Skodje – Norborg 2-1

Skodje – Norborg 2-1 (0-0)
Skodje KGB, 31.03.11

Sjansar: 7-7

1-0 Joakim Erstad (58)
2-0 Eirik Tomren (75)
2-1 Johan Stavik (79)

Norborg viste ein skremmande svak innsats mot Skodje torsdag kveld og tapte fortent 2-1 for eit ballspelande heimelag. Skodje kom best i gong og hadde ballen særs mykje dei første 25 minutta. Tre gode sjansar vart skapt, men nærmare enn stolpen kom ikkje Skodje. Norborg tok så gradvis over og skapte eit par fine sjansar til å ta leiinga, men heller ikkje dei oransje fekk ballen i mål. Dermed 0-0 til pause. 2. omgang startar like labert som den første for Norborg sin del, og like før timen spelt klinkar Joakim Erstad ballen i mål bak Norborg sin bestemann Henrik Åkre. Eit drygt kvarter seinare er det klart for 2-0 då Skodje lurer Norborg si offsidefelle og kontrer på venstresida. Ballen blir lagt framfor mål der Eirik Tomren avslutter i mål. Norborg får ei rask redusering på ei skot av Johan Stavik, men greier ikkje å utlikne trass fleire gode innlegg av nevnte målscorar. Ein fin siger for Skodje, medan Norborg må ned i kjelleren å finne fram innsats og tæl. Evna veit vi er der. Elles fekk Norborg nytta 20 spelarar i dag.

Etter tidenes lengste oppvarming kom endeleg kampen i gong. Skodje starta kampen som reine Barcelona og let ikkje Norborg få låne ballen dei første minutta. Etterkvart jamna det seg noko ut, men det var ingen tvil om at Skodje ville mest mot eit tafatt Norborg-lag. Når det nærma seg eit kvarter spel så kom Skodje seg til to sjansar. Først redda Henrik Åkre til corner. På corneren heada Joakim Erstad ballen i stolpen.

Norborg starta etterkvart å styre litt meir av spelet og var nær mål ved André Larsen ved halvspelt omgang. Cato Longva fekk også ein sjanse, men keeper redda. Så kom Kristoffer Søviknes åleine med keeper, men greidde ikkje å overliste keeper. Likevel, skulle nokon av laga leia til pause måtte det ha vore Skodje. Vi talte 4-3 i sjansar, samt at Skodje hadde ballen litt meir.

Skodje kom også best i gong etter pause og avslutta blant anna i stolpen frå distanse. Like før timen er det endeleg klart for heimejubel då Joakim Erstad scorer etter corner. Norborg bytta nær sagt heile laget utan at kvaliteten vart svakare. Johan Stavik hadde eit sterkt innhopp og kom seg til gode innlegg. Eit kvarter før slutt gjer Eirik Tomren 2-0 for Skodje, men Johan Stavik reduserar raskt til 2-1 på eit skot som keeper rotar i mål. På tampen av kampen er Alexander Eide nær utlikning på eit godt legg ifrå Johan, men ballen går utafor.

Norborg best i slutten av kvar omgang, men heilt greitt at Skodje vann denne kampen. Dei overraska med fin fotball. Hadde eit godt stopparpar, ein suveren Eirik Hjelvik på sentral midtbane og Lionel Messi kopi på høgrekant. Returmøte i Uggedalen torsdag 14. april.

Dette var for øvreg Norborg sitt første tap for eit lag som spelar i ein lågare divisjon på Sunnmøre enn ein sjølve på 7 år. Sist gong det hende var 1-2 tap for Harøy 27. mars 2004.

Laget:
Henrik Åkre (Kenneth Hånde, 78)

Tarjei Urkedal (Kristian Furnes, 60)
Elling Mikal Kalvø (Jan Even Drønnesund, 60)
Knut Ivar Bjørlykhaug (Marius Gamlem, 60)
Asgeir Kalvø (Tarjei Urkedal, 70) (Kristoffer Søviknes, 82)

Preben Lorgen (Martin Løken Lie, 60)
André Larsen

Cato Longva (KJell Terje Brusdal, 46)
Skjalg Volstad (Alexander Eide, 46)
Adrian Håbet (Johan Stavik, 60)

Kristoffer Søviknes (Peter Elias Grytten, 60)

Dommar: Bjarte Steinsbu
Assistentar: Arild Vegsund og John Olav Skodjereite