Norborg – HaNo 11-2

Norborg – HaNo 11-2 (7-1)
Norborg KGB, 14.01.10

18 sjansar 4
4 cornere 3

1-0 Kristoffer Søviknes (2) 2-0 Ole Johan Urke (7) 3-0 Tarjei Urkedal (11) 4-0 Asgeir Kalvø (19) 5-0 Ole Johan Urke (23) 6-0 Alexander Eide (str. 26) 7-0 Tarjei Urkedal (30) 7-1 Jan Egil Ulla (33) 8-1 Skjalg Volstad (66) 9-1 Tarjei Urkedal (72) 10-1 Kristoffer Søviknes (79) 11-1 Ole Johan Urke (str. 82) 11-2 Cato Longva (90)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Geir Ove Grønli, Roger Grytten (Øyvind Farstad, 46), Asgeir Kalvø – Ole Johan Urke, André Larsen, Skjalg Volstad, Alexander Eide (Bee, 56) – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.

Norborg tok ein kalassiger i sin første kamp på den nye kunstgrasbana si i Uggedalen. Heile 11-2 vann ein over nabo HaNo i ein kamp som var punktert før spelarane rakk å bli varm i trøya. 7-0 stod det når uret viste 30 minutt.

Praktfulle speleforhold då Norborg og HaNo spelte årets første treningskamp torsdag kveld. Stjerneklar himmel, 3 plussgrader og ei innbydande bane.

– Vi må la ballen gå raskt i mellom oss. Eg vil ikkje sjå noko føring av ball, sa trenar Kristian Søviknes før kampen. Spelarane tok dette til seg og viste rask og effektiv fotball. HaNo hang ikkje med på tempoet og Norborg scora mål på mål.

1-0 kom etter 1 minutt og 15 sekund då Kristoffer Søviknes viste fram skotfoten sin frå 16 meters hald. Ole Johan Urke laga 2-0 då han skar inn i 16 meteren frå venstre side å plasserte ballen ved lengste stolpe. 3-0 kom ved Tarjei Urkedal då han vende opp på 16 meteren og plasserte ballen presist ved stolpen. Asgeir Kalvø er heime frå Australia og stilte opp grunna spelarmangel hos oransjetrøyene. Han presenterte seg ved å score frå om lag 40 meter. Ole Johan Urke gjer 5-0 frå kloss hald. Alexander Eide gjer sitt første mål for Norborg då han sette inn ei straffe etter at Tarjei Urkedal vart felt. 7-0 laga Tarjei Urkedal på ein lobb. Makan til effektivitet og flott spel har vi vel aldri før sett av Norborg. Spelarane viste stor rørsle, ballen gjekk raskt og avslutningane var utført med klinisk presisjon.

Etter ein halvtime med spel inne på HaNo sin halvdel dabba Norborg av det siste kvarteret. Konsentrasjonen og innsatsen fall fleire hakk. HaNo fekk då vist at dei også har spelt fotball før. Jan Egil Ulla reduserte med eit velplassert skot etter dødball.

Første halvdel av 2. omgang var keisam. Norborg hadde ballen mest og kom seg til eit par sjansar utan å lykkast. Men så kom ein ut av dvalen og 8-1 vart satt inn av Skjalg Volstad etter fint veggspel med Kristoffer Søviknes. Så får vi 9-1 på ein utsøkt måte. Ole Johan Urke spelar i bakrom til Tarjei Urkedal som på utsøkt vis kippar ballen over keeper og i mål. Årets mål allereie scora?

10-1 vart satt stolpe inn av Kristoffer Søviknes, medan Ole Johan Urke ordna 11-1 på straffe etter at han sjølv hadde blitt felt. Norborg håpte på dusinet fullt, men i staden var det gjestane som sette inn 11-2 då Cato Longva vart spelt fri av Aleksander Ulla.

Særs bra start på året for Norborg, men alt er ikkje rosenraudt i klubben. Ein har ein syltynn stall med 16-17 mann busett i Norborgland og omegn. Med ein del skade og sjukdom måtte ein då til denne treningskampen låne Øyvind Farstad frå Ravn og australiafarer Asgeir Kalvø for å få eit par innbyttarar.

Dersom vi skal trekke fram nokren spelarar så må det bli André Larsen for enorm løps- og duellvilje på sentral midtbane og Tarjei Urkedal for det samme på spissplass. Vi gir også ein forkjøla Ole Johan Urke kredit for tre mål.

Neste treningskamp for Norborg er mot Brattvåg torsdag 28. januar.