FK Sykkylven – Norborg 1-2

FK Sykkylven – Norborg 1-2 (0-0)
Sykkylven stadion, 13.09.12

Sjansar: 11-6
Cornere: 7-1

0-1 Kristoffer Søviknes (60)
0-2 Adrian Håbet (82)
1-2 Bengt Hole Alnes (86)

Norborg opna famlande og heimelaget var nærmast leiing til pause, men etter kvart jobba oransjetrøyene seg inn i ein lite velspelt kamp. Kristoffer Søviknes styrte eit frispark frå André Larsen i mål etter ein times spel, medan Adrian Håbet sette ballen i nota etter eit flott angrep og stikkar i bakrom av Kristian Søviknes. FK Sykkylven hadde dei fleste sjansane, men først fire minutt før slutt fekk dei hol på byllen. I sluttminutta hadde Norborg rimeleg god kontroll og kunne til slutt juble for tre poeng i ein vanskeleg bortekamp mot eit heimelag i poengnaud.

Norborg fekk seg ein opptur sist veke med sin første siger sidan midten av juni, men visste at det kom til å bli særs tøft å få med seg poeng borte mot FK Sykkylven som hadde fem kampar utan tap etter ferien. Med Ole Marius Otterlei og Steffen Grytten borte så måtte ein også gjere endringar på laget.

Etter rolege opningsminutt så er det Norborg som spelar seg fram til kampen sin første sjanse då Adrian Håbet legg inn til Kristoffer Søviknes som gir vidare til Tarjei Urkedal på løp inn i 16 meteren. Tarjei har god tid og kan ta med seg ballen, men vel likevel eit tidleg skot som fyk over heimelaget sitt mål. FK Sykkylven hevar seg etter dette varselskotet og styrer kampen. Kenneth Carlsen burde ha scora då han driblar seg fri og skyt frå 12 meter, men ballen går ein halvmeter over krysset. Norborg får lite til offensivt, men eit kvarter ut i kampen så finn Ole Johan Urke Adrian Håbet på bakerste. Han tek med seg ballen inn på 5 meter, men greier ikkje å overliste keeper Odin Alvestad.

Den siste halvtimen fortsette med eit visst trykk i frå heimelaget og skyt både i stolpen og får ei avslutning redda på strek av Elling Mikal Kalvø. Laga går dermed til pause med 0-0. Noko Norborg er mest nøgd med.

Sjølv om Norborg seiast å trene minst i divisjonen, så er likevel Norborg som regel betre etter pausen. Så også i denne kampen. Vi får sjå ein meir open 2. omgang som bølgjer meir ettersom Norborg får kontringane sine til å sete betre. Det er likevel FK Sykkylven og Damian Cruz som kjem seg til dei første sjansane, men Cruz har ikkje stilt inn skotfoten og finn ikkje vegen til nettmaskene på to forsøk.

I det 60. minutt får Norborg frispark midt inne på FK Sykkylven sin halvdel. André Larsen har ein god venstrefot og finn Kristoffer Søviknes inne framfor mål som styrer innlegget i mål frå 5 meter. Heimelaget trykte no endå meir på og er nær mål på to store sjansar. Først blir eit frisparkinnlegg frå Jan Halvard Holmøy heada over frå 3 meter. Så kjem raske Lars Kristian Hjelseth seg rundt på kant og får lagt inn, men headinga av Bengt Alnes går i stolpen. FK Sykkylven sender mange mann i angrep og det greidde Norborg å straffe knappe ti minutt før slutt då Kristian Søviknes spelte ein fin stikkar til Adrian Håbet. Han fossa frå forsvaret og sette ballen sikkert i mål åleine med keeper Alvestad. 0-2, og Norborg har fått eit perfekt utgangspunkt til dei siste ti.

