Norborg – Hødd2 1-4

Norborg – Hødd2 1-4 (0-2)
4. divisjon, Uggedal stadion, 01.09.2017

Sjansar: 3-10
Cornere: 2-12
Avslutningar på mål: 3-10
Avslutningar utanfor: 4-6
Blokkerte avslutningar: 0-6

0-1 Daniel Haanes (17)
0-2 Magnus Myklebust (24)
0-3 Peter Hasund (52)
1-3 Jonas Austnes (62)
1-4 Peter Hasund (92)

Hødd2 var som venta det beste laget i Uggedalen fredag kveld, men den prestasjonen Norborg viste i 2. omgang er verdt å ta med seg. Ein var då på høgde med sin motstandar og hadde ein ikkje blitt snytt for ei klar straffe så kunne det ha blitt spenning i kampen tjue minutt før slutt.

Norborg var levna få sjansar mot 4. divisjon sitt desidert beste lag. Etter ei roleg opning på kampen festa så Hødd2 grepet og spelte seg fram til fleire hjørnespark. Dei heilt store sjansane vart likevel ikkje skapt, men i det 17. minutt glapp det for Norborg. Hødd2 snappa ballen høgt i bana og Daniel Haanes prikka inn 0-1 frå 16 meter. Nokre minutt seinare glapp det igjen då Magnus Myklebust fekk ballen lagt til rette på 7 meter av Norborg sitt forsvar og sette ballen i nota ved nærmaste stolpe.

Norborg vart veldig baktung og fann ikkje ut av Hødd2 sitt angrepsspel. Fleire mål vart det likevel ikkje, noko Norborg kan takke sin bestemann keeper Joakim Kjærstad for.

I pausa bestemte Norborg seg for å stå høgare med laget. Ein fekk opp aggressiviteten og det vart ein langt jamnare omgang enn den første. Trass 0-3 i fleisen sju minutt ut i omgangen då Peter Hasund sette ballen i mål frå kloss hald fortsette Norborg å jobbe hardt. I det 62. minutt fekk ein så løn for strevet då Tor Abelseth sin corner vart heada i mål via Jonas Austnes av Kristoffer Søviknes.

Ti minutt seinare vart Norborg snytt for straffespark då Nikolas Fjørtoft vart haldt innafor straffefeltet. I det siste kvarteret gjekk Norborg tom for krefter og Hødd2 skapte nokre sjansar før Peter Hasund sette inn 1-4 på kontring. Likevel ein oppløftande omgang av dei oransje.

Komande kamp er borte mot Skarbøvik fredag 8. september kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad – Anders Toven (Pedro Silva, 66), Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Tor Abelseth (Stian Skogvoll, 80) – Ådne Hellandsvik (Jonas Holmeset, 80), Marius Austnes (Christian Sæther, 87), Tarjei Urkedal (Nikolai Jensen, 66), Jesper Vos – Ruben Holmeset, Nikolas Fjørtoft (Per-Stian Alvestad, 80).