Norborg – Arna-Bjørnar 1-1

Norborg – Arna-Bjørnar 1-1 (0-0)
Uggedal KGB, 18.10.2014

Sjansar: 7-3
Cornere: 7-5

1-0 Kristoffer Søviknes (64)
1-1 Vegard Agdestein (93)

Norborg måtte for andre helga på rad sjå motstanderen score på overtid og dermed gå glipp av alle poenga. Norborg skapte dei fleste sjansane og burde ha avgjort denne kampen lenge før Vegard Agdestein utlikna 2,5 minutt på overtid. Men nok ein gong er Norborg ineffektiv og greier ikkje å score meir enn det eine målet til Kristoffer Søviknes. – Samme gamle leksa. No er vi veldig skuffa. Vi gjer ingen god kamp, men skaper flest sjansar og burde ha vunne, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen. Poengdelinga gjer at Norborg rykker ned til 4. divisjon.

Norborg tilreiv seg etter kort tid initiativet i kampen og spelte seg fram til sin første sjanse i det 7. minutt då Kristoffer Hildrestrand kom seg rundt på venstrekanten og fann Daniel Aakre framfor mål. Avslutninga frå Aakre gjekk like over mål. Norborg fortsette å ha trykket, men sleit med å skape sjansar. Det fysisk sterke Arna-Bjørnar laget forsvarte seg godt, men like før halvtimen spelt er det berre ei lang tå frå keeperen som hindrar Øyvind Sundnes mål etter at Aakre kom seg rundt på høgrekanten.

I det siste kvarteret dalte tempoet i Norborg sitt spel og gjestane kom meir med. Fire minutt før pause dribla Espen Fedje seg fram til A-B sin første sjanse i kampen, men skotet frå noko skrått hald gjekk utanfor.

Totalt sett ein sjansefattig omgang der Norborg hadde ballen mest, men skapte få klare sjansar.

Norborg hadde mindre ball i 2. omgang, men skapte då fleire gode sjansar. Allereie i opningsminuttet var Daniel Aakre nær ved å gi Norborg leiinga då han vart spelt fri, men forsøket åleine med keeper gjekk over mål. Tjue minutt ut i omgangen tok så Norborg leiinga då Kristoffer Hildrestrand kom seg rundt på kant og fann Kristoffer Søviknes framfor mål. Søviknes plasserte ballen fint ute ved stolpen frå 10 meter. Norborg hadde sine sjansar til å auke leiinga, men verken Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Hildrestrand eller Øyvind Sundnes fann vegen til nettmaskene.

I det siste kvarteret kobla Arna-Bjørnar eit grep om kampen og sendte fleire folk i angrep i jakt på si utlikning. På overtid fekk så rutinerte Vegard Agdestein sjansen etter at ein Arna-Bjørnar spelar vann ein duell ute på kanten og spelte ut til Agdestein som sendte ballen i mål frå 10 meter. 1-1, og Norborg sin draum om 3. divisjon i 2015 vart knust.

Norborg gjorde ingen god kamp, men var likevel betre i banespel enn sine gjestar frå Arna. Ein skapte nok sjansar til å punktere kampen før Arna-Bjørnar starta å kaste stadig fleire spelarar i angrep og til slutt fekk den sjansen dei trengte for å utlikne.

Neste kamp for Norborg er borte mot Eid laurdag 25. oktober kl. 15.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Christian Sæther (Ole-Kristian Aarseth, 89) – Kristoffer Hildrestrand, Tarjei Urkedal, Mathias Fjørtoft (Ole Johan Urke, 70), Daniel Aakre – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes.