte mot Volda fredag 26. mai.

Laget: Joakim Kjærstad – Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke (Tor Abelseth, 53), Ole-Kristian Aarseth, Ruben Holmeset (Denis Sjåstad, 70), Tarjei Urkedal, Matias Vateødegård (Marius Austnes, 70), Jesper Vos (Nikolai Jensen, 64), Magnus Austbø Seth, Nikolas Fjørtoft (Per-Stian Alvestad, 66) (Fjørtoft, 79).