Norborg – Emblem 2-1

Norborg – Emblem 2-1 (1-0)
Uggedal KGB, 25.04.13

Sjansar: 6-2
Hjørnespark: 5-5

1-0 Adrian Håbet (29)
2-0 Tarjei Urkedal (54)
2-1 Stian Røsgård (88)

Norborg hadde gjort heimeleksa si og tok ein sterk heimesiger over Emblem torsdag kveld. Norborg spelte taktisk særs klokt, hadde stor innsats og kunne ha vunne med større siffer om ein hadde hatt litt meir marginar. – Godt å få ein siger i første heimekamp. Ikkje ein velspelt kamp, men oss var veldig bra defensivt, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.

Etter eit kvarter med litt “ta og føle på” startar Norborg å få eit lite grep om kampen. Etter eit par halvsjansar er det Tarjei Urkedal som får kampen sin første skikkelege sjanse etter flott forarbeid av Daniel Aakre. Sistnemnde fossa inn i 16 meteren og ned mot kortlinja før han fann Tarjei ved nærmaste stolpe, men Emblem fekk så vidt avverja avslutninga til corner. Corneren blir også farleg, men Hans Edvard Nordang sitt skot blir stoppa.

Ein halvtime ut i kampen blir det så hol på byllen då Emblem sin keeper Alexandru Tirziu er på skovtur utanfor 16 meteren og i duell med Cato Longva sender ballen til Adrian Håbet som iskaldt setter ballen i ei fin boge over alle og i nettmaskene til 1-0. Minutter seinare er same mann nær å doble leiinga då han får ein stikkar i bakrom av Kristoffer Søviknes, men Adrian kjem litt for nærme keeper og avslutninga blir redda.

I vinter så framstod Emblem som reine Barcelona, men i kveldens kamp vart det omtrent utan unntak slått langt mot angriparar som var underlegne i lufta. Norborg hadde dermed full kontroll omgangen igjennom og vi noterte berre eit par halvsjansar til Emblem mot Norborg sine fire sjansar. Dermed ei fortent leiing til heimelaget ved pause.

2. omgang var tett og sjansefattig. Tarjei Urkedal dobla Norborg si leiing før ti minutt var spelt då han mottek ballen utanfor 16 meteren, vender opp, stormar inn i 16 meteren og tuppar ballen i lengste stolpe og i mål. Norborg fortsette med å vere defensivt sterke og vann alle duellar i eigen 16 meter. Halvvegs ut i omgangen er ein også nær eit tredje mål då Even Vestavik fann Daniel Aakre sitt hovud omtrent ved straffemerket, men headinga gjekk like utanfor.

Ti minutt før slutt må ein stort sett arbeidsledig Joakim Kjærstad vise seg fram då Emblem fyrer av eit godt frispark frå 20 meter. Eit par minutt før slutt må likevel Joakim kapitulere då distansen har blitt 40 meter. Stian Røsgård klinkar frisparket i mål bak eit forfjamsa heimelag. Dermed vart det ny og unødvendig spenning på slutten i ein kamp Norborg hadde kontroll på. Kontroll hadde ein også på overtida og tre fortente poeng vart verande i Uggedalen.

Medan arbeidsinnsatsen varte i 30 minutt mot Rollon, var den til stades gjennom heile kampen denne gong. Det starta på topp og forplanta seg bakover til dei suverene midtstopparane Elling Mikal Kalvø og Hans Edvard Nordang. Vi trekker også fram vår unge nykomar Daniel Aakre. Emblem angreip for det meste på hans side, men Daniel løyste oppgåva utmerket og bidrog også positivt framover.

Neste oppgåve for Norborg er borte mot Blindheim 2. mai kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Tarjei Gjerset Urkedal (Eirik Tomren, 87), Even Vestavik, Preben Lorgen (Christian Sæther, 83), Adrian Håbet – Cato Longva, Kristoffer Søviknes.

På notatblokka:
19 min: Tarjei med sjanse frå kloss hald etter forarbeid av Daniel, men avslutninga blir så vidt avverja til corner.
20 min: Hans Edvard er nær mål etter corner. Emblem får stoppa skotet som er på veg mot nettmaskene.
29 min: 1-0. Adrian med elegant lobb frå ca. 20 etter at keeper har vore på ein liten skovtur.
33 min: Adrian med ny sjanse etter stikkar frå Kristoffer. Keeper reddar forsøket.

54 min: 2-0. Tarjei vender vekk mann, tar med seg ball inn i 16 meteren og sette den stolpe inn.
63 min: Even finn Daniel sitt hovud på omlag straffemerket, men ballen går halvmeteren utanfor.
79 min: Frispark Emblem. Joakim strekker seg så lang han er og reddar forsøket frå om lag 22 meter.
88 min: 2-1. Stian Røsgård klinkar inn frispark frå 40 meter.