Volda – Norborg 1-1

Volda – Norborg 1-1 (0-1)
Volda stadion KGB

6 sjansar 7
9 hjørenspark 3

0-1 Skjalg Volstad (24)
1-1 Kato Vangen (67)

Tilskodarar: 120

Dommar: Jan Lund, Blindheim
Assistenter: Øyvind Kringstad, Valder og Steinar Hjelle, Sunnylven

Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Kjell Terje Brusdal, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (Kristoffer Søviknes 44), Kristian Søviknes (André Larsen 76), Steffen Grytten, Adrian Håbet, Skjalg Volstad (Johan Stavik 77) – Tarjei Urkedal.

Volda og Norborg delte poenga i ein jamn og spennande kamp, der Volda hadde ballen mest men Norborg var farlegast framfor mål. Norborg fekk eit mål av Elling Mikal Kalvø svært tvilsomt annulert for offside av assistentdomar Kringstad.

Norborg er framleis uten tap i sin debutsesong i 3. divisjon etter å ha møtt sterke lag som Hareid, Hødd 2 og no Volda og trenar Ivar Roald var nøgd med uavgjort i Volda og skrytte av mykje god jobbing i ein kamp der Volda hadde det meste av spelet men der Norborg sine sjansar var vel så store som heimelaget sine. Han var særskilt godt nøgd med keeper Espen Wold som hadde eit par super-redninger og ellers fleire gode inngrep på innlegg og dødballar. Tarjei Urkedal vart mykje åleine på topp, men jobba utrøtteleg og hindra raske oppspel bakfrå medan Roger Grytten i Morten Kalvø sitt fråvær var sjefen i forsvarsrekka.

Skjalg-perle
Etter at spelet hadde bølga litt att og fram, fekk Norborg frispark på om lag 30-35 meter og Skjalg smelte til og keeper fekk så vidt slått til corner. Etter vel halvspelt omgang får Skjalg ballen på om lag 30 meter, får drømmetreff og ballen susar inn bak keeper Engeset og Norborg leier 1-0. Etter om lag halvtimen er Steffen frampå og keeper får slått til corner. Volda ypper seg på slutten av omgongen, fyrst med heading like over, så er Ole Magne Rotevatn frampå og får godt treff frå kort hald og Espen gjer ei fantastisk og viktig redning. Dermed går gjestane til pause med 1-0 leiing, fortent etter vår meining.

Feil annulering
Volda hadde tydelegvis bestemt seg for å få ei tidleg utlikning etter pause og alt i det fyrste speleminutt er med eitt Atle Driveklepp åleine på lengste, men skotet stryk stolpen på utsida. Så er Skjalg involvert i tre sjanser for Norborg, der Kristoffer og Steffen avslutter kvar sin gong men utan teljande resultat. Så etter eit kvarter slår Kristian eit hardt frispark som keeper må gi retur på, Elling Mikal Kalvø kjem bakfrå og set returen i mål. Utruleg nok annulerer assistentdomar Kringstad målet for offsid, og sjølv publikum frå Volda rista då på hovudet. Horribel avgjersle spør du meg!

Utlikning
Så er det Volda sin tur, fyrst med eit skot som duppar brått men Espen tek igjen fram sitt beste og får fista ballen over. Men etter 22 minutt kjem utlikninga likevel, eit godt innlagg får Espen slått ut i feltet men forsvaret klarer ikkje avklare og måljeger Kato Vangen (eks. Stranda) set ballen via stolpen og inn. Begge lag har sjanser til å avgjere på slutten, Johan Stavik får godt treff men rett på keeper og 4 minutt på overtid har Volda sjansen, men kamper ender likevel 1-1.

Volda-spelarane og publikum var nok skuffa og hadde nok ikkje venta så god motstand, men Norborg beviste nok ein gong at laget ikkje vert nokon kasteball i 3. divisjon. Volda hadde mykje av spelet men var ganske tafatte framfor mål medan Norborg skapte langt fårlegare sjanser når dei kom mot mål.

 


Skjalg Volstad scora Norborg sitt mål.