Norborg – Skodje 2-0 (0-0)
Uggedal stadion, 06.09.12
Sjansar: 12-1
Cornere: 6-0
1-0 André Larsen (69)
2-0 Christian Sæther (str. 72)
Norborg dominerte stort i nabooppgjeret mot Skodje, men det tok heile 69 minutt før ein fann vegen til nettmaskene. Etter dette var sigeren aldri truga og Norborg vann enkelt 2-0 mot eit svakt Skodje-lag.
Norborg tok tidleg tak i kampen mot eit redusert Skodje-lag og skapte fleire sjansar til å ta leiinga før pause, men Ole Johan Urke traff stolpen, Kristoffer Søviknes greidde ikkje å overliste keeper Espen Skarbø trass to store sjansar og både Alexander Eide og Tarjei Urkedal måtte sjå sine headingar blir redda. Sistnemndes på strek av ein utespelar. Skodje hadde ingen ting å by på framover og laga gjekk dermed til pause med 0-0.
Norborg fortsette å styre kampen i 2. omgang. Tarjei Urkedal var igjennom åleine med keeper etter få minutt, men heller ikkje denne gong fekk ein overlista Skarbø i Skodje-målet. Skodje sin einaste sjanse i kampen, eit skot frå kanten av 16 meteren, kom fire minutt ut i omgangen, men Geir Roar Gamlem redda skotet. Omgangen elles fortsette som før pause. Norborg hadde ballen og skapte sjansane. Skodje redda ballen på strek ved eit par høve og Norborg meinte også at ballen var over etter ein corner av Ole Marius Otterlei. Men, 0-0 stod seg fram til det 69. minutt. Då måtte keeper Skarbø kapitulere etter at han gav retur på eit skot frå Kristoffer Søviknes og André Larsen var framme å sette ballen i mål frå kloss hald til meir lettelse enn glede i Norborg-leiren. Norborg fekk verkeleg roa nervane tre minutt seinare då Christian Sæther sette inn 2-0 på straffe etter at Kristoffer Søviknes var dytta i ryggen når han var på veg igjennom.
Skodje hadde ingen ting å by på offensivt og Norborg var nærmare 3-0 enn Skodje redusering. Ein fortent siger etter tidenes sjansesløsing. Først på den tiande sjansen vart det mål.
– Vi var betre heile kampen, men målet sat langt inne. Vi får begynne med avslutningstrening, sa Norborg-trenar Roger Grytten etter kampen.
Norborg har no 26 poeng og er tre poeng bak 3. plassen. Neste kamp er borte mot FK Sykkylven torsdag 13. september.
Laget: Geir Roar Gamlem – Ole Marius Otterlei, Kjell Terje Brusdal, Elling Mikal Kalvø, Asgeir Kalvø – Ole Johan Urke, Christian Sæther (Kristian Søviknes, 75), Steffen Grytten (Stian Myklebust, 79), Tarjei Urkedal – Alexander Eide (André Larsen, 62), Kristoffer Søviknes.
Dommar: Øyvind Kringstad (Valder)
Assistentar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) og Martin Solheim (Spjelkavik)