Norborg – Vestnes Varfjell 3-2

Norborg – Vestnes Varfjell 3-2 (1-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 06.04.2016

Sjansar: 14-8
Cornere: 5-5

0-1 Azim Ahmadi (19)
1-1 Ole-Kristian Aarseth (36)
2-1 Ole-Kristian Aarseth (50)
2-2 Amund Stavem (86)
3-2 Pedro Silva (90)

Super-sub Pedro Silva sørga for andre gong på fem dagar 3-2 siger til Norborg med eit seint mål. Vestnes Varfjell burde ha leia til pause, men i 2. omgang var Norborg best i det meste og viste fram sjanseskapande og underhaldande fotball.

Norborg hadde eit lite initiativ det første kvarteret, men sleit med å kome seg til sjansar. Det neste kvarteret tilhøyrte gjestane frå Romsdal. På fire gode sjansar vart det med Azim sitt mål då han sette inn ein retur frå keeper Ronald Søvik Olsen. Det siste kvarteret kom Norborg meir med og ti minutt før pause sette Ole-Kristian Aarseth ballen i nota etter eit flott forarbeid av Magnus Seth på venstresida.

Norborg sitt spel var prega av personelege feil, dårleg rørsle og samhandling. Ein kunne dermed vere godt nøgd med at det stod 1-1 til pause.

I 2. omgang var Norborg langt meir på hogget og hadde allereie brent to sjansar før Ole-Kristian Aarseth sette inn sitt andre for dagen i det 50. minutt. Nok ein gong var det Magnus Seth som spelte han fram til sjansen. Sjølv om Varfjell hadde nokre sporadiske sjansar, var dette Norborg sin omgang. Aarseth burde ha blitt tremålsscorar då kom åleine med keeper etter nok ei frispeling av Seth. Seth sjølv burde ha scora både då han vart spelt igjennom av Nikolai Jensen og Norborg-debutant Nikolas Fjørtoft. Men han kom ikkje nærmare enn eit skot på undersida av tverrliggjaren. Nemnde Fjørtoft var eit friskt pust når han kom innpå knappe halvtimen før slutt. Med si ekstreme fart vart han ein handfull for Varfjell sitt forsvar og skapte både sjansar til andre og seg sjølv.

Trass fleire sjansar greidde ikkje Norborg å punktere kampen og fire minutt før slutt sette Amund Stavem inn 2-2 på eit frispark frå 22 meter. Pedro Silva har vist seg som ein god innbytar for Norborg i år, og i det klokka skulle til å passere 90 minutt viste han seg fram igjen då han tok med seg ballen inn frå venstresida og sette den kontant i nota til 3-2.

Ein fortent siger til Norborg basert på den siste timen då ein viste fram mykje god fotball. Positivt er det også at så mange juniorar står fram og gjer ein god jobb. Når ein snudde kampen frå 0-1 til 2-1 så hadde ein sju juniorar på bana.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Geir Roar Gamlem, 46) – Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Hans Edvard Nordang, Tor Abelset (Aarseth, 90) – Ole Johan Urke (Pedro Silva, 81), Christian Sæther (Nikolai Jensen, 33), Marius Austnes (Steffen Grytten, 74), Fredrik Krogsæter (Seth, 68) (Per-Stian Alvestad, 82) – Ole-Kristian Aarseth (Denis Sjåstad, 83), Magnus Seth (Nikolas Fjørtoft, 62)