Norborg – Volda 2-6

Norborg – Volda 2-6 (1-3)
Uggedal KGB, 24.09.10

Sjansar: 5-13

0-1 Trond Brynestad (str. 24), 0-2 Rune Haugen (26), 1-2 Tarjei Urkedal (str. 28), 1-3 Trond Brynestad (36), 1-4 Trond Brynestad (str. 62), 1-5 Knut Arne Grimstad (78), 2-5 Skjalg Volstad (81), 2-6 Vegard Egset (86).

Fullt fortent siger til Volda mot eit heimelag som er ute av form. Norborg gjorde enkle feil og sleit med samspelet.

Norborg skifta ut heile forsvaret sitt frå sist kamp, men måtte nok ein gong plukke mange ballar ut av nettet. Heile seks mål vart det denne gong, og Norborg har no slept inn 60 mål på 20 kampar. Berre to gongar før har Norborg slept eit så høgt antal. I 1997 måtte ein tole 104 mål i mot, medan det i 2007 vart 66. Det må nevnast at motstanden dei gongane har vore langt svakare enn det ein møter i år.

Det starta ikkje så verst for heimelaget, men etter at Trond Brynestad sette inn Volda sitt første mål på straffespark ved halvspelt omgang, fekk Norborg det tøft. Norborgarane hevdar det ikkje var straffe, men filming. Likevel, særs urutinert å takle ein spelar som var på veg ut av 16 meteren.

Etter ei keisam og roleg opning skjedde det no mykje. Eit par minutt seinare parkerte Rune Haugen Norborg sitt forsvar å sette ballen sikkert i mål til 0-2. Like etter får Norborg tildelt eit straffespark då Elling Mikal Kalvø går over ende innanfor 16 meteren. Tarjei Urkedal sette ballen sikkert i mål.

Volda sine raske og ballsikre spelarar styrte kampen på den flotte Uggedalsmatta, og ti minutt før pause aukar Brynestad leiinga til 1-3 då han får stå åleine utanfor 16 meteren og ta med seg ballen mot mål. Keeper Espen Wold hadde varta opp med ei fantastisk redning nokre minutt tidlegare, men denne gong kunne heller ikkje han hindre mål.

Norborg løfter seg etter pause og starta å vinne fleire duellar. Elling Mikal Kalvø kom seg til ein stor sjanse etter eit langt utspel av keeper Wold, men keeper reddar forsøket. Skjalg Volstad var aktiv og skapte problem for gjestane, men eit par skotforsøk utanfor 16 meteren gjekk til side for mål.

Så sette Volda opp tempoet igjen. Trond Brynestad er nær sitt tredje mål, men skyt i tverrliggjar frå 22 meter. Han skal likevel få sitt tredje mål då Volda får eit klart straffespark. Brynestad er sikkerheita sjølv og sender keeper Wold feil veg. 1-4 og kampen er punktert. 1-5 kjem etter corner. Norborg har fleire sjansar til å klarere, men det er rutinert Knut Arne Grimstad som får siste ord og sette ballen sikkert i mål. Ti minutt før slutt får Norborg eit nytt trøstemål etter at Tarjei Urkedal spelte fri Skjalg Volstad. Han gjer ingen feil å sette ballen sikkert i lengste.  Volda var likevel ikkje ferdig for dagen og Vegard Egset sette inn 2-6 frå kloss hald.

Volda er eit av divisjonens beste lag og då skal det mykje til at eit Norborg-mannskap som har dårleg stabilitet på både trening og kamp, får poeng. Volda sine spelarar har god ballbehandling, viser god rørsle og våger å spele fotball. Dette fekk vi berre sjå sporadisk av heimelaget.

Skjalg Volstad hadde eit positivt innhopp, berre synd at han slit med skader som gjer at han ikkje får trent så mykje som ønska. Morten Kalvø vinn mange duellar i forsvar og blir vonleg med resten av sesongen.

Norborg sin neste kamp er borte mot Godøy laurdag 2. oktober.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes (Knut Ivar Bjørlykhaug, 76), Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund (Hans Edvard Nordang, 73) – Ole Johan Urke (Martin Løken, 73), André Larsen, Steffen Grytten, Elling Mikal Kalvø (Bee, 76) – Alexander Eide (Skjalg Volstad, 46), Tarjei Urkedal.

Dommar: Alf Furland (Rollon)
Assistentar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) og Kristoffer Solheimsnes (Gjøvik-Lyn)

Andre resultat:
Spjelkavik – Rollon 2-5
Stranda – Valder 1-2
Brattvåg – Godøy 3-1
Hareid – Herd 1-4

Vi gratulerer Herd som vinnar av 3. divisjon Sunnmøre og ønsker dei lykke til i kvalifiseringa til 2. divisjon.