Hareid – Norborg 2-3

Hareid – Norborg 2-3 (2-3)
Hareid stadion, 03.09.2015

Sjansar: 9-9
Cornere: 6-5
Avslutningar på mål: 7-9
Avslutningar utanfor: 7-6

0-1 Ole-Kristian Aarseth (7)
1-1 Thor-Ove Brekke (11)
2-1 Alexander Nevstad (16)
2-2 Øyvind Sundnes (23)
2-3 Øyvind Sundnes (33)

Norborg kunne juble for tre poeng i ein vanskeleg bortekamp mot eit fysisk sterkt lag frå Hareid. Alle måla kom i ein open og rotete 1. omgang. Etter pause vart Norborg tidleg redusert til 10 mann og måtte konsentrere seg om forsvarsarbeidet. Begge lag hadde sine sjansar, men ingen fann vegen til nettmaskene.

Det er ein god eigenskap å vinne på middels dager! Prestasjonsmessig klarer vi ikkje å gjenskape det vi har levert så langt i haust, men det er alltid deilig å vinne fotballkamper, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

Norborg måtte gjere nokre endringar før kampen mot Hareid. Stopparkjempa Elling Mikal Kalvø måtte kaste inn handkledet på grunn av skade, medan Kristoffer Søviknes kom først fem minutt før kampstart og måtte ta plass på benken. Det starta likevel bra for Norborg. Sju minutt ut i kampen kom Kristoffer Hildrestrand fram på venstresida og fann Ole-Kristian Aarseth inne i 16 meteren. Han vendte opp og sette ballen sikkert i nota til 0-1.

Så skulle det meste gå på tverke for Norborg. Forsvarsarbeidet var mildt sagt grusomt og det oppstod mange ein-mot-ein situasjonar. I det 11. minutt scora Hareid, som Norborg, på sitt første skot på mål. Ein ball vart slått inn i 16 meteren der Norborg taper den første luftduellen, medan klarering nummer to gjekk rett i beina til Thor-Ove Brekke som klinka ballen i nota frå 10-12 meter.

Ole-Kristian Aarseth fekk ein god sjanse til å gi Norborg leiinga på nytt då keeper Mork gav retur på eit skot frå Øyvind Sundnes. Aarseth fekk diverre ikkje plassert ballen i opent mål på volley. I staden var det Hareid som gjekk i angrep og skaffa seg hjørnespark. Ballen vart slått hardt og presist inn i feltet der Alexander Nevstad heada ballen kontant i nota til 2-1.

Gleda varte likevel ikkje lenge for heimelaget. Øyvind Sundnes har funne scoringsforma og var sikker som banken då han fekk ein ball i bakrom frå Ole Johan Urke. Frå kanten av 16 meteren sende han ballen i ei flott boge over keeper og i mål til 2-2. Ti minutt seinare fekk han ein langt enklare jobb med å gjere 2-3 då han breisida ballen i mål frå kloss hald etter glimrande forarbeid av Hildrestrand.

Norborg leverte ingen optimal omgang, men leia alt i alt fortent då laga gjekk til pause. Ein hadde ballen mest og skapte litt meir enn eit heimelag som var mest farleg på dødball.

I 2. omgang fekk vi ein langt tettare kamp. Jan Tore Fjørtoft vart utvist fem minutt ut i omgangen for felling som bakerste mann. Med ein mann mindre la Norborg seg litt djupare i bana og satsa på ballar i bakrom til Kristoffer Søviknes. Hareid slutta å slå langt så mykje langt og forsøkte å spele meir oppbyggjande fotball. I dei første 25 minutta av omgangen vart det ikkje skapt nokon ting, men i dei siste tjue vakna kampen til liv. Det var Norborg som først skapte sjansar. I det 70. minutt kom Kristoffer Søviknes seg forbi på høgrekanten og fann Ole-Kristian Aarseth framfor mål, men helflikken hans gjekk utanfor. Eit par minutt seinare slo Øyvind Sundnes ballen inn framfor mål der Søviknes og Aarseth stod i kø for å score, men ballen gjekk mellom beina på Søviknes og like forbi Aarseth. Så var det Hareid sin tur til å skape sjansar, men utruleg nok kom dei ikkje nærmare enn ei heading i tverrliggjar i det 76. minutt.

I sluttminutta var Norborg nærmast mål då Aarseth kom åleine med keeper, men Vagn Scheide Mork fekk ei hand på ballen. Dermed enda det med 3-2 siger til Norborg etter ei bra defansiv arbeidsøkt etter pause. Likevel, totalt sett ein kamp under pari av Norborg, men det bryr vi oss ikkje så mykje om når det vart tre herlege poeng!

Neste kamp er heime mot Vigra torsdag 10. september kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Hildrestrand, Steffen Grytten, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft (raudt kort, 51) – Kristian Søviknes (Kristoffer Søviknes, 46), Tarjei Urkedal, Mathias Fjørtoft, Ole Johan Urke (Christian Sæther, 53) – Ole-Kristian Aarseth, Øyvind Sundnes (Fredrik Krogsæter, 80).

Dommar: Martin Solheim (Spjelkavik)
Assistentar: Jonny Dyb (Giske) og Norvald Helge Lausund (Lepsøy)

Godt dømt!

Det var elles full runde i 4. divisjon.

Rollon – Ørsta 4-0
Godøy – Larsnes/Gursken 3-0
Emblem – Valder 3-1
FK Sykkylven – Langevåg 4-3
Vigra – Vartdal 6-1

Rollon held forspranget sitt på fire poeng til Norborg og FK Sykkylven.