Rollon – Norborg 5-6

Rollon – Norborg 5-6 (1-3)
Rollon KGB, 27.03.14

Sjansar: 8-9

0-1 Ole Johan Urke (19)
0-2 Ole Johan Urke (25)
0-3 Øyvind Sundnes (37)
1-3 Jonas Nordal (42)
1-4 Ole-Kristian Aarseth (52)
1-5 Ole-Kristian Aarseth (57)
2-5 Peter Drabløs (69)
3-5 Adnan Idrissi (71)
4-5 Jonas Nordal (81)
5-5 Adnan Idrissi (83)
5-6 Elling Mikal Kalvø (89)

To særs effektive lag sørga for mange mål i torsdagens treningskamp mellom Rollon og Norborg. Rollon hadde ballen mest, men Norborg skapte mest før pause. I 2. omgang såg ungguten Ole-Kristian Aarseth ut til å ha punktert kampen med to raske mål, men Rollon slo kraftig tilbake og scora fire mål på under eit kvarter. I sluttminutta redda likevel Norborg sigeren takka vere panna til Elling Mikal Kalvø.

Nummer 1 og 2 i fjorårets 4. divisjon møttast i Larsgården torsdag kveld. Stjerneklart og flomlys gav nærmast Champions League følelse denne kvelden. Norborg mangla fleire av sine største “stjerner”, samstundes ville også trenar Oddmund Otterlei ville sjekke ut nokre ting og benka spelarar han veit kvar står, som Ole Marius Otterlei og Ole-Kristian Aarseth. Norborg starta dermed med berre 5 av dei 11 som var med frå start mot Brattvåg. Rollon såg også ut til å teste ut eit par ting, dei stod i alle fall særs høgt på bana med sin forsvarsfirar.

Rollon hadde ballen mest i 1. omgang, men greidde sjeldan å bryte igjennom Norborg sitt forsvar. Norborg på si side var lite nøyaktig i sitt spel og greidde heller ikkje å utnytte rommet bak Rollon sitt forsvar i starten av kampen. Men i det 19. minutt spelte Daniel Aakre ballen i bakrom til Joakim Roald. Han måtte sjå avslutninga si bli redda av keeper, men vann tilbake ballen og spelte den tilbake til Ole Johan Urke som prikka den inn bak keeper frå 17 meter. Få minutt seinare får Urke ein ny sjanse frå omtrent same hald, men denne gong gjekk ballen utanfor. Urke skulle likevel auke til 2-0 får han bankar ballen i nota med venstra frå 18 meter etter flott gjenvinning av Christian Sæther.

Rollon haldt fram med å ha ballen og var også nær redusering, men headinga frå Adnan Idrissi gjekk like over mål. I staden går Norborg opp i 3-0 då Kristian Søviknes viser fram eit rykk ingen har sett på nær 15 år. Han rykte forbi Rollon sin høgrekant, tok tunell på backen og fann Øyvind Sundnes framfor mål som heada ballen sikkert i mål. Like før pause reduserer heimelaget då Jonas Nordal får stå åleine på 16 meteren og prikka ballen i mål heilt inne ved stolpen. Ikkje ulike målet han hadde i serieopninga mot Norborg i fjor.

Laga gjekk dermed til pause med 3-1 til Norborg. Rollon hadde ballen i brorparten av tida, men Norborg vann sjansestatistikken 5-3 i denne omgangen.

Ole Johan Urke måtte ut med skade og då var det klart for Ole-Kristian Aarseth show. Junioren som scora to mål i juniorlagets treningskamp mot Lepsøy måndag ville ikkje vere noko dårlegare denne kvelden. Med eit hav av bakrom å boltre seg i fekk han tre sjansar dei første 11 minutta av 2. omgang. På sin første sjanse lobba han ballen like utanfor, men på sin andre banka han ballen i nota heilt inne ved stolpen etter ein stikker frå Sundnes. Like etter avsluttar han ein stikkar frå Roald iskaldt i mål. Kampen verka punktert, men så var det Rollon sin tur til å vise målteft.

Peter Drabløs reduserte til 2-5 på ei heading etter corner. Adnan Idrissi ordna 3-5 på eit skot frå 18 meter. Jonas Nordal skapte ny spenning då han sendte eit frispark frå 35 meter ute ved sidelinja i boge over alle og i mål ved lengste stolpe. Så skapte Idrissi balanse i rekneskapet då han fekk stå åleine ved bakre stolpe å putte ballen enkelt i mål. Rollon brukte 14 minutt på å hente opp 1-5. Kjekt for heimelaget, men flaut av dei oransje.

Norborg var likevel ikkje ferdig for dagen og slo tilbake då Elling Mikal Kalvø heada inn eit innlegg frå Johann Fiskergård. Dermed fekk vi smått utrulege 5-6. Totalt 11 mål på 17 sjansar. Det manglar dermed ikkje på effektiviteten for dei to laga.

Christian Sæther stod fram som Norborg sin bestemann i ein rotete kamp av Norborg. Bra defensivt første timen og giftig når ein først kom seg i angrep. Siste halvtimen så slepp Rollon for lett til og ein fekk bølge på bølge mot seg. Likevel, ei god treningsøkt. Neste oppgåve er AaFK2 torsdag 3. april kl. 1830 i Uggedalen.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 85) – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Erlend Coates (C. Sæther, 81), Daniel Aakre (Johann Fiskergård, 57) – Ole Johan Urke (Ole-Kristian Aarseth, 46), Mathias Fjørtoft, Christian Sæther (Ole Marius Otterlei, 57), Øyvind Sundnes (Knut Øyvind Grytten, 57) – Joakim Roald, Alexander Eide (Ø. Sundnes, 81).

Dommar: Jan Lund (Godøy)