Stranda – Norborg 2-2

Stranda – Norborg 2-2 (0-0)
Stranda KGB, 04.04.09

4 sjansar 6
6 cornere 3

1-0 Fredrik Sve (49)
1-1 Skjalg Volstad (59)
1-2 Tarjei Urkedal (78)
2-2 Mario Strecky (str. 83)

Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)

Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristian Furnes (Kjell-Terje Brusdal, 46) – Ole Johan Urke (Reitan, 82), Kristian Søviknes, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan (Bee, 46), Skjalg Volstad (Urke, 87) – Tarjei Urkedal.

Norborg greidde ikkje å få ein etterlengta siger i sin siste treningskamp før seriestart. For andre gong på tre dagar greidde ein ikkje å halde på ei 2-1 leiing då Stranda utlikna på straffespark. Uavgjort gav totalt sett eit riktig bilete på kampen.

Siste treningskamp før alvoret tek til for Norborg sin del då ein laurdag reiste til Stranda for å spele sin andre kamp på tre dagar. Mogeleg var det torsdagens kamp som sat i beina, for Norborg fekk lite til før pause. Heimelaget derimot arbeidde knallhardt og vann dei nær sagt alle duellar fram til Norborg sin 16 meter. Kreativiteten stod ikkje i stil med innsatsen. Det vart dermed ein særs sjansefattig første halvtime der Norborg var nærast leiing på eit skot av Skjalg Volstad frå 12 meters hald. Keeper var med på notene og redda.

Kampen vakna litt meir til liv dei siste ti minutta av omgangen. Først slår Kent Runar Vad eit innoverskrudd frispark like utafor lengste stolpe. Så er det Tarjei Urkedal som finn Ole Johan Urke, men frå litt skrått hald sette Urke ballen utanfor. Stranda får omgangen sin siste sjanse då eit langt utspel frå keeper vart stussa i bakrom, men avslutninga frå kanten av 16 meteren gjekk utafor.

Norborg mangla sprut i beina, slo mange enkle feilpasningar og likna lite på det laget vi såg eit par dagar før mot Vestnes Varfjell.

Norborg løfta seg fleire hakk etter kvila, men det var likevel Stranda som skulle ta leiinga då Fredrik Sve sette eit frispark i mål frå kanten av 16 meteren. Gleda for Stranda varte i ti minutt. Då var det Skjalg Volstad sin tur til å vise fram høgreslegga. Frå 35 meter klinka han ballen i nota bak ein forfjamsa keeper.

Etter utlikninga fekk vi ein særs god tjueminuttsperiode av Norborg. Stranda sine spelarar verka slitne, oransjetrøyene vann duell etter duell og viste eit høgare tempo i spelet sitt. Tarjei Urkedal, Elling Mikal Kalvø og Skjalg Volstad hadde alle sjansar til å gi Norborg leiinga. Sistnemndes avslutning såg dei fleste i mål då sprang frå forsvaret og lobba over keeper, men ballen spratt utafor stolpen. Dryge ti minutt før full tid skyt Bee frå 17 meter, keeper gir retur og kven andre enn Tarjei dukkar opp å sette ballen i mål. Norborg har snudd kampen etter godt spel.

Leiinga haldt i ca. 5 minutt då Mario Strecky går i bakken i ein duell med Roger Grytten og Morten Kalvø og dommaren peikar på straffemerket til Grytten og Kalvø si store undring. Situasjonen burde likevel ha vore avklart lenge før Strecky kom inn i duellen. Strecky sette sjølv straffa i mål.

Stranda best før pause og Norborg etter, så uavgjort gir totalt sett eit riktig bilete av kampen. Norborg har fleire klare sjansar enn Stranda, men heimelaget var langt oftare på visitt i motstandars 16 meter og det er små marginar som skal til for at ikkje fleire av Stranda sine mange dødballar gir resultat.

På notisblokka:
10 min: Skjalg skyt frå 12 meter, men keeper reddar.
35 min: Vad med frispark ute ved langsida. Hardt slått inn, men ingen får styrt ballen i mål.
36 min: Urke med sjanse etter pasning frå Tarjei. Skyt utafor næraste stolpe.
37 min: Langt utspel frå Stranda sin keeper, stuss i bakrom, men avslutning utafor.

49 min: 1-0. Fredrik Sve sette frispark frå kanten av 16 meteren i mål.
59 min: 1-1. Skjalg Volstad klinkar eit frispark i mål frå 35 meter.
65 min: Tarjei finter seg fri og skyt frå 18 meter. Keeper strekker seg så lang han er og slår til corner.
66 min: Bee corner på hovudet til Elling som header over.
68 min: Tarjei spelar i bakrom til Skjalg som kjem seg fri og lobber over keeper og like utafor mål.
78 min: 1-2. Bee skyt. Tarjei snapper retur frå keeper og sette ballen i mål.
83 min: 2-2. Strecky sette straffe i mål.