Norborg – Langevåg 2-1

Norborg – Langevåg 2-1 (1-1)
Uggedal stadion, 26.04.12

Sjansar: 6-8
Cornere: 2-9

1-0 Alexander Eide (15)
1-1 Albert Devold (27)
2-1 Steffen Grytten (85)

Steffen Grytten vart den store helten for Norborg då han fem minutt før slutt skrudde ballen i mål frå kanten av 16 meteren. Før den tid fekk tilskodarane i Uggedalen sjå ein jamn kamp med eit hardt kjempande heimelag og eit litt meir fintspelande bortelag. – Ein skikkeleg slitesiger i ein kamp som kunne ha bikka begge veger, men vi viser stor innsats og har marginane med oss framfor begge mål, sa Norborg-trenar Roger Grytten etter kampen.

Norborg starta best på graset i Uggedalen og tok leiinga eit kvarter ut i kampen då Alexander Eide sette ballen i ope mål etter at André Larsen fekk pirka ballen forbi ein utrustande Langevåg-keeper. Norborg var åleine med keeper heile tre gongar dei første tjue minutta, men Egil Gresdal i Langevåg sitt mål stod godt. Langevåg tok gradvis meir over kampen og spelte seg fram til ei rekke hjørnespark. Det var då også på hjørnespark utlikninga skulle kome. Etter fleire mislykka korte hjørnespark la denne gong Johann Valsson ballen presist på Albert Devold sitt hovud. Keeper Geir Roar Gamlem får fingertuppane på ballen, men kan ikkje hindre at den går i nota. Både Norborg og Langevåg får kvar sin sjanse til å ta leiinga før pause, men finn ikkje nettmaskene.

Etter pause skaper Langevåg dei største sjansane, men verken Kristoffer Holmen, Vinjar Vedde eller Albert Devold lykkast med sine forsøk. Norborg er heile tida med på notane, men er noko upresis på den siste tredjedelen av bana. Ein jobba imidlertid hardt og fem minutt før slutt får innbytar Steffen Grytten god tid på kanten av 16 meteren til å sikte seg inn på lengste hjørne. Han skrudde la ballen i fin boge over keeper og i nota. Spelaren som eigentleg la opp hausten 2010 og berre var med som dekning på midtstopparplass, hadde sendt Norborg i føringa. – Vi håper dette gir meirsmak og at vi kan få sjå han på trening, sa ein glad trenar. – Sjansen er vel større no når det blir treningar på gras, svara Steffen.

Langevåg sendte alle mann i angrep på slutten, men Norborg stod det av og kunne juble for tre viktige heimepoeng. Få enkeltspelarar som utmerka seg denne gong. Det var laget som jobba godt i lag, men utan ein opplagt Geir Roar Gamlem i mål, så kunne det fort gått annleis for oransjetrøyene. Han hadde fleire gode involveringar og vi kårar han til Norborg sin beste spelar.

Neste kamp for Norborg er borte mot Valder torsdag 3. mai.

Laget: Geir Roar Gamlem – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Asgeir Kalvø (Torgeir Garshol, 83) – Kristian Søviknes (Steffen Grytten, 77), André Larsen, Christian Sæther (Stian Myklebust, 70), Ole Johan Urke (Trym Nyland, 72) – Kristoffer Søviknes, Alexander Eide (Adrian Holmeset, 88).

Dommar: Fredrik Honningsvåg (Giske) – Ungt og positivt bekjentskap.
Assistentar: Norvald Lausund (Lepsøy) og Runar Iversen (Nardo)

Kamphendelser:
7 min Sebastian Nordal med kampens første sjanse. Vipp i bakrom, men Nordal avslutta over frå god posisjon.
14 min Larsen med kjempeball til Urke, som fosser mot mål, men skyt utanfor.
15 min 1-0 Alecs sette ballen i opent mål etter at Larsen fekk pirka ballen forbi keeper.
17 min Kriss åleine med keeper, men skyt utanfor.

27 min 1-1 Albert Devold header i nota etter corner av Valsson.
31 min Kriss åleine med keeper etter stikkar av Asgeir. Avslutta mitt på keeper.
34 min Kristoffer Holmen med stor sjanse, men skyt over.

49 min Vinjar Vedde med stor sjanse etter at Norborg ikkje får klarert. Geir Roar reddar.
55 min Vedde med ny sjanse, men finn ikkje vegen til nota.

57 min Urke legg inn til Alecs som stussar utanfor.
59 min Devold stussar ein corner utanfor.
75 min Holmen med stor sjanse, men Geir Roar får tåa på ballen.

85 min 2-1 Steffen Grytten curler ballen i lengste.
90 min Holmen skyt over frå 12 meter.