Langevåg – Norborg 1-1 (1-0)
Langevåg stadion, 16.08.12
Sjansar: 9-5
Cornere: 10-4
1-0 Johann Bjørn Valsson (4)
1-1 André Larsen (76)
Norborg stod med lua i handa i opningsminutta og heimelaget tok tidleg leiinga, men oransjetrøyene jobba seg inn i kampen og eit kvarter før slutt utlikna André Larsen etter forarbeid av Kristoffer Søviknes. På slutten var Langevåg nærmast sigeren etter fleire gode kontringar, men Norborg sin keeper Joakim Kjærstad er i form og redda poenget.
– Greit med uavgjort etter ein sløv start av oss, men vi jobba oss inn i kampen og har mykje av spelet den siste timen, sa Roger Grytten.
Hovudverk, allergisk reaksjon og forsinking prega Norborg timen før kampstart, men sjølv om det ikkje såg slik ut så stilte Norborg til start med elleve mann. Medan Norborg sine elleve stod å såg på var Langevåg sine over alt. Kvikkare i steget, betre teknikk og vilje til å vinne duellar gav heimelaget eit overtak det første kvarteret. Det tok heller ikkje meir enn litt over tre minutt før ballen låg i nota då den tidlegare U-landslagsspelaren Glenn Sagdahl spelte vegg med høgrevingen sin og serverte så Johann Bjørn Valsson som putta ballen i mål ved bakerste stolpe.
Langevåg kom seg til ei rekke halvsjansar, men Norborg sitt forsvar fekk som regel ei tå på ballen. Etter kvart starta Norborg å løfte seg på det som må vere Sunnmøre si dårlegaste grasbane. Det meste som vart skapt framfor Langevåg sitt mål kom derfor etter dødballar og heimelaget kan takke både hell og dommar for at det ikkje vart mål eller straffe. Både Elling Mikal Kalvø og Adrian Håbet vart kroka og haldt når dei var i scoringsposisjon utan at dommar reagerte.
Norborg styrte det meste det siste kvarteret av 1. omgang, men like før pause var det berre ei glimrande redning frå keeper Joakim Kjærstad som hindra 2-0 etter ei kontring. Dette skulle også bli kampbiletet etter pause. Norborg hadde ballen, medan Langevåg kontra. Langevåg skapte dei fleste store sjansane, medan Norborg sleit med å trenge seg igjennom heimelaget sitt forsvar. Eit kvarter før slutt skulle ein likevel finne ei opning då Kristoffer Søviknes vann ein duell mot Viglundur Einarsson nede ved cornerflagget, avanserte innover og fann André Larsen på 14 meter som klinka ballen hardt og presist nede ved stolperota.
I sluttminutta spelte Norborg utruleg naivt og mista ballen gong på gong på midtbana når laget var på veg framover. Det gav Langevåg tre store sjansar til å bikke kampen i sin favør, men bakerst hos Norborg stod formspelar Joakim Kjærstad som ein vegg. Dermed enda kampen 1-1.
Norborg sin beste spelar var nok ein gong keeper Joakim Kjærstad. Som mot MSIL fekk han mykje å gjer etter at motstandar kontra. Men Joakim er stor og har vore flink til å stå oppreist lenge nok til å gjere angripar usikker. Fortsett slik.
Neste kamp er heime mot Valder torsdag kl. 1830.
Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Ole Johan Urke – Skjalg Volstad (Kristian Søviknes, 46), Christian Sæther (Hans Edvard Nordang, 89), André Larsen (Alexander Eide, 90), Adrian Håbet – Kristoffer Søviknes, Edward Laverton (Asgeir Kalvø, 73).