Norborg – HaNo 2-2

Norborg – HaNo 2-2 (2-0)
Brattvåg KGB, 04.03.09

8 sjansar 3
5 cornere 4

1-0 Morten Kalvø (11)
2-0 Kristian Søviknes (37)
2-1 Stig Frode Longva (67)
2-2 Kent Inge Klokk (90)

Dommar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)

Laget: Geir Roar Gamlem (Espen Wold, 46) – André Larsen (Kristian Furnes, 46), Kjell-Terje Brusdal (Geir Ove Grønli, 46), Morten Kalvø, Stein Erik Reitan (Jan Even Drønnesund, 61) – Kristian Søviknes, Adrian Håbet, Elling Mikal Kalvø (Steffen Grytten, 46) – Skjalg Volstad (Bee, 46), Ole Johan Urke (Johan Stavik, 61), Tarjei Urkedal.

Norborg hadde tilsynelatande full kontroll på HaNo då ein passerte ein times spel og leia 2-0, men blåtrøyene kom tilbake og redda uavgjort like før slutt.

Eksperimentering stod på papiret til Norborg i denne treningskampen. Ein gjekk ut i 4-3-3 med blant anna forsvarar Elling Mikal Kalvø som indreløper, Ole Johan Urke som midtspiss og André Larsen i ønskerolla si som venstreback. Og det var i denne omgangen Norborg fungerte best. Morten Kalvø puttar ballen i mål etter at HaNo ikkje får klarert ein corner.

HaNo var likevel fullt på høgde med oransjetrøyene dei første tjue minutta, men bortsett frå eit par hjørnespark skapte 5. divisjonslaget lite framfor Norborg sitt mål. Norborg sette etterkvart opp tempoet og pressar HaNo tilbake på bana, men presisjonen er for svak til at ein kjem seg til dei mange sjansane. 2-0 skulle likevel kome før pause då Kristian Søviknes skyt ballen i mål frå om lag 15 meter. Alt i alt ein godkjent omgang av Norborg der ein med litt større konsentrasjon hadde leia med større siffer.

Norborg gjer mange endringar til 2. omgang og går blant anna tilbake til sin vande 4-4-2 formasjon. Bee kom inn på høgrekanten og var aktiv i opningsminutta. Først la han inn til Adrian Håbet, men sistnemnde heada utanfor. Like etter er han igjennom sjølv, men skyt over. I staden for 3-0 jobbar HaNo seg inn i kampen og viser ein langt større duellvilje enn sine oransje naboar frå fastlandet. Innsats er ein viktig faktor i fotballen, og ved halvspelt omgang får HaNo løn for strevet då Stig Frode Longva sette ballen i mål etter frispark. Når vi rundar 90 minutt får nok HaNo litt vel mykje løn då Kent Inge Klokk utliknar frå kloss hald.

Ein kamp Norborg burde ha vunne etter spel og sjansar, men som blir ødelagt av mykje slurv dei siste 20-25 minutta. All honnør til HaNo som då greip sjansen.

Gode speleforhald i Brattvåg ser vi bort i frå lystilhøva.