Norborg – Rollon 2-3 (0-0)
Uggedal stadion, 08.08.13
Sjanser: 6-9
Cornere: 0-3
0-1 Johan Strand (59)
1-1 Kristoffer Søviknes (62)
1-2 Christoffer Alnes (77)
1-3 Johan Strand (88)
2-3 Ole Marius Otterlei (94)
Norborg måtte sjå seg slått for andre gong i år av Rollon i ein lite velspelt, men spennande kamp. Laga gjekk mållause til pause i ein omgang der Rollon hadde spelet, men sleit med å skape sjansar mot eit kompakt og defensivt heimelag. Norborg gjekk litt meir offensivt til verks etter pause, men sleit med å etablere noko trykk. Kampen opna seg opp, men Rollon var hakket betre og hadde marginane med seg. Johan Strand vart kampens store spelar med to mål.
Norborg mangla ei halv startoppstilling av det mest nytta laget i vår, samt trenar Oddmund Davik Otterlei i kveldens toppoppgjer mot Rollon. Likevel gav ein eit nær toppa Rollon-lag kamp heilt inn til døra.
1. omgang vart ein stillingskrig. Norborg la seg defensivt i ein 4-5-1 og lot Rollon få ha ballen mykje utan at det vart skapt så mykje framfor mål. Eit par sjansar kom Rollon seg likevel til. Geir Roar Gamlem måtte strekke seg etter Johan Strand sitt skot frå 17 meter tjue minutt ut i kampen, medan same mann sette ballen i stolpen nokre minutt seinare. Norborg skapte sine sjansar mot slutten av omgangen. Adrian Håbet er nær ved å heade Norborg i føringa etter at Kristian Søviknes sette ballen i tverrliggjaren, medan Erlend Coates ikkje får ballen over streken då han får skjere inn mot mål frå kanten av 16 meteren. Like før pause sette Kristian Søviknes ballen nok ein gong i tverrliggjaren på eit frispark.
Alt i alt ein omgang der Norborg sleit med å gjere noko fornuftig med ballen og vart litt for defensiv i innstillinga.
Etter pause løfter Norborg spelet sitt, men eit kvarter ut i omgangen kontrer Johan Strand inn 0-1 då ballen blir slått i bakrom. Norborg såg ut til å få kontroll over situasjonen då Strand vart takla, men han får tilbake ballen og sette den sikkert i mål. Norborg svarer omtrent med samme mynt nokre minutt seinare. Alexander Eide slår ballen i bakrom til Kristoffer Søviknes, som runder keeper å sette ballen i mål.
Rollon var nær å ta tilbake leiinga då Adnan Idrissi får ein dobbelsjanse, men Norborg får til slutt klarert. Ole Johan Urke får ein stor sjanse til å gi Norborg leiinga, men Rollon får blokkert. Eit kvarter før slutt greier ikkje Norborg å få klarert ein corner. Ballen havner hos Christoffer Alnes som klinka ballen i nota frå 18 meter. I sluttminutta satser Norborg alt framover noko som enda med at Johan Strand kontra inn sitt andre og Rollon sitt tredje mål.
Norborg pressa på for redusering og både Elling Mikal Kalvø og Ole Kristian Aarseth er nær ved å score, men målet kom ikkje før fire minutt på overtid då Ole Marius Otterlei klinka inn 2-3 frå 18 meter. Rollon hadde kontroll i det siste tilleggsminuttet og vann totalt sett fortent.
Neste kamp for Norborg er borte mot Emblem torsdag 15. august. Då er både trenaren, samt Daniel Aakre, Tarjei Urkedal og Cato Longva tilbake.
Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Erlend Coates – Ole Johan Urke, Ole Marius Otterlei, Frank Dalhaug (Preben Lorgen, 33), Christian Sæther (Alexander Eide, 46), Adrian Håbet (Ole Kristian Aarseth, 80) – Kristoffer Søviknes