Norborg – Skodje 3-2

Norborg – Skodje 3-2 (0-1)
Uggedal stadion, 20.06.13

Sjansar: 7-5
Cornere: 4-4

0-1 Håkon Opsal (27)
0-2 Sondre Beite (53)
1-2 Hans Edvard Nordang (str. 60)
2-2 Cato Longva (63)
3-2 Kristian Søviknes (73)

Tilskodarar: 110 + ungar (gratis)

Norborg stakk til slutt av med sigeren etter at Skodje sjokkopna og leia 0-2. Skodje tok nok heimelaget på senga med høgt press og voldsam aggressivitet. Dei leia dermed fullt fortent til pause, men i 2. omgang hadde Norborg fått opp tenningsnivået og løfta spelet sitt. Sjølv om Skodje auka leiinga si fortsette heimelaget å trykke på og fekk til slutt løn for strevet. Norborg tangerte dermed klubbrekorden med 5 strake sigrar.

Skodje overraska Norborg med høgt press og stor aggressivitet og var det klart beste laget før pause. Ikkje berre var innsatsen større hos gjestane, men også ballbehandlinga. Etter eit litt oppjaga første kvarter er det Eivind Erstad som kjem seg til kampen sin første sjanse 16 minutt ut i kampen, men headinga hans frå kloss hald vart slått til corner av keeper Joakim Kjærstad. Nokre minutt seinare er Erstad frampå igjen, men denne gong går ballen like utanfor.

Norborg får lite til, men halvvegs ut i omgangen er ein endeleg i angrep og Ole Johan Urke klemmer til fra 15 meter, men diverre rett på keeper Brede Waag. Skodje fortsetter sitt gode og oppofrande spel, og i det 27. minutt tek ein fortent leiinga då Håkon Opsal runder keeper og skyt mot mål. Der står Norborg-forsvarar Kristian Søviknes og beinar ballen ut, men assistentdommar markerer for mål.

Norborg kom litt meir med det siste kvarteret og hadde Ole Johan Urke og Tarjei Urkedal hatt litt betre kommunikasjon, så hadde det nok stått 1-1, men begge var ivrig på å score og kolliderte i kvar andre så dei gjekk i bakken og Skodje fekk avklart.

Norborg viste nok ein gong sitt botnnivå. Ein stod på hælane i dei fleste situasjonane og hadde svak pasningskvalitet. Dermed fullt fortent Skodje-leiing til pause.

Spelarane var lite nøgd med eigen innsats og fann tenninga under garderobepraten. Ein gjekk på bana med ei heilt anna innstilling og tok umiddelbart over kampen. Både Daniel Aakre og Kristoffer Søviknes fekk kvar sin store sjanse, men keeper Brede Waag redda glimrande. Men i staden for utlikning er det Skodje som aukar til 0-2 etter at Norborg har hatt corner. Skodje storma i angrep og kom 5 mot 2 der til slutt Sondre Beite sette ballen iskaldt i mål.

Norborg gav likevel ikkje opp og ein time ut i kampen får ein straffe då keeper Waag kom nokre hunderdeler for seint på eit innlegg og tok Kristoffer Søviknes i staden for ball. Dommar Løken peikar på straffemerket og Hans Edvard Nordang sette sikkert inn Norborg si redusering. Heimelaget hiv no på endå meir kol og tre minutt seinare er utlikninga eit faktum då Even Vestavik skyt via Cato Longva og i mål etter forarbeid av Tarjei Urkedal. Ti minutt seinare sette Kristian Søviknes ballen direkte i mål etter corner. I følge assistendommar var ballen halvvegs inne når keeper Waag sendte den i nettmaskene. Dermed blir Søviknes kreditert målet. Norborg har snudd kampen på under eit kvarter og er også nær eit fjerde mål då eit tilsynelatande ufarleg skot frå Ole Johan Urke blir fomla i stolpen og ut av keeper Waag.

Skodje fekk sin sjanse til å utlikne då Eivind Erstad stussa eit innlegg like utanfor mål ti minutt før slutt. Etter dette hadde Norborg god kontroll på kampen og kunne juble for tre poeng.

Norborg har dermed vunne samtlege tre kampar ein har kome under 0-1, og snur for andre gong 0-2 til 3-2 siger. Det viser styrke. Norborg sin bestemannspris gir vi i dag til Even Vestavik. Han jobba godt og vann mange ballar. Hadde det ikkje vore for måltjuven Longva så hadde han også fått seg eit mål.

Sidan Rollon gjekk på eit uventa tap for Hareid, er Norborg åleine på topp i 4. divisjon. Neste kamp er borte mot Ørsta torsdag 27. juni.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Eirik Tomren, 82), Even Vestavik, Preben Lorgen (Frank Dalhaug, 21), Tarjei Urkedal – Cato Longva, Kristoffer Søviknes.


Cato Longva og Hans Edvard Nordang scora kvart sitt mål mot Skodje.