Norborg – Langevåg 4-1

Norborg – Langevåg 4-1 (1-0)
Uggedal stadion, 19.06.09

12 sjansar 3
9 cornere 3
9 avslutningar på mål 2
8 avslutningar utanfor 4

1-0 Geir Ove Grønli (15)
2-0 Kim Idar Krogsethagen (69)
3-0 Tarjei Urkedal (83)
3-1 André Fylling (86)
4-1 Skjalg Volstad (88)

Tilskodarar: 100

Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Assistentar: Alf Furland (Rollon) og Kjell Erik Slinning (Aksla)

Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Kim Idar Krogsethagen (Kristian Furnes, 79), Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Skjalg Volstad, 46), Bee, (André Larsen, 69), Steffen Grytten, Adrian Håbet (Johan Stavik, 84) – Tarjei Urkedal, Geir Ove Grønli (Kristoffer Søviknes, 69).

Norborg var det beste laget og tok ein komfortabel siger mot botnrival Langevåg under fine speletilhøve på Uggedal stadion. Heimelaget viste periodevis godt og sjanseskapande spel, medan gjestane fekk lite til.

– I dag var det moro. Vi sleit litt med uttellinga, men scorar til slutt fire mål og kan nyte helga med fortente poeng, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.

Grønli opnar ballet
Lite skjedde på Uggedal stadion dei første ti minutta, men så starta heimelaget å feste eit grep om kampen. Først oppstår ein straffesituasjon der den gode og rutinerte backen Stein Erik Reitan blir hekta i 16 meteren, men dommar Lund vil ikkje gi straffe. Minutt seinare scorar Geir Ove Grønli i opent mål etter at Adrian Håbet når ein ball først i kamp med keeper John Arne Vestre og lobbar over han til Grønli inne i boksa.

Store sjansar
Norborg skapar fleire sjansar den neste halvtimen og det meste kom på høgresida ved Håbet. Både han sjølv, Grønli, Kristian Søviknes og Tarjei Urkedal fekk store sjansar til å auke leiinga, men keeper Vestre viste gamle kunster og haldt Langevåg inne i kampen.

Etter kvila angrip Norborg med endå meir fart og teknikk, men det er Langevåg som kjem seg til første sjansen då Mustafe Dahir er åleine igjennom, men keeper Espen Wold får eit bein på ballen. Returen går til Bertil Salen som upressa sette ballen over mål.

Punkterar kampen
Dei neste tjue minutta handla for det meste om brente Norborg-sjansar før Kim Idar Krogsethagen skyt kontant i mål frå 10 meter etter å ha blitt servert ballen av Steffen Grytten. Tarjei Urkedal sløste særs med sjansar i denne kampen, men knappe ti minutt før slutt skulle han endeleg lykkast då chippar ballen over Vestre og i nota etter forarbeid av Håbet. 3-0, og kampen er punktert.

Langevåg fekk med seg eit trøystemål då André Fylling får stå åleine på bakerste stolpe og heade inn redusering. Spaning vart det likevel ikkje. Norborg var suverent best, og svara kontant då Skjalg Volstad leika seg med nokre Langevåg-spelarar før han dunka ballen i mål med feil fot frå om lag 20 meter.

Ti kampar er spelt og Norborg har slått dei to botnlaga Hareid og Langevåg med klare siffer, samt spelt jamnt med dei andre laga ser vi bort ifrå Herd. Denne sigeren håper vi gir endå betre humør og sjølvtillit inn i spelargruppa. Samstundes som Kim Idar Krogsethagen sitt inntog verkar positivt.

Krogsethagen var banens gigant dei 79 minutta han spelte. Trygg med ballen, sterk i duellane og blikk for spelet. Keeper Wold var særs trygg i feltarbeidet, høgreback Reitan stødig defensivt og aktiv offensivt, medan Håbet og Volstad står for underhaldninga med sin leikne stil.

Neste kamp er borte mot Godøy fredag 26. juli kl. 1830.


Dei fire målscorarane Skjalg Volstad, Tarjei Gjerset Urkedal, Kim Idar Krogsethagen og Geir Ove Grønli.