Skarbøvik – Norborg 1-2 (0-0)
Treningskamp, 30.03.2016
0-1 Marius Finstad Austnes (83)
0-2 Denis Sjåstad (86)
1-2 ? (88)
Norborg tok årets første siger då ein vann 2-1 over Skarbøvik onsdag kveld. Etter mållause 82 minutt vakna kampen til liv i sluttminutta. Junior Marius Austnes og 1. årssenior Denis Sjåstad sørga for siger med sine første mål for Norborg sitt A-lag.
Norborg fekk ein opptur då Skarbøvik vart slått på bortebane onsdag kveld. Kampen starta roleg, men med eit visst initiativ til heimelaget mykje takka vere at Norborg spelte motsols. Situasjonane som oppstod framfor Norborg sitt mål vart tatt godt hand om av midtforsvaret. Etter kvart fekk Norborg betre kontroll utan å skape noko meir enn to annullerte mål av Magnus Seth og Ole-Kristian Aarseth. Begge særs tvilsame avgjersle. Dermed ebba omgangen ut med 0-0.
Etter pause var Norborg det førande laget. Ein flytta spelet høgare opp i bana og var flinkare til å truge bakrom. Ole-Kristian Aarseth burde ha gitt Norborg leiinga midtvegs i omgangen då han vart spelt fri av Ole Johan Urke, men åleine med ein snublande keeper sette han ballen utanfor tomt mål.
I sluttminutta lykkast endeleg oransjetrøyene då Marius Austnes tråkla seg fri og plasserte ballen nede ved stolperota frå 16 meter. Få minutt seinare dobla Denis Sjåstad leiinga på vakkert vis. Målet kom etter at Skarbøvik klarerte ein dødball. Steffen Grytten brassesparka ballen tilbake i 16 meteren der Sjåstad sette ballen i fin boge over keeper og i mål på eit halvvegs brassespark.
Skarbøvik reduserte kjapt til 2-1 etter at Norborg mista ballen på midtbana. Forsvaret fekk først klarert, men Skarbøvik behaldt ballen og scora åleine med keeper. På overtid var Skarbøvik nær utligning, men keeper Ronald Olsen redda praktfullt eit frispark frå 20 meter som hadde retning krysset. Dermed enda kampen med ein fortent siger til Norborg.
– Vi har stigning i prestasjonane og gjer ein god kollektiv kamp. Sigeren hjelpe både på sjølvtillit og humør, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen. Han trekke fram stopparane Hans Edvard Nordang, Kristoffer Søviknes, samt keeper Ronald Olsen og midtbanegeneral Christian Sæther som Norborg sine beste spelarar.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Steffen Grytten (Nikolai Jensen, 70), Hans Edvard Nordang (S. Grytten, 77), Kristoffer Søviknes, Jonas Austnes – Fredrik Krogsæter, Marius Austnes (Per-Stian Alvestad, 83), Christian Sæther, Ole Johan Urke (Denis Sjåstad, 85) – Magnus Seth (Pedro Silva, 60), Ole-Kristian Aarseth.