Norborg – Blindheim 6-0 (2-0)
Uggedal stadion, 07.06.12
Sjansar: 15-3
Hjørnespark: 6-2
1-0 Kristoffer Søviknes (13)
2-0 Elling Mikal Kalvø (38)
3-0 Alexander Eide (53)
4-0 Tarjei Gjerset Urkedal (64)
5-0 Ole Marius Otterlei (66)
6-0 Alexander Eide (74)
– Nok ein gong slår vi kraftig tilbake etter tap. Blindheim fekk aldri spele fotball, vi var over alt og vann overbevisande, sa trenar Roger Grytten etter kampen. Norborg var klart best og burde ha vunne med større siffer enn dei 6 ein fekk.
Det var aldri tvil om kvar denne sigeren skulle hamne. Norborg tok kommandoen frå start og var nær leiing ti minutt ut i kampen på ein dobbelsjanse, men først stod ein spelar å redda på strek, så gjekk ballen i tverrliggjar. Fire minutt seinare skulle det likevel bli jubel for heimelaget då Ole Marius Otterlei spelte ballen i bakrom og Kristoffer Søviknes parkerte forsvaret og sette ballen mellom beina på keeper og i mål.
Blindheim heva seg etter målet og la eit lite trykk på heimelaget. Harald Vegsund fekk ein stor sjanse til å utlikne, men avslutninga gjekk utanfor. Likevel, det vart med nokre få minutt der Blindheim førte kampen, for Norborg tok raskt over igjen og skapte sjansar. Store sjansar! Etter at Ole Johan Urke hadde svidd av sin mogelegheit før pause, så kom Kristoffer Søviknes seg til tre store sjansar. To gongar åleine med keeper Andreas Sæter der sistnemnde vann duellen, og ein stuss over mål i duell med keeper.
Med så mange brente sjansar kunne det lett bre seg uro over laget, men sju minutt før pause dobla Elling Mikal Kalvø leiinga då han sette ballen inne ved lengste stolpe frå kanten av 5 meteren etter at Blindheim ikkje fekk klarert eit frisparkinnlegg av Ole Johan Urke.
2-0, og fortent leiing til pause, men den burde ha vore større.
Blindheim og Harald Vegsund spelte seg fram til 2. omgang sin første sjanse, men skotet hans frå 17 meter fekk keeper Kenneth Hånde slått til corner. Etter dette vart det berre Norborg. Alexander Eide gjorde 3-0 då han vann ballen frå Blindheim-forsvaret og scora åleine med keeper. Tarjei Urkedal tuppa inn 4-0 etter hjørnespark frå Ole Johan Urke. Ole Marius Otterlei sette inn 5-0 på eit frispark ute ved sidelinja midt inne på Blindheim sin banehalvdel, medan Alexander Eide fastsette sluttresultatet til 6-0 då han putta ein retur frå keeper i mål etter forarbeid av Kristoffer Søviknes.
Heldigvis for keeper Kenneth Hånde varma sola på Uggedal stadion denne kvelden, for han var temmeleg arbeidsledig, men eit kvarter før slutt måtte han i aksjon med ei feberredning. Likevel, Norborg var nærare sju mål enn Blindheim redusering i sluttminutta. Like før slutt var Kristoffer Søviknes nok ein gong åleine med keeper, menkeeper Sæter fekk beinet på ballen. Norborg sin toppscorar vart dermed ståande med eitt mål i denne kampen. Det burde ha minst vore tre for “urokråka”.
Vel gjennomført kamp av Norborg mot overraskande svak motstand. Blindheim var ikkje til å kjenne igjen frå tidlegare år. Innsats, presisjon og speleglede var totalt vekke i denne kampen. Norborg på si side viste god innsats og varta opp med fleire flotte angrep. Mange gode på Norborg i dag. Kristoffer Søviknes er eit unikum på topp og ein konstant trussel. Spissmakker Alexander Eide er på rett plass til riktig tid og scora to mål. Midtbana jobbar og slit gjennom heile kampen og forsvaret var solid i det meste. Bakerst stod ein keeper 17 år utan eit snev av nervar. Arbeidslaus i store delar av kampen, men varta opp med eit par flotte redningar når det trengtest.
Neste kamp for Norborg er også heime. Denne gong mot Åram/Vanylvskamperatane torsdag kl. 19.
Laget: Kenneth Hånde – Ole Marius Otterlei, Kjell Terje Brusdal, Elling Mikal Kalvø, Torgeir Garshol (Hans Edvard Nordang, 66) – Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 72), Christian P. Sæther, André Larsen, Tarjei Urkedal (Nikolai Ulvestad, 76) – Alexander Eide (Jan Even Drønnesund, 78), Kristoffer Søviknes.
Dommar: Øyvind Kringstad (Valder)
Assistentar: Lars Ove Sletta (Langevåg) og Odd Arne Grande (Skodje)
Flott dømming av ein rutinert trio.
Kamphendingar:
10 min: Dobbelsjanse til Norborg etter corner. Redning på strek og skot i tverrliggjar før Larsen sette ballen utenfor frå dårleg vinkel.
14 min: 1-0. Kristoffer Søviknes spelt fri av Ole Marius Otterlei. Scorer sikkert åleine med keeper.
18 min: Harald Vegsund med stor sjanse. Avsluttar utanfor åleine med keeper frå litt skrått hald.
24 min: Urke skyt over frå god posisjon.
28 min: Kristoffer igjennom, men keeper reddar.
32 min: Kristoffer stusser over i duell med keeper etter frisparkoppspel av Chistian Sæter.
36 min: Kristoffer åleine med keeper, har eit hav av tid men skyt svakt på keeper med venstra.
38 min: 2-0. Elling Mikal Kalvø sette ballen i nota etter at Blindheim ikkje får klarert eit frisparkoppspel av Urke.
45 min: Tarjei slår inn, men headinga til Alexander går over.
50 min: Harald Vegsund skyt i frå 17 meter, men Kenneth får slått til corner.
52 min: 3-0. Småspel i Blindheim sine bakre rekker. Alexander Eide rapper ballen frå Skaar og sette den i mål.
55 min: Alexander speler fri Kristoffer, men hans forsøk på lobb går utanfor.
64 min: 4-0. Tarjei Urkedal putter ein Urke-corner i mål.
66 min: 5-0. Ole Marius Otterlei sitt frisparkinnlegg frå langt hald dalar ned i mål.
74 min: 6-0. Kristoffer bruker farta si og skjer inn i 16 meteren, greier ikkje å overliste keeper, men denne gong er Alexander frampå og putter returen i mål.
76 min: Kenneth Hånde redder eit farleg forsøk frå Blindheim.
88 min: Kristoffer nok ein gong åleine med keeper, men Sæter får ein fot på ballen.
91 min: Christian Sæter er også sugen på mål, men hans forsøk på å sette ballen i lengste vinkel blir plukka av keeper.
Norborg sine målscorarar: Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Alexander Eide, Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal.