MSIL – Norborg 3-3

MSIL – Norborg 3-3 (3-2)
Mauseidvåg KGB, 19.04.12

Sjansar: 10-5
Cornere: 4-4

1-0 Roy Magne Sunde (11)
2-0 Marius Bendik Brækkan (13)
3-0 Marius Bendik Brækkan (21)
3-1 Kristoffer Søviknes (25)
3-2 Asgeir Kalvø (42)
3-3 Elling Mikal Kalvø (90)

Ein merkeleg fotballkamp i Mauseidvågen torsdag kveld. MSIL tok kommandoen omtrent frå start av og leia 3-0 før halvspelt omgang mot eit Norborg-lag som stod med lua i handa. To reduseringar til pause gav håp om poeng i ein omgang som på alle måtar hadde vore svak av Norborg. Etter pause heva spesielt forsvaret seg fleire hakk og sekundar inn på overtid heada Elling Mikal Kalvø inn 3-3 til ellevill jubel. Dermed fekk MSIL smake sin eigen medisin ettersom Norborg gav vekk to store leiingar når ein møttast i fjor.

Etter forholdsvis jamne opningsminutt gjekk Norborg inn i eit kvarter der absolutt ingenting stemte. MSIL ville langt meir, vann duellane, sprang fortare, dribla betre og gjorde Norborg sine spelarar om til småpiker. Etter eit par brente sjansar fann MSIL også vegen til mål då Roy Magne Sunde scora frå kloss hald etter at Geir Roar Gamlem hadde slengt seg så lang han er å redda eit skot nede ved stolperota. Diverre var ingen av Norborg sine spelarar på hogget og fekk klarert returen, men i staden stod MSIL-spelarar i kø for å score. Vi har knapt notert målet på blokka før det står 2-0. Denne gong er det Marius Bendik Brækkan som headar inn eit innlegg frå Stian Hellevik. Brækkan får stå heilt åleine rett framfor mål.

Norborg fekk seg eit lite pusterom etter 2-0, men ved omtrent halvspelt omgang er Brækkan på farta igjen. Denne gong heada han i mål eit innlegg frå Roy Magne Sunde. Kampen verkar punktert og det ligg an til ein flau kamp av Norborg. MSIL sine spelarar trur også kampen er gjort og Norborg kjem meir med. Kristoffer Søviknes heada inn redusering etter innlegg av Tarjei Urkedal. Ti minutt seinare jublar Norborg for eit nytt mål av Kristoffer, men denne gongen blir det avvinka for offside. Nytt håp om poeng får ein tre minutt før pause då Asgeir Kalvø sende av garde ein markkrypar frå 25 meter. Skotet er svakt og ingen ventar at det skal går inn, men MSIL sin keeper er i det gåvmilde hjørnet og slepp det mellom hender og føter så ballen trilla i mål. 3-2, og Norborg er med eitt tilbake i kampen.

MSIL skaper 6 store sjansar mot Norborg sine 2, og gjestane kan seie seg nøgd med å berre vere eitt mål bak i ein grusomt gjennomført omgang.

Langt mindre underhaldning etter pause då Norborg får stramma opp det defensive og vinn langt fleire duellar enn før pause. Norborg skapar sine farlegheiter på dødball, medan MSIL er nære ved på kontringar. Men det blir mykje nesten for begge lag i ein spennande kamp. Elling Mikal Kalvø og Kristoffer Søviknes har dei største sjansane til Norborg, medan Stian Hellevik er nær mål då han sette eit frispark frå 16,5 meter i stolpen.

Dei siste tjue minutta verkar MSIL å ha kontroll. Norborg verkar sletne og greier ikkje å jage etter utlikning. Men, i det klokka nærma seg 90 minutt får ein frispark ute på høgrekanten på høgde med 16 meteren. André Larsen la eit godt frispark og fann Elling Mikal Kalvø som heada ballen i nota. 3-3, Norborg hadde gjort det utrulege og fått tatt ein liten revansje for i fjor. Tre minutt på overtid er ein nær ved å rane til seg alle poenga då MSIL sitt forsvar klønar det til for seg og Tarjei Urkedal snappar ballen. Tarjei var for ein gongs skyld tom for krefter å greidde ikkje å utnytte gratissjansen.

To vidt forskjellege omgangar av Norborg der ein etter pause begynte å vise meir musklar. Likevel, fortsatt litt mykje rusk med enkle balltap grunna svak konentrasjon. Det kunne fort ha straffa seg mot eit kontringssterkt lag som MSIL. Heldigvis hadde ein med ein vaken og god Geir Roar Gamlem i mål, samt at forsvaret spelte seg stort opp. Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal jobba upåklageleg. Ole Marius Otterlei fekk sin seriedebut for Norborg og gjorde eit positivt innhopp.

– Vi får ein frykteleg dårleg start på kampen og viser mangel på vilje og tæl den første halvtimen, men synst gutane jobba seg tilbake i kampen på ein imponerande måte, sa trenar Roger Grytten etter kampen.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Torgeir Garshol (Trym Nyland, 69) – Ole Johan Urke (Ole Marius Otterlei, 53), André Larsen, Christian Sæther (Stian Myklebust, 60), Asgeir Kalvø – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.

Dommar: Zenun Murati (Giske)
Assistentar: Mathias Mo (Spjelkavik) og Geir Tjervåg (Haddal)

Kampforløp:
9 min Marius Brækkan med stor sjanse. Geir Roar redda skotet.
10 min MSIL corner som blir redda på strek.
11 min Roy Magne Sunde sette inn 1-0 frå kloss hald.
13 min Marius Brækkan header inn 2-0.

18 min Halvsjanse til Norborg. Kristoffer legger inn til Tarjei som ikkje får dreis på headinga.
21 min 3-0. Brækkan header inn sitt andre for dagen.
23 min Farleg Norborg corner, men får ikkje avslutta skikkeleg.
25 min 3-1. Kristoffer header inn redusering etter legg av Tarjei.

32 min Fantastisk sjanse til MSIL. Sunde skyt utanfor opent mål frå 2 meter.
36 min Kristoffer sette ballen i mål, men blir avvinka for offside.
42 min 3-2. Asgeir med vådeskot frå 25 meter. Alle tabbers mor av keeper.
51 min Farleg Norborg corner. Elling sitt forsøk blokkert.

57 min Farleg MSIL kontring. Elling får forstyrret så skot gjeng utanfor.
61 min Ny farleg corner av Norborg. Kristoffer heada via stolpen og ut.
71 min Hellevik skyt frispark i stolpen.
80 min MSIL kontring, men blir stoppa på 16.

90 min 3-3. Elling header inn utlikning etter Larsen frispark.
93 min Tarjei snapper ballen på 20 meter, men får ikkje avslutta.