Norborg – AaFK2 1-2

Norborg – AaFK2 1-2 (1-0)
Uggedal stadion, 22.05.09

7 sjansar 7
2 cornere 7
7 avslutningar på mål 8
3 avslutningar utanfor 2

1-0 Adrian Håbet (9)
1-1 Reinieri Mayorquin (58)
1-2 Reinieri Mayorquin (83)

Tilskodarar: 148

Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF)
Assistentar: Rolf jarle Eldevik (Ellingsøy) og Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)

Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Bee, 68), Steffen Grