Norborg – AaFK2 0-2

Norborg – AaFK2 0-2 (0-1)
Uggedal KGB, 03.04.14

Sjansar: 4-9
Cornere: 5-3

0-1 ? (39)
0-2 ? (46)

Norborg makta ikkje å score på AaFK2 sitt unge mannskap under perfekte speletilhøve i Uggedalen torsdag kveld, men fekk i alle fall ei god løpsøkt utan ball. AaFK2 putta eitt mål på corner like før pause og eitt på frispark sekunder ut i 2. omgang, og tok dermed ein fortent siger.

Norborg skulle få seg ei brukbar løpsøkt i kampen mot det balltrillande AaFK-laget. Norborg på si side evna lite med ballen i laget, men vi er likevel ikkje bekymra.

AaFK2 kom best i gong og var to gongar åleine med Norborg-keeper Ronald Søvik Olsen i løpet av det første kvarteret, men sistnemnde viste seg fram med flotte beinparader. Norborg kom meir med etter kvart og både Elling Mikal Kalvø og Joakim Roald fekk sjansen til å gi Norborg leiinga, men makta ikkje å få ballen i mål.

Dryge fem minutt før pause får AaFK2 corner. Ballen trippa gjennom feltet utan at Norborg får klarert. Til slutt får ein AaFK-spelar beina ballen i mål frå 5 meters hald.

2. omgang startar på verst tenkelege måte for heimelaget då AaFK2 går opp i 2-0 på eit frisparkinnlegg frå langt hald. Bortsett frå ein stor sjanse til Joakim Roald – lobb over mål frå 20 meter – så skjer det frykteleg lite fram til dei siste fem minutta. Då får AaFK2 nokre store sjansar, men Norborgs bestemann, midtstoppar Kjell Terje Brusdal, redda Norborg frå eit større tap. Norborg og Kristoffer Søviknes hadde også sjansen til å score i sluttminutta, men keeper redda avslutninga.

Ein grei defansiv kamp av Norborg om vi ser bort frå det første kvarteret og dei siste fem minutta. Måla i mot kjem etter konsentrasjonssvikt på dødball. Offensivt så skaper ein lite og ein fann aldri rytme i spelet.

Neste kamp er heime mot Stranda tysdag 13. april kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Joakim Kjærstad, 46) – Ole Marius Otterlei, Kjell Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Johann Fiskergård, 76), Elling Mikal Kalvø (Knut Øyvind Grytten, 72), Mathias Fjørtoft, Ole-Kristian Aarseth – Joakim Roald (Tarjei Urkedal, 65), Alexander Eide (Kristoffer Søviknes, 65).

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistenter: Arild Vegsund og Helge Uggedal.