Spjelkavik – Norborg 1-2

Spjelkavik – Norborg 1-2 (0-1)
Spjelkavik stadion, 23.05.14

Sjansar: 6-5
Cornere: 5-2

0-1 Kristoffer Søviknes (16)
0-2 Øyvind Sundnes (74)
1-2 Kåre Sigve Balsnes (90+3)

Norborg drog i land ein sterk bortesiger då ein vann 2-1 over høgtflygande Spjelkavik. Norborg tok leiinga etter eit hektisk opningskvarter og fekk deretter dratt ned tempoet og demme opp mot eit noko omstendeleg heimelag.

Dette var 9. gong Norborg og Spjelkavik møttes i seriekamp og alle kampane har vore jamne kampar som kunne ha bikka begge vegar. Diverre hadde ingen gått i Norborg sin favør, medan Spjelkavik stod med tre sigrar.

På ei hard grasbane gjekk begge lag ut i eit høgt tempo og kriga godt. Norborg kom seg til kampen sin første sjanse etter ein dødball der Tarjei Urkedal var nær ved å få putta ballen i nettet frå kort hald, men ballen spratt på feil side av stolpen. Minuttet etter var Spjelkavik farleg frampå og Norborg kan takke fru Fortuna for at det ikkje vart mål då ein Vika-spelar smeller ballen i tverrliggjar og ned på streken for så å gå ut til ein ny Vika-spelar som får sjå si avslutning bli redda på strek. Norborg går så i kontring, men Kristoffer Søviknes velge å lobbe frå 30 meter i staden for å storme åleine mot mål. Lobben gjekk rett i klypene til keeper Igor Serkovs.

Kristoffer Søviknes skal likevel få ein ny sjanse til å score nokre minutt seinare då Kristoffer Hildrestrand spelar til Ole Johan Urke som igjen spelar ein stikkar i bakrom til Søviknes. Han tek med seg ballen på skrå inn i 16 meteren og avslutta med ei perfekt lompe som humpar i mål. Norborg jobba godt defensivt etter målet og let Spjelkavik ha mykje ball på midten. Like før pause er Søviknes særs nær å doble Norborg si leiing då han på nytt fekk kome på skrå inn i straffefeltet, men denne gong fekk keeper Serkovs langfingeren på ballen. Norborg gjekk til pause med fortent leiing etter oppofrande spel.

2. omgang startar med lågt tempo der Spjelkavik hadde mykje ball, men vart kontant stoppa kvar gong dei nærma seg 16 meteren. Ikkje før i det 64. minutt kunne vi notere ein sjanse då ein Vika-spelar utnytta manglande kommunikasjon i Norborg-forsvaret, snappa ballen, men avslutta like utanfor.

Spjelkavik spelte seg nærmare og nærmare mål, men i staden for utlikning kom Norborg på ein sjeldan visitt på heimelagets halvdel. Angrepet såg likevel ut til å renne ut i sanden, men Tarjei Urkedal stod opp og vann ballen frå Jonas Fagermo utanfor 16 meteren. Tarjei tok med seg ballen inn i 16 metere og spelte usjølvisk til Øyvind Sundnes som plasserte ballen i tomt mål.

Få minutt seinare fekk Spjelkavik sin Andreas Olsen raudt kort for ein ettersleng og gjorde oppgåva endå tøffare for heimelaget. Spjelkavik greidde likevel å oppretthalde eit press på slitne norborgarar. Først får dei eit mål annullert for offside, for så å få eit særs billeg frispark inne på Norborg sin halvdel tre minutt på overtid. Ballen vart slått inn i feltet der Kåre Sigve Balsnes er sist på ballen før den gjekk stolpe inn. Norborg hadde likevel god kontroll dei neste minutta og drog i land tre poeng i det som var årets kortaste bortetur.

Etter nokre daffe kampar var endeleg Norborg til å kjenne igjen. Alle spelarane jobba knallhardt for kvarandre og blødde for drakta. Ein spelte kontant og tøft utan jåleri. Det gav tre viktige poeng mot eit lag som låg i toppen.

Vanskeleg å plukke ut Norborg sin beste spelar i kveld. Alle viste fram ein herleg defensiv innsats. Skal vi ta fram ein så må det nok blir kaptein Tarjei Urkedal. Han var over alt før pause og sprang nesten like mykje etter sjølv om han hadde krampe i begge bein tjue minutt før slutt.

Takk til dei mange norborgarane som tok turen til Spjelkavik i kveld. Ser vi dykk i fagre Stryn på torsdag også?

Laget: Joakim Kjærstad – Kristoffer Hildrestrand (Kjell Terje Brusdal, 84), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Ole Marius Otterlei, 49), Christian Sæther, Tarjei Urkedal, Ole-Kristian Aarseth – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes (Mathias Fjørtoft, 68).

Dommar: Jim André Dyb (Valder)
Assistentar: Øystein Ytterland (Valder) og Vitalij Karpenko (Ellingsøy)

Sjølv om vi synst frisparket i forkant av Spjelkavik sitt mål var billeg, så har vi lite å utsette på Dyb og hans assistentar.

* Kristoffer Hildrestrand spelte sin første kamp frå start for Norborg etter comebacket/overgongen frå Brattvåg.
** Keeper Joakim Kjærstad har spelt to kampar i år og står med to sigrar. 2-1 over Tertnes og 2-1 over Spjelkavik.
*** Øyvind Sundnes er Norborg sin toppscorar med 3 mål på 5 kampar.


Målscorarane Øyvind Sundnes og Kristoffer Søviknes.