Skodje – Norborg 0-5

Skodje – Norborg 0-5 (0-2)
Skodje KGB, 12.10.13

Sjansar: 5-11
Cornere: 3-13

0-1 Kristoffer Søviknes (22)
0-2 Cato Longva (43)
0-3 Ole Marius Otterlei (59)
0-4 Christian Sæther (64)
0-5 Cato Longva (68)

Etter ei turbulent veke slo Norborg kraftig tilbake å banka formlaget Skodje. Eit disiplinert Norborg-lag tok tak i kampen frå start av og spelte god fotball. – Deilig å slå tilbake etter at mange har tvilt på oss, men oss sjøl veit kva vi kan og det fekk oss vist omverdenen i dag, sa Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.

Norborg har nytta den siste veka godt, og det fekk vi sjå mot Skodje i dag. Spelarane opptrådte langt meir konsentrerte og jobba hardt. I tillegg viste laget seg som langt meir spelande enn ein har gjort tidlegare i haust. Det vart dermed festfotball mot Skodje.

Norborg starta kampen best og kom seg til nokre brukbare sjansar dei første tjue minutta utan resultat. I det 22. minutt kom endeleg målet då Ole Johan Urke sitt innlegg trefte pannebrasken til Kristoffer Søviknes og ballen gjekk utagbart i mål. Norborgarane, som var i fleirtal på tribuna, kunne sleppe jubelen laus.

Skodje hadde sin beste periode etter målet, og både Thomas Honningdal, Tobias Sortehaug og Eivind Erstad hadde sjansen til å score, men vart enten stoppa av ein opplagt Geir Roar Gamlem i mål, eller oppofrande forsvarsspel.

Etter ein kort periode med Skodje-dominans tok Norborg igjen over kampen, og to minutt før pause header Cato Longva inn 2-0 på corner av Ole Johan Urke. Fortent leiing til pause for eit velspelande Norborg-lag.

Norborg forventa at Skodje skulle gå hardt ut etter pause, men så skjedde ikkje. Norborg styrte kampen og produserte farlegheiter framfor mål. 3-0 målet like før timen var likevel noko tilfeldig då Ole Marius Otterlei sitt innlegg absolutt ikkje treff nokon Norborg-spelar, men i staden går i ei fin boge over keeper og i nota ved bortaste stolpe.

Norborg sitt fjerde og femte mål kom etter praktangrep og kliniske avslutningar. Først er det Christian Sæther som etter mange trekk skyt ballen i mål frå 13 meter etter at Tarjei Urkedal la ballen 45. 5-0 målet til Cato Longva er ganske likt med fin fotball før Daniel Aakre la ballen flott til rette for Cato som plasserte ballen utagbart i krysset frå 15 meter. Vakkert!

Skodje hadde nokre sjansar til å få ballen i mål, men når det først skjedde så var det offside. Skodje sakna sårt Eirik Høivik og Eirik Hjelvik, og vi fekk ikkje sjå noko av den gode fotballen dei har spelt i år.

Mange gode på Norborg denne gong. Mathias Fjørtoft var dominant på midtbana og Tarjei Urkedal jobba knallhardt over heile bana.

Neste kamp er heime mot Ørsta fredag 18. oktober kl. 1830. Vi håper mange tek turen for å sjå den spennande avslutninga i 4. divisjon. Rollon vann i dag 4-1 borte mot Hareid og ligg berre poenget bak Norborg i jakta på KM-tittelen i 4. divisjon.

Laget: Geir Roar Gamlem – Ole Marius Otterlei (Kristian Søviknes, 77), Elling Mikal Kalvø (Erlend Coates, 72), Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre (Preben Lorgen, 72) – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Mathias Fjørtoft (Joakim Roald, 77), Cato Longva (Ole-Kristian Aarseth, 72) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Alexander Eide, 72).

Norborg sine målscorarar har lagt seg. Christian Sæther, Cato Longva, Kristoffer Søviknes og Ole Marius Otterlei.