Norborg – FK Sykkylven 4-4

Norborg – FK Sykkylven 4-4 (3-1)
Uggedal KGB, 27.02.13

Sjansar: 7-8
Hjørnespark: 4-3

1-0 Kristoffer Søviknes (3)
2-0 André Larsen (21)
3-0 Kristoffer Søviknes (38)
3-1 ? (45)
3-2 ? (51)
3-3 ? (61)
3-4 ? (70)
4-4 Cato Longva (87)

Norborg greidde ikkje å halde oppe det nivået ein viste mot Stranda sist, og var nær ved å tape for 5. divisjonslaget FK Sykkylven. Det starta likevel bra for oransjetrøyene og ein leia 3-0 minutter før pause. Sjølv om FKS reduserte like før pause, så var det nok få som såg føre seg den snuoperasjonen som skulle kome. Norborg fekk ingenting til å stemme den første halvtimen av 2. omgang og gjestane fekk gjere nær sagt som dei ville. Det resulterte i tre mål, eit brent straffespark og eit par store sjansar i tillegg. Norborg vakna dei siste ti minutta og skapte eit par store sjansar før Cato Longva redda uavgjort nokre minutt før slutt då han vart spelt fri av Skjalg Volstad.
1. omgang
Kampen opna med ein stor sjanse til gjestane frå Sykkylven, men keeper Joakim Kjærstad og forsvaret fekk etter kvart rydda opp. Der FKS bomma, traff Norborg nokre minutt seinare då Kristoffer Søviknes elegant lobba ballen over keeper og i mål. Omgangen var ganske jamspelt og sjansefattig, men Norborg viste god effektivitet på det lille ein skapte. André Larsen dobla leiinga då han putta ballen i mål etter at keeper måtte gi retur på eit skot i frå Frank Dalhaug. 3-0 kom meir eller mindre ut av ingenting då Kristoffer Søviknes klinte ballen i krysset frå distanse. FKS reduserte like før pause då nølande forsvarsspel gjor at ein FKS-spelar fekk vende opp på 10 meter og sette ballen heilt ute ved stolpen.

Ein temmeleg jamspelt, sjansefattig, men målrik omgang. 4-2 i sjansar, 3-1 i mål.

2. omgang
Ein sjuk Kristoffer Søviknes og ein skada Frank Dalhaug sat igjen i garderoba, men i grunn såg det ut som heile laget sat igjen. FKS var først og best i alt. Som mot Vestnes Varfjell gav ein sine motspelarar tid og rom til å halde på med sitt spel. Samhandling og presisjon fråverande. FKS takka for gjestfriheita og snudde kampen med tre mål på 19 minutt. Ein halvtime ut i omgangen var FKS nær 3-5, men eit straffespark vart sett over mål. Då vakna endeleg Norborg frå dvalen, og både Erlend Coates og André Larsen fekk sin sjanse til å utlikne utan å lykkast. Norborg fortsette å ha eit lite grep om spelet, og tre minutt før slutt fekk ein resultat då Cato Longva scora sikkert etter ein fin stikkar frå Skjalg Volstad.

Kollektiv kollaps av Norborg etter pause, og mot ein så god motstandar som FKS så blir ein straffa. Vi haldt i fjor FKS som eitt av dei betre laga i 4. divisjon, og har stadig same meining sjølv om dei i år skal spele i 5. divisjon. God trening for Norborg mot ein god mostandard ein ikkje skal møte i serien.

Laget: Joakim Kjærstad (Børt Tore Marthinussen, 83) – Kristian Søviknes, Hans Edvard Nordang (Elling Mikal Kalvø, 62), Daniel Aakre, Preben Lorgen – Even Vestavik, Frank Dalhaug (Skalg Volstad, 46), Cato Longva – André Larsen, Kristoffer Søviknes (Erlend Coates, 46), Alexander Eide (Johann Fiskergård, 62).