Norborg – Volda 2-2 (0-2)
Uggedal stadion, 14.08.09
9 sjansar 6
4 cornere 9
9 avslutningar på mål 5
6 avslutningar utanfor 6
0-1 Ole Magne Rotevatn (27)
0-2 Ole Magne Rotevatn (33)
1-2 Geir Ove Grønli (str. 51)
2-2 Geir Ove Grønli (str. 84)
Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF)
Assistentar: Alf Furland (Rollon) og Øyvind Kringstad (Valder)
Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Skjalg Volstad (Ole Johan Urke, 68), Kristian Søviknes (André Larsen, 46), Steffen Grytten (Bee, 75), Adrian Håbet – Tarjei Urkedal, Alexander Eide (Geir Ove Grønli, 46).
Norborg og Volda delte poenga på den sleipe Uggedalsmatta fredag kveld. Gjestane frå Volda leia 0-2 ved pause etter mål av Ole Magne Rotevatn, men etter kvila var det klart for ein ny to-målsscorar. Denne gong heimelaget sin Geir Ove Grønli. Han sette inn to straffer etter at Tarjei Urkedal vart hindra ulovleg to gongar innanfor straffefeltet.
Norborg har aldri tapt ein heimekamp for Volda, og denne statistikken haldt seg fortsatt oppe. Men det såg stygt ut for oransjetrøyene då Ole Magne Rotevatn scora to mål på knappe fem minutt rundt kvarteret før pause. Noko som etter spel og sjansar var noko flatterande.
Nær draumestart
Det var nemleg Norborg som kom best i gong. Volda lika å halde ballen i laget, men tversoverpasningar i det bakre leddet på den sleipe matta krevde høg konsentrasjon og god teknikk. Allereie i det 4. minutt haldt Tarjei Urkedal på å straffe Volda då Knut Arne Grimstad sklir og Tarjei snappar ballen og stormar mot mål. Men, Tarjei har hatt lite balltrening dei siste to månadane, er uheldig med ei berøring og keeper Nikolai Engeset fekk redda.
To raske av Volda
Nokre minutt seinare var det Norborg sitt forsvar som gjor ei blemme og lot Rune Haugen få ein god sjanse, men avslutninga hans frå skrått hald gjekk i nettveggen. Volda fekk etterkvart meir tak på underlaget og viste til tider flott pasningsspel. Etter at Norborg sin Steffen Grytten og Volda sin Anders Heggen hadde brent kvar sin sjanse tok grøntrøyene føringa i kampen då keeper Espen Wold sklei då han skulle plukke eit innlegg. Ballen ramla i beina til Ole Magne Rotevatn, som tok seg god tid og plasserte ballen i mål frå 13 meter.
I staden for utlikning då Steffen Grytten heada eit legg ifrå Stein Erik Reitan i krysset, så gjekk Volda opp i 0-2. Nok ein gong var Ole Magne Rotevatn på rett plass til rett tid og heada eit presist innlegg frå Christian Malmo i mål. Kvar var Norborg si markering her? 4-4 i målsjansar, men 0-2 til Volda ved pause.
Straffa Volda
Med god tru på å gjere som mot Valder gjekk Norborg til 2. omgang for å angripe. Tre minutt ut i omgangen er Geir Ove Grønli og Tarjei Urkedal nær ved å redusere, men keeper Engeset får til slutt avverja. Redusering let likevel ikkje vente lenge. I det 6. minutt av omgangen jakta Tarjei og keeper Engeset same ball. Det enda med ei felling frå keeper. Geir Ove Grønli viste ingen nåde frå kritmerket og reduserte til 1-2.
2. omgang er temmeleg jamn, men Norborg viser litt meir tenning enn sine gjestar. Det må likevel ei ny straffe til for å få mål. Nok ein gong var det Tarjei som vart hindra inne i straffefeltet, og nok ein gong sette Geir Ove straffa sikkert i mål. I sluttminutta noterte vi tre sjansar. To til Norborg og eitt til Volda. Gjestane hadde den første då Kato Vangen fekk avslutte, men utan resultat. For Norborg avslutta Tarjei eit angrep like utanfor, medan André Larsen heada eit presist innlegg frå Ole Johan Urke, men keeper Engeset får på meisterleg vis redda. Dermed vart det nok ein gong poengdeling mellom laga.
Best på heimelaget var Morten Kalvø. Synd at han fekk årets tredje gule og må sone karantene i lokaoppgjeret mot Brattvåg. Tarjei jobba som vanleg godt på topp, medan Adrian Håbet står for mykje kreativt.
Lite å utsette på dagens dommartrio.
Neste kamp for Norborg er fredag kl. 1830 borte mot Brattvåg. Vi håper mange tek turen over fjellet og støttar Norborg i denne “best i Haram-duellen”.