Norborg – ÅVK 2-1

Norborg – Åram/Vanylvskameratane 2-1 (0-0)
Uggedal KGB, 19.09.13

Sjansar: 6-6
Cornere: 5-7

1-0 Ole Marius Otterlei (93)
1-1 Magne Brobakke (94)
2-1 Kristoffer Søviknes (95)

Etter keisame 92 minutt eksploderte kampen ut i fullt liv. Først scora Ole Marius Otterlei direkte frå corner, men før jubelen til norborgarane fekk lagt seg utlikna Magne Brobakke til det som såg ut til eit fortent uavgjortresultat. Men, etter eit par trekk frå løysing klinka Norborg ballen opp i straffefeltet og der ofra Kristoffer Søviknes alt for å heade Norborg i ny føring og norborgarane gjekk bananas. – Heilt vanvittig! Ej he ikkje vore med på maken, sa Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.

Dei første tjue minutta var temmeleg underhaldande med sjansar til begge lag. Den største då Norborg sin Adrian Håbet storma mot mål, men i staden for å avslutte sjølv prøvde han å finne Kristoffer Søviknes framfor mål, noko han for så vidt gjorde, men Søviknes sleiva ballen utanfor det opne målet. Dei siste 25 minutta av 1. omgang var eit langt gjesp med to lag som var godt organisert defensivt og lykkast lite med det offensive. Uavgjort til pause var dermed greit.

ÅVK starta 2. omgang best og produserte eit par sjansar det første kvarteret før dei offensive bidraga igjen roa seg. Norborg greidde heller ikkje å skape stort og det heile såg ut til å gå mot 0-0. – Berre blås av. Her skjer det ingenting, ropte ein Norborg-supportar til dommaren i det vi nærma oss 90 minutt. Snakk om å ta feil.

Norborg har hatt for vane å avgjere i sluttminutta, og slik skulle det bli denne gong også. Tre minutt på overtid sette Ole Marius Otterlei inn 1-0 direkte frå corner. Alle trudde dette vart vinnarmålet, men nei. ÅVK slo direkte tilbake frå avspark og Magne Brobakke utlikna. Norborg tek slukøra avspark, ballen blir spelt tilbake til høgreback Christian Sæther som klinka ballen inn i 16 meteren der Kristoffer Søviknes vinn duellen med keeper og styrer ballen i mål til 2-1. Ei fantastisk avslutning på ein kamp som i løpet av dei første 90 minutta må ha vore den mest keisame som har blitt spelt i Uggedalen.

Det godt organiserte ÅVK-laget fortente nok ikkje å tape dette, men Norborg har det lille ekstra i årets sesong og kunne innkassere årets 13. siger.

Neste kamp er borte mot Godøy laurdag 28. september kl. 1430. – Det blir ein knalltøff kamp og den første av mange “cupfinalar” for begge lag, sa Otterlei etter kampen.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes (Ole Marius Otterlei, 46), Erlend Coates, Hans Edvard Nordang, Preben Lorgen (Christian Sæther, 71) – Ole Johan Urke (Ole-Kristian Aarseth, 84), Mathias Fjørtoft, Tarjei Urkedal, Adrian Håbet (Kjell Terje Brusdal, 95) – Cato Longva (Alexander Eide, 90), Kristoffer Søviknes.