Ørsta – Norborg 5-2 (5-2)
Ørsta KGB, 31.05.12
Sjansar: 7-7
Cornere: 4-4
1-0 Terje Rebbestad (3)
2-0 Mats Øvrebotten (24)
3-0 Mats Øvrebotten (26)
4-0 Terje Rebbestad (31)
5-0 Vetle Dagfinrud (38)
5-1 Kristoffer Søviknes (41)
5-2 Kristoffer Søviknes (43)
Norborg hang ikkje med i det heiletatt når Terje Rebbestad bydde opp til dans. Han gjorde som han ville og sørga saman med Mars Øvrebotten for at kampen var punktert etter dryge halvtimen. Norborg kom seg etter kvart til hektene og fekk pynta på resultatet før pause. Norborg heva seg etter pause og var nær redusering eit par gongar mot eit heimelag som var nøgd for dagen. Faktisk jamnt i sjanseprotokollen, men Ørsta var likevel det klart beste laget og vann fortent.
Norborg tok torsdag kveld turen til Ørsta med eit lite håp om å røve med seg eitt poeng heim. For sjølv om Norborg låg fleire plassar over Ørsta på tabellen, rekna ein dette for ein av dei tre vanskelegaste bortekampane i divisjonen.
Det opna faktisk ikkje så verst. I opningsminuttet kom Ole Johan Urke seg til ein halvsjanse, men avslutta over. Minuttet seinare vart Kristoffer Søviknes spelt igjennom, men frå litt skrått hald avslutta han svakt med venstrefoten. Her hadde nok Kristoffer betre tid enn han trudde. Tre minutt ut i kampen glapp det for første gong hos Norborg sitt forsvar og midtbane. Kai Henning Leira vann ballen på midten og sende den mot Terje Rebbestad på venstreflanken. Han sprang frå det som var av forsvararar og scora åleine med keeper. 1-0, og eit prov på kva som skulle bli gjengangsmelodien seinare i omgangen.
Norborg kom seg til eit par sjansar til å utlikne, men verken Alexander Eide eller André Larsen fann nettmaskene frå kloss hald. Heller ikkje Kristoffer greidde å overliste keeper Nikolai Engeset då han igjen var igjennom på venstresida.
Sjølv om Norborg hadde skapt fleire situasjonar framfor Ørsta sitt mål var det likevel noko sløvt over gjengen frå Haram, og det skulle ein verkeleg bli straffa for i ein kvarters periode. Frå det 24. til det 38. minutt auka Ørsta leiinga si frå 1-0 til 5-0. Flott angrepsspel av Ørsta mot statistane frå Norborg. Mats Øvrebotten gjorde 2-0 då han plasserte seg lurt og banka inn ei svak klarering. 3-0 er det også Øvrebotten som gjer då han blir servert av Leira og klinkar ballen i mål frå 15 meter. 4-0 er nærmast ein kopi av 1-0 då Rebbestad igjen spring frå alle og scorar åleine med keeper, medan Vetle Dagfinrud utnyttar nok ein feil av Norborg sitt forsvar og plasserar ballen i nota frå 10 meter. Kampen var meir eller mindre over etter dette kvarteret der Norborg ikkje hang saman i det heile. Stor avstand mellom lagdelane, grove pasningsfeil og manglande markering av motspelarar. Ein total kollektiv kollaps.
Ein ting skal Norborg sine spelarar ha. Ein gir aldri opp. På to minutt mot slutten av omgangen reduserte Kristoffer Søviknes to gongar og gav laget eit lite håp om å skape spenning etter pause. Først vart han flikka igjennom av Alexander Eide og plasserte ballen roleg nede ved venstre stolperot. Så lobbar han ballen elegant over keeper etter ball i bakrom av Ole Marius Otterlei.
Norborg forsøkte å stå høgare med laget etter pause og la eit lite press på heimelaget det første kvarteret. Ein kom seg til ein del innlegg, men dei fann som regel Ørsta sin gode keeper. Tarjei Urkedal var likevel nær redusering då eit frisparkinnlegg av Ole Marius Otterlei vart stussa vidare av Kristoffer Søviknes og fann Tarjei på bakre stolpe, men headinga gjekk utanfor mål. Utover omgangen dabba Norborg av og Ørsta hadde full kontroll på kampen og vann fortent.
Ser vi bort i frå ein kvarters periode i 1. omgang så var det ein temmeleg jamn kamp. Ørsta hadde som venta ballen mest, men Norborg skapte likevel ein del situasjonar framfor Ørsta sitt mål. Norborg må gløyme dei første førti, for det var ikkje dette laget verdig, og bygge vidare på dei siste femti då ein greidde å spele tidvis god fotball.
Norborg sin bestemannspris gir vi til 2-målsscorar Kristoffer Søviknes med Ole Marius Otterlei som ein god nummer to.
Neste kamp for Norborg er heime mot Blindheim torsdag 7. juni kl. 1830.
Laget: Geir Roar Gamlem – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Torgeir Garshol (Kristian Søviknes, 64) – Ole Johan Urke, Christian Sæther, André Larsen, Tarjei Urkedal – Alexander Eide (Jan Even Drønnesund, 75), Kristoffer Søviknes.
Kamphendingar:
1 min: Ole Johan Urke får rom utanfor 16 meteren, men skyt over mål. Brukbar halvsjanse.
2 min: Kristoffer Søviknes er igjennom, men skrått hald, feil fot og svak avslutning.
3 min: 1-0. Rebbestad utnyttar forsvarstabbe og scorer åleine med keeper.
8 min: Norborg bygg opp eit angrep med fint pasningsspel. Tarjei Urkedal får ball på kant og legg inn til Alexander Eide som header utanfor.
10 min: Urke corner til André Larsen som avsluttar over frå 5 meter. Norborg nær redusering her.
11 min: Mats Øvrebotten får stå umarkert framfor mål, men headar utanfor.
14 min: Kristoffer igjennom, men igjen er det litt skrått og svak avslutning. Burde ha spelt Tarjei som var på opent mål.
20 min: Innlegg av Ole Marius Otterlei. Kristoffer og Tarjei kjempar om å få heade. Keeper reddar enkelt.
23 min: Dagfinrud med sjanse, men Geir Roar Gamlem reddar forsøket.
24 min: 2-0. Øvrebotten putter etter svak klarering.
26 min: 3-0. Øvrebotten klinkar ballen i mål frå 15 meter.
31 min: 4-0. Rebbestad putter åleine med keeper.
38 min: 5-0. Dagfinrud utnytter at Norborg opptrer som forvirra høns i forsvar og punkterer kampen for godt.
41 min: 5-1. Kristoffer Søviknes putter åleine med keeper etter å ha blitt flikka igjennom av Alexander Eide.
43 min: 5-2. Kristoffer Søviknes lobber over keeper etter ball i bakrom av Ole Marius Otterlei.
54 min: Kristoffer Søviknes stussar eit frispark av Ole Marius Otterlei vidare i feltet til Tarjei Urkedal som headar utanfor.
85 min: Christian Sæther spelar igjennom Tarjei Urkedal, men han greier ikkje å overliste keeper Engeset som slår til corner.
87 min: André Larsen får gult kort då han tek eit innlegg frå Kristian Søviknes med hendene. Bak han kom Tarjei klar til å score. Hadde gitt 1. plass på Vur Derersens “teit” liste.
Kristoffer Søviknes scora to, men det haldt ikkje mot Ørsta sine fem satt inn av Mats Øvrebotten, Vetle Dagfinrud og Terje Rebbestad.