Stryn – Norborg 4-2

Stryn – Norborg 4-2 (2-0)
Stryn stadion, 29.05.14

Sjansar: 10-4
Cornere: 7-5

1-0 Stian Sandal (11)
2-0 Stian Sandal (43)
3-0 Johnny Roosevelt (56)
3-1 Kristoffer Hildrestrand (57)
4-1 Johnny Roosevelt (80)
4-2 Kristoffer Søviknes (90)

Stryn var det beste laget og tok ein fortent 4-2 siger over Norborg, som ikkje hadde same spruten i beina i denne kampen som sist. Heimelaget var effektive før pause, men i 2. omgang kan Norborg takke ein god keeper Kjærstad for å hindre eit større tap.

Etter ein fin biltur og lunsj på Loenfjord hotel venta kamp mot Stryn i eit praktfullt ver. Norborg kom frå ein sterk bortesiger over Spjelkavik, medan Stryn stod ubesigra på sine tre første heimekampar. Om vi skal seie nokon hadde initiativet dei første ti minutta så var det Norborg gjennom eit par hjørnespark og nokre frispark som vart slått inn i 16 meteren, men Stryn sin keeper Simen Kjellevold vart ikkje sett på dei store prøvene.

I det 11. minutt var Norborg igjen i angrep grunna ein dødball, men Stryn fekk klarert og sette igang ei kontring som til slutt enda med mål då Daniel Aakre sklei på den knallharde grasbana og Karl Erik Aarsheim kom seg forbi og inn i 16 meteren. Han spelte ballen til Stian Sandal som kontrollert sette ballen i mål.

Mål pregar kampar. Stryn fekk den nødvendige tryggleiken, medan Norborg verka stressa og fekk lite til med ballen i laget. Stryn etablerte etter kvart spelet inne på Norborg sin halvdel, men sleit med å skape dei store sjansane. 2-0 skulle likevel kome eit par minutt før pause då Norborg gjor ei svak klarering etter corner. Ballen hamna på 25-30 meter der Stian Sandal får draumetreff å klinka ballen stolpe inn. 2-0 til Stryn.

Norborg forsøkte å stå høgare i bana etter pause, men det var Stryn som skapte sjansane anført av sine to særs gode spelarar Karl Erik Aarsheim og Johnny Roosevelt. Sistnemnde auka til 3-0 då Norborg sløvt mista ballen på eigen halvdel og Roosevelt får ein stikkar i bakrom. Kristoffer Hildrestrand laga ei viss spenning då han reduserte på eit frispark frå 25 meter minuttet seinare, men Stryn var det beste laget og skapte fleire gode sjansar i denne omgangen. Roosevelt la på til 4-1 ti minutt før slutt før Kristoffer Søviknes pynta på resultatet med sitt mål på overtid.

Norborg sin beste spelar var utan tvil keeper Joakim Kjærstad. Han var omtrent arbeidsledig før pause, men stod fram med fleire gode redningar i 2. omgang. Elles må vi diverre melde at dei fleste utespelarane var under pari i denne kampen og ein fekk aldri utnytta sine spissferdigheter. Norborg får ikkje tid til å deppe lenge over tapet. Allereie på laurdag skal ein ut i ny bortekamp. Denne gong mot Sogndal2. Eit lag som satsar knallhardt på opprykk, men som tapte sist kamp mot Spjelkavik. Eit lag Norborg slo.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristoffer Hildrestrand (Ole Marius Otterlei, 65), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Kjell Terje Brusdal, 77), Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Mathias Fjørtoft (Kristian Søviknes, 75), Ole-Kristian Aarseth – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.

Dommar: Yngve Håkonsen (Fjøra)
Assistentar: Vebjørn Nord Haugland (Eid) og Rune Haugland (Haugen)

God trio frå Sogn og Fjordane.


Keeper Joakim Kjærstad var Norborg sin bestemann og bokser her ballen ut etter corner.


Norborg hadde på førehand fått tips om Stryn sin Johnny Roosevelt, men greidde ikkje å hindre han i å score to mål. Her i duell med Tarjei Urkedal.

Foto: Lisa Kristin Rønstad