Norborg – Spjelkavik 1-1

Norborg – Spjelkavik 1-1 (1-1)
Ravn stadion, 26.09.09

9 sjansar 5
9 cornere 4
8 avslutningar på mål 4
10 avslutningar utanfor 3

1-0 Tarjei Urkedal (31)
1-1 Vegard Nybø (43)

Dommar: Per-Ola utgård (Hundeidvik)
Assistentar: Johnny Dyb (Giske) og Jan Erik Myklebust (Åmdal)

Laget: Espen Wold – André Larsen, Knut Ivar Bjørlykhaug, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Alexander Eide, Bee (Geir Ove Grønli, 74), Steffen Grytten, Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 46) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.

Norborg var nærmast sigeren på Ravn stadion, ikkje minst etter at Spjelkavik måtte avslutte kampen med ni mann. Men, denne gong hadde ikkje oransjetrøyene marginane med seg framfor mål og måtte sjå Spjelkavik få med seg eitt poeng.

Mange spelarar borte for Norborg denne gong, og ein hadde berre tre innbyttarar med seg. Roger Grytten (suspendert) og Kjell-Terje Brusdal (ferie) var borte fra forsvaret, medan Adrian Håbet (skule) og Skjalg Volstad (skade) var borte fra midtbana. Men, det nykomponerte Norborg-laget skulle vise seg å bite godt frå seg.

Norborg starta med vinden i ryggen, men greidde ikkje å få noko spelemessig overtak. Men etter eit kvarters spel starta ein gradvis å ta over kampen og skape sjansar. Spjelkavik keeper Marius Halvorsen måtte vise fram ei flott redding då Morten Kalvø avslutta ein corner frå Bee, André Larsen kalkulerte vind og la ein corner i tverrliggar, Bee prøvde seg med eit skot frå 18 meter, medan Tarjei Urkedal får vende opp innafor 16 meter og avslutte, men keeper Halvorsen fekk redda.

Det var dermed fortent då Tarjei Urkedal endeleg ga Norborg leiinga etter ein halvtimes spel. Venstreback André Larsen vart med opp i angrep og fann Tarjei innafor 16 meteren, som avslutta med eit utsøkt skot i vinkelen. Norborg var gode i denne perioden, og både Steffen Grytten og Tarjei hadde sjansen til å auke leiinga. Nærmast var Tarjei sitt forsøk som vart redda på strek.

Dei siste fem minutta av omgangen kom Spjelkavik kraftig tilbake og spelte seg fram til tre gode målsjansar. Den eine resulterte i utlikning då Tom Erik Olsbø fosset forbi på høgrekanten og fann Vegard Nybø framfor mål. Keeper Espen Wold var på ballen, men den rullet over streken til 1-1.

Norborg spelte god fotball i 20-25 minutt av denne omgangen og burde ha scora fleire mål, men med Spjelkavik sin sluttspurt var det ingenting å seie på at det stod uavgjort til pause.

2. omgang vart prega av at Spjelkavik sin Halvard Westad fekk to gule kort på to minutt og dermed vart utvist i det 55. minutt. Spjelkavik la seg lavt og Norborg hadde problem med å trenge igjennom. Då Spjelkavik sin Tom Erik Olsbø også vart vist sitt 2. gule kort tjue minutt før slutt starta Norborg igjen å produsere sjansar. Kristoffer Søviknes var ein cm for kort til å heade inn eit innlegg frå bror Kristian. Så er det Kristian sjølv som får sjansen, men skotet går utanfor. Tarjei Urkedal fekk også sjansen, men avslutninga vart redda av keeper. Klokka tikka mot 90 minutt og Norborg vart stadig meir desperate etter mål. Kristian Søviknes kunne ha blitt den store helten, men på nærmast ope mål treff han ein liggande Spjelkavik-spelar og ballen sprett over mål. Kampen endar dermed 1-1.

Norborg sine spelarar jobba godt, men diverre kom det etterkvart tydeleg fram at ein sakna to av sine mest kreative spelarar i Adrian Håbet og Skjalg Volstad. Tempoet på ball var ikkje høgt nok då Spjelkavik vart redusert til 9 mann og det vart gjort for mange feil val. Ein skapte riktig nok 3-4 store sjansar dei siste tjue minutta, men det var ikkje nok til å score. Det var dermed eit skuffa Norborg-lag som gjekk av bana.

Morten Kalvø var Norborg sin beste spelar. Han vann duellane sine og laga vanskelege arbeidstilhøve for Spjelkavik sitt angrep. Alexander Eide jobba hardt på midtbana og viste prov på god teknikk, medan spissane Tarjei Urkedal og Kristoffer Søviknes som vanleg sprang på alt.

Norborg sin neste kamp er borte mot Langevåg fredag kl. 1830. Eit lag som allereie er klar for 4. divisjon, men som ein absolutt ikkje kan ta lett på. Håper mange tar turen til Langevåg kunstgras og støtter oransjetrøyene i ein særs viktig kamp.