Norborg – FK Sykkylven 3-0

Norborg – FK Sykkylven 3-0 (3-0)
Treningskamp, Uggedal stadion, 04.08.09

11 sjansar 6
5 cornere 3

1-0 Adrian Håbet (12)
2-0 Skjalg Volstad (18)
3-0 Kim Idar Krogsethagen (31)

Dommar: Arild Vegsund (Norborg)

Laget: Espen Wold (Geir Roar Gamlem, 46) – Elling Mikal Kalvø (Reitan, 87), Kjell-Terje Brusdal (Roger Grytten, 46), Morten Kalvø, Stein Erik Reitan (Steffen Grytten, 75) – Skjalg Volstad, Kristian Søviknes, Steffen Grytten (Brusdal, 58), Adrian Håbet (Ole Johan Urke, 40) – Alexander Eide (Kristian Furnes, 46), Kim Idar Krogsethagen.

Norborg dominerte før pause og kunne ha leia med fleire mål enn dei tre som kom. Etter pausen vart det feriefotball frå Norborg si side og gjestane fekk vere med på leiken. Mål vart det likevel ikkje i ein lite velspelt omgang.

Lepsøy sin toppscorar Alexander Eide har trent med Norborg den siste veka og fekk sin debut i denne kampen. Alexander kom godt frå det i den omgangen han spelte. Elles var mange offensive spelarar borte denne dagen. Tarjei Urkedal, Geir Ove Grønli og Kristoffer Søviknes var alle borte grunna ferie. Midtstoppar Kjell-Terje Brusdal fekk dermed prøve seg som spiss i ein dryg halvtime.

Norborg viste flott spel før pause og spesielt vingane Skjalg Volstad og Adrian Håbet gjorde FKS sine spelarar svimmel. Adrian var den mest aktive i det første kvarteret og hadde allereie skapt to sjansar før han sette den tredje då han dribla seg inn i 16 meteren og fann nota med eit velplassert skot. Like etter hadde han sjansen til å auke, men keeper redda både hans og Kim Idar Krogsethagen sitt forsøk.

2-0 let likevel ikkje vente lenge på seg då Skjalg tok ein runde på ytteren av høgrebacken, skar inn mot 16 meteren og klinka ballen i mål. Vakkert! Norborg fortsette å styre kampen og auka til 3-0 ved Kim Idar Krogsethagen. Han scora med eit skot i lengste etter forarbeid av Adrian. Både Alexander Eide og Skjalg får kvar sin sjanse på slutten av omgangen, men fleire mål vart det ikkje.

I 2. omgang vart tempoet langt lågare. Norborg sine spelarar viste ikkje same innsats som i dei første 45, samt at pasningskvaliteten og røsla var mildt sagt svak. FK Sykkylven fekk styre periodar av omgangen og kom seg til ei 3-4 gode sjansar. I det 67. minutt burde det ha blitt redusering, men FKS-spelaren avslutta over mål då han var åleine med keeper Geir Roar Gamlem.

Tremålssiger til heimelaget ga alt i alt eit riktig bilete av kampen. I 1. omgang var det divisjonsforskjell på laga, mens 2. omgang var jamn. Basert på 1. omgangen var Skjalg og Adrian Norborg sine beste spelarar. Adrian måtte for øvreg ut med skade like før pause. Norborg har no spelt 347 minutt utan å sleppe inn mål.

Norborg si neste oppgåve er seriekamp borte mot Hødd2 måndag kl. 1830.