Fire minutt før slutt kjem likevel nervane i høgspenn då Bengt Alnes får god tid til å plassere ballen i mål frå ti meter etter at Norborg ikkje får klarert eit innlegg. Det presset som no var venta å kome frå heimelaget kom aldri. I staden er det Norborg som er nær 1-3 då Kristian Søviknes nok ein gong fann Adrian Håbet på løp inn i FK Sykkylven sitt straffefelt, men denne gong går avslutninga over mål. Fire minutt på overtid bles dommar Olsen av kampen og Norborg jubla for tre viktige poeng.

– Denne sigeren smakte veldig godt. No kan vi for alvor konsentrere oss om å kome blant dei tre beste og kanskje få NM-spel neste år. Vi opnar litt nølande, men jobbar oss godt inn i kampen og den innsatsen spelarane viste i 2. omgang kan dei vere stolt av, sa trenar Roger Grytten etter kampen.

FK Sykkylven på si side er fortsatt i botnstrid og måtte sjå at dei fleste resultata denne runda gjekk mot dei. Dette laget er likevel alt for godt til å spele i 5. divisjon neste år. Dei framstod som langt betre defensivt enn i vår og gav alt i alle duellar. Dei har også raske og tekniske spelarar som kan gjere ting på eigen hand. Problemet denne gong var at ballen ikkje ville i mål meir enn ein gong på elleve sjansar. Norborg på si side fann tilbake til den effektiviteten ein hadde i vår etter nokre kampar med sjansesløsing.

Mange som jobba godt på Norborg i denne kampen. Vi trekk fram midtstopparane Elling Mikal Kalvø og Kjell Terje Brusdal som vann 90% av duellane dei var involvert i, og det var ikkje reint få sidan FK Sykkylven styrte nær sagt heile kampen.

Norborg sin neste kamp er torsdag kl. 1830 mot Ørsta. Med siger her så tek ein grep om 3. plassen.

Laget: Geir Roar Gamlem – Asgeir Kalvø, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Ole Johan Urke – Adrian Håbet, André Larsen (Eivind Davik Fjørtoft, 90), Christian Sæther, Tarjei Urkedal – Alexander Eide (Kristian Søviknes, 73), Kristoffer Søviknes.

Kamphendingar:
4 min: Tarjei Urkedal skyt over frå god posisjon etter forarbeid av Adrian Håbet og Kristoffer Søviknes.
6 min: Carlsen dribler seg fri men skyt over mål.
11 min: Heading over av FKS.
14 min: Ole Johan Urke finn Håbet på bakerste. Han går inn mot kanten av 5 meteren, men keeper reddar forsøket.
15 min: Hjelset skyt over mål via ein NIL-spelar.
16 min: FK Sykkylven skyt i stolpen.
38 min: Halvsjanse til Christian Sæther etter stuss av Alexander Eide.
42 min: Elling Mikal Kalvø er kjent for si lange tå. Denne gong redda den på strek før Geir Roar Gamlem snappa ballen.

48 min: Cruz skyt over mål frå kanten av 16.
49 min: Håbet skyt frå 16 meter, men over mål.
53 min: Cruz nok ein gong på farta, men skyt nok ein gong utanfor.
58 min: FK Sykkylven med farleg corner. Ballen rullar til slutt ut over kortlinja.
60 min: 0-1. Kristoffer Søviknes styrer inn eit frisparkinnlegg av André Larsen.
73 min: Holmøy frispark blir heada over frå kloss hald.
79 min: Hjelseth rundt på kant, innlegget blir heada i stolpen. Retur blir satt utanfor mål.
82 min: 0-2. Adrian Håbet scorar åleine med keeper etter gjennomspel av Kristian Søviknes.
86 min: 1-2. Bengt Hole Alnes skaper ny spenning då han plasserer ballen inne ved høgre stolpe.
90 min: Kristian Søviknes med gjennomspel til Håbet. Litt dårlegare vinkel denne gong enn ved 0-2 og avslutninga går over mål.