Spjelkavik – Norborg 5-3

Spjelkavik – Norborg 5-3 (2-2)
Spjelkavik stadion, 12.06.09

9 sjansar 7
4 cornere 1
9 avslutningar på mål 4
5 avslutningar utanfor 6

1-0 Nikolai Sellereite (8)
1-1 Tarjei Urkedal (37)
1-2 Geir Ove Grønli (39)
2-2 Asgeir Aarseth (45)
2-3 Tarjei Urkedal (49)
3-3 Joakim Andersen (59)
4-3 Vegard Nybø (85)
5-3 Ola Skare Valaas (89)

Dommar: Geir Arne Nordby (Ravn)
Assistentar: Lars Ove Sletta (Langevåg) og Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)

Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Jan Even Drønnesund, 86), Bee (Johan Stavik, 79), Steffen Grytten, Adrian Håbet (Kristoffer Søviknes, 64) – Geir Ove Grønli, Tarjei Urkedal.

Spjelkavik var totalt hakket betre enn Norborg, men det hadde ikkje vore noko røveri om oransjetrøyene fekk med seg eitt poeng. For dette var ein kamp som lenge kunne ha bikka begge vegar.

– Gutane skal ha skryt for den arbeidsinnsatsen dei la ned i dag. Vi ga alt og var nær poeng, men vi blir hardare straffa for feil i denne divisjonen enn i den under. I tillegg får vi mål imot på eit håplaust idømt frispark på stillinga 3-3, sa Norborg-trenar Ivar Roald.

Tidleg vika-leiing
Heimelaget kom best i gong og tok leiinga på sin første sjanse då 8 minutt var spelt. Noko som såg ut som eit håplaust skot av Vegard Hillestad blir løpt opp av Gudmundur Gudjonson nede ved kortlinja, han la ut til Nikolai Sellereite som scorer med eit presist skot i lengste hjørne.

Norborg får lite til dei første 20 minutta og Spjelkavik har ballen mykje. Dei store sjansane kjem likevel ikkje heimelaget seg til. Norborg jobbar seg gradvis inn i kampen og er nær ved utlikning etter ein halvtime då ein SIL-spelar klarerar ballen i Steffen Grytten. Ballen går i fin boge over keeper og ned på tverrliggjar.

Flotte Norborg-minutt
Etter at nokre kvepsar har fått stukke både assistent og hovuddommar er det klar for nokre særs gode Norborg-minutt. Tarjei Urkedal tuppa inn 1-1 etter eit oppspel frå Bee etter at Spjelkavik ikkje greidde å klarere ein corner skikkeleg. To minutt seinare spelar Steffen ballen i bakrom til Tarjei. Han spring frå det som er, men keeper Halvorsen får redda forsøket. Ballen sprett imidlertid til Geir Ove Grønli som kaldt styrer ballen over ein forsvarar og i mål.

Norborg ser ut til å gå til pause med leiing, men med berre sekundar igjen scorar Asgeir Aarseth etter mange trekk. Dermed 2-2 til pause.

Spelar ut vika
2. omgang startar med ein gedigen sjanse til Stian Hellevik, men keeper Espen Wold vinn duellen. Dei neste ti minutta tilhøyrer likevel Norborg. Først gjer Tarjei Urkedal 3-2 etter eit flott angrep der Geir Ove Grønli spelar ut til Adrian Håbet i bakrom som spring frå forsvaret og tuppar ballen over keeper og Tarjei så sender den vidare i mål. Norborg har store sjansar til å auke leiinga, men korkje Bee eller Tarjei greier å få ballen i mål.

Frisparkperler snur kampen
Etter den gode Norborg-perioden sette heimelaget inn støtet. 3-3 og 4-3 kjem på frispark. Det første sette Joakim Andersen elegant over muren. Spjelkavik ville ha keeper Espen Wold utvist i frisparksituasjonen då dei meinte han felte Aarseth som bakerste mann. Frisparket som gir 4-3 er ei gåve frå dommaren. Stein Erik Reitan tek ballen flott ifrå Vegard Nybø, men utruleg nok blir det frispark. Nybø sette sjølv inn frisparket på nydeleg vis. Norborg satsar alt framover, og kjem seg til eit par farlege frisparkinnlegg utan resultat. I staden er det Ola Valås Skare som aukar til 5-3 på ein flott soloprestasjon der han driblar fleire mann.

Norborg spelar jamnt med dei fleste, også topplaga i divisjonen slik som Spjelkavik, men manglar førebels det lille ekstra til å vinne. Vi trur dette kjem med litt meir rutine i divisjonen. Gledeleg er det sjå at Tarjei Urkedal har starta å funne forma etter ein traurig vår. Han skapte store problem for Spjelkavik og var Norborg sin bestemann.

Neste kamp er heime mot Langevåg fredag 19. juni kl. 1830.