Norborg – ÅVK 0-1

Norborg – Åram/Vanylvskameratane 0-1 (0-1)
Uggedal stadion, 14.06.12

Sjansar: 6-8
Cornere: 6-6

0-1 Torgeir Halsen (25)

Norborg gjekk på eit fortent tap då ÅVK gjesta Uggedalen i kveld. ÅVK spelte seg fram til dei fleste sjansane, men sjølve målet kom ut av ingenting. Assistentdommar vinka for offside då Halsen får ballen, dommar vinka han ned sidan ballen kom frå ein norborgar, men det fekk ikkje norborgarane med seg og slutta å spele. Torgeir Halsen oppfatta situasjonen kjapt, snappa ballen og sette den i mål. Norborgarane protesterte, men til ingen nytte. Surt mål, men dommaren hadde rett og Norborg må lære seg å spele til fløyta går. Norborg hadde sin beste periode etter målet og skapte nokre gode sjansar. Etter pause var ÅVK best og vann fortent mot eit heimelag som skuffa stort.

Norborg vart tvungen til å gjere endringar på laget i høve den gode kampen mot Blindheim. Ole Marius Otterlei var borte på ferie, medan Kjell Terje Brusdal måtte stå over grunna ryggproblem. Heller ikkje Hans Edvard Nordang eller Asgeir Kalvø var tilgjengelege og det vart dermed knytt spaning til korleis det nykomponerte forsvaret ville fungere.

Norborg starta kampen nølande. ÅVK vann dei fleste andreballane og spelte med stor aggressivitet. ÅVK sin kaptein Ole Theodor Hovden fekk store rom og strødde 30 meters pasningar ut mot løpsvillege kantar. Norborg opptrådte med store avstandar mellom lagdelane og fekk ikkje tempo på ballen.

25 minutt ut i omgangen gjer Norborg ei rekke feil som skulle vise seg å bli særs kostbart. Etter eit Norborg innkast inne på ÅVK sin halvdel mister ein ballen og ÅVK får sette i gong ei kontring. Denne ser ut til å bli stoppa, men ÅVK vann igjen ballen og sette fart mot Norborg sin 16 meter der Norborg på nytt ser ut til å ha stoppa angrepet, samstundes som assistentdommar vinka for offside. Hovuddommar vinkar korrekt spelet vidare, men norborgarane stoppar likevel å spele. ÅVK spiss Torgeir Halsen oppfattar situasjonen kjapt, tek ballen som ligg død framfor ein Norborg-spelar og sette den i mål. Norborg fekk dermed ein lærepenge om å spele til dommaren bles i fløyta. ÅVK leiar fortent 0-1, men dette målet skulle ha vore unngått.

Målet vekkar Norborg sine spelarar og både Kristoffer Søviknes, Torgeir Garshol, Adrian Håbet og Alexander Eide har store sjansar til å utlikne, men denne gong har ikkje Norborg marginane på si side, samstundes som keeper Geir Berge har ein god kamp. Når ein ikkje lykkast starta Norborg sine spelarar å sutre på kvarandre og gir vekk mange enkle ballar. På slutten av omgangen har ÅVK eit par store sjansar, men greier ikkje å overliste keeper Joakim Kjærstad. Laga går dermed til pause med fortent 0-1 leiing til ÅVK.

I 2. omgang fortsette Norborg sitt svake spel, medan ÅVK er aggressive og fortsette å vinne duellane. På mange måtar spelte gjestane slik Norborg har brukt å gjort på heimebane og har sjansar nok til å gjere 0-2, men svake avslutningar gjor at Norborg framleis var med i kampen. Like før slutt får vi endeleg sjå eit godt angrep av heimelaget då André Larsen kom seg rundt på venstresida og fann Kristoffer Søviknes framfor mål, men Søviknes greidde ikkje å overliste keeper Berge og ÅVK kunne til slutt juble for tre fortente poeng.

Årsverste av Norborg på heimebane med svak innsats, dårleg pasningskvalitet og store avstandar mellom lagdelane. ÅVK var også veldig konsentrert på Kristoffer Søviknes og pakka han godt inn av både to og tre spelarar. Norborg greidde ikkje å utnytte dei romma dette skapte grunna svak presisjon og få spelarar som trua ÅVK sin 16 meter. Alle utespelarane var under venta nivå, og sjølv om Joakim Kjærstad slapp å gjere så mange redningar kårar vi han til Norborg sin beste spelar.

– Mannskapsmangel og dårleg samarbeid mellom dommar og linjemann på scoringa er ein ting, men vi som var der og skulle spele fotball underpresterte. ÅVK var best i det meste. Likevel, ingen grunn til å deppe. Vi skal stå på vidare, sa trenar Roger Grytten etter kampen.

Neste kamp for Norborg er borte mot Spjelkavik. Då må innsatsen og spelegleda vere tilbake.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Christian Sæther, Torgeir Garshol (Jan Even Drønnesund, 46) – Ole Johan Urke, André Larsen, Adrian Håbet, Tarjei Urkedal – Alexander Eide (Skjalg Volstad, 68), Kristoffer Søviknes.

Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)
Assistentar: Kristian Melset (Sykkylven) og Øyvind Kringstad (Valder)

Kamphendingar:
6 min: Farleg angrep av ÅVK, men får ikkje avslutta og Norborg sender ballen til corner.
7 min: ÅVK header corner utanfor.
18 min: Innlegg av Tarjei Urkedal som går i tverrliggjar.
19 min: Farleg corner av Ole Johan Urke. Ballen blir nesten flikka i mål av Elling Mikal Kalvø.

20 min: Skot over av ÅVK frå 19 meter.
25 min: 0-1 Torgeir Halsen. Tragikomisk mål då Norborg sluttar å spele og Halsen sette den i nota.
27 min: Kristoffer Søviknes header frispark like utanfor.
29 min: Adrian Håbet med stor sjanse, men keeper reddar.
33 min: Torgeir Garshol header utanfor.
36 min: Adrian Håbet rundt på kant og finn Alexander Eide framfor mål. Han vender opp, men keeper reddar avslutninga.

38 min: Dobbeltsjanse for ÅVK. Joakim Kjærstad reddar først, medan Christian Sæther redder returforsøket på strek.
45 min: Heading over av ÅVK etter innlegg frå høgre.
60 min: Elling Mikal Kalvø reddar på strek etter skot frå 16 meter.
62 min: Torgeir Halsen runder keeper, men avsluttar utanfor.
64 min: Christian Sæther slår inn i 16m, men Kristoffer Søviknes trøblar med mottaket og får ikkje avslutta.
68 min: Tarjei Urkedal spelar til Kristoffer Søviknes, men han får ikkje dreis på avslutninga.

77 min: Torgeir Halsen med sjanse etter angrep på venstresida.
87 min: André Larsen rundt på venstrekant og finn Kristoffer Søviknes framfor mål, men han greier ikkje å overliste keeper.