Godøy – Norborg 4-4

Godøy – Norborg 4-4 (1-2)
Godøybana, 28.06.12

Sjansar: 9-9
Cornere: 4-6

1-0 Andreas Kiplesund (13)
1-1 Tarjei Urkedal (26)
1-2 Kristoffer Søviknes (45)
1-3 Edward Laverton (76)
1-4 Edward Laverton (80)
2-4 Henning Dyb (83)
3-4 Erlend Holm (86)
4-4 Sven Harald Nyvoll (88)

Det vart spenning til siste sekund då Norborg gjesta Godøy. Norborg såg ut til å ha punktert kampen ti minutt før slutt etter å ha levert ein god 2. omgang etter den noko heldige leiinga ved pause. Dei siste ti minutta vart likevel grusomme for Norborg. Godøy pumpa ballen inn mot Norborg sitt mål og fann effektiviteten. To minutt før slutt satte Sven Harald Nyvoll inn 4-4 til ellevill heimejubel.  Fortent? Absolutt, men særs bittert.

Godøybana er ikkje Norborg si lykkebane. Heile 11 tap på dei 13 siste kampane har det blitt, men denne gong såg det særs lyst ut. Godøy opna kampen med eit skot i tverrliggjar, men Norborg reiv til seg eit initiativet dei neste minutta utan at det vart noko særleg anna enn ein god sjanse for Adrian Håbet. Så tek Godøy fullstendig over kampen. Duellar blir vunne og teknikken stemmer. Etter eit par sjansar sette Andreas Kiplesund eit frispark i mål frå 22 meter. Heimelaget fortsette å vere det beste laget, men så er keeper Robin Giskegjerde uheldig å fomlar ballen i beina på Tarjei Urkedal som enkelt puttar ballen i det tomme målet.

Norborg kom meir med i spelet etter utlikninga og Kristoffer Søviknes får sjansen til å gi Norborg leiinga, men keeper Giskegjerde redda forsøket til corner. Godøy er heller ikkje ufarlege. Fem minutt før pause glepp det i Norborg sitt forsvar og Godøy kjem seg til ein dobbeltsjanse. Keeper Joakim Kjærstad reddar skotet frå 13 meter, medan Kristoffer Valkvæ sette returen utanfor mål. Norborg heldige som ikkje kom under 2-1, men i det dei fleste begynne å leite fram småpengane for å gå i kiosken er det Norborg som går opp i 1-2 då Kristoffer headar inn eit frispark frå Christian P. Sæther.

Godøy med initiativet og eit par sjansar meir enn Norborg, som leverte ein spelemessig svak omgang med mykje feilpasningar og feilval, men så er banetilhøva på Godøya så dårlege at Søvikdalen gras framstår som reine Wembley i forhold.

Norborg framstår som eit langt betre lag etter pause og har full kontroll på heimelaget. Edward Laverton og to gongar Kristoffer Søviknes får gode sjansar til å auke Norborg si leiing. Eit kvarter før slutt finn ein endeleg vegen til nettmaskene då eit innlegg frå Adrian Håbet finn hovudet til Edward. Fire minuttetter  er Edward igjen på farta og tuppar inn ei 70 meterspasning frå Ole Johan Urke. 1-4, Norborg går mot storsiger, men så raknar alt.

Godøy startar å pumpe ballen inn i 16 meteren og skapar store problem for gjestane. Sju minutt før slutt stussar Henning Dyb inn eit frisparkoppspel. Fire minutt før slutt utnyttar Erlend Holm ei forsvarstabbe av Norborg og skyt i mål frå 16 meter. To minutt før slutt er opphentinga sluttført då Sven Harald Nyvoll siktar seg inn på lengste stolpe å skyt eit innlegg frå høgre i mål. 4-4 til ellevill heimejubel, medan Norborg fortvilar over to tapte poeng.

Alt i alt fortente Godøy å få behalde eitt poeng. Laget kjempa som svoltne løver på kvar ein ball og gjorde det vanskeleg for Norborg. Norborg på si side heva seg etter ein litt slett 1. omgang og hadde full kontroll til det gjenstod sju minutt. Eit par personlege feil, manglande kynisme og litt tilfeldigheiter, men likevel, ein skal ikkje gi frå seg tre mål på så kort tid mot divisjonens botnlag.

Edward Laverton vart speleklar for Norborg for nokre dagar sidan og imponerte i sitt comeback for moderklubben. God innsats, god teknikk og to mål. Norborgs beste.

Dette var siste kamp før ferien og Norborg skal seie seg nøgd med 21 poeng på 12 kampar. Neste kamp er heime mot MSIL torsdag 9. august.

Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei (Edward Laverton, 33), Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Ole Johan Urke – Adrian Håbet (Skjalg Volstad, 85), André Larsen, Christian P. Sæther, Tarjei Urkedal – Kristian Søviknes, Kristoffer Søviknes.

Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)

Hendingar:

50 sekund: Godøy skyt i tverrliggjar frå 20 meter.
5 min: Adrian Håbet får sjansen, men finn ikkje vegen til mål.
11 min: Kristoffer Valkvæ med stor sjanse, men glimrande redning av Joakim Kjærstad.
13 min: 1-0. Andreas Kiplesund sette frispark frå 22 i mål.
17 min: Godøy kontring. Skot utanfor.
26 min: 1-1. Tarjei Urkedal får ballen av keeper å scorer.
30 min: Kristoffer Søviknes med godt forsøk, men keeper reddar til corner.
33 min: Ole Marius Otterlei må gi seg. Vart skada på tysdagens trening men gjorde eit forsøk på å spele. Edward Laverton inn.

37 min: Godøy snytt for straffe.
40 min: Dobbeltsjanse Godøy. Skot frå 15 som Joakim redder. Valkvæ sette retur nokså utruleg utanfor mål.
45 min: 1-2. Kristoffer header inn frispark frå Christian P. Sæther.
48 min: Kristoffer legg inn til Edward Laverton som header over frå kloss hald.

54 min: Stor sjanse til Godøy etter corner. Endar opp i ny corner.
55 min: Edward rundt på kant og finn Kristoffer framfor mål, men avslutninga går utanfor.
71 min: Kristian Søviknes legg inn til sin bror Kristoffer som headar over mål frå god posisjon.
76 min: 1-3. Edward header inn innlegg frå Adrian.
80 min. 1-4. Edward tupper inn langt oppspel av Ole Johan Urke.

83 min: 2-4. Henning Dyb stusser inn frispark.
86 min: 3-4. Erlend Holm sette inn ny redusering på skot i frå 16 meter etter “Bambi-på-isen-leik” av Norborg sitt forsvar.
88 min: 4-4. Sven Harald Nyvoll fullfører Godøy sin sluttspurt. Norborg har rota bort ein sikker siger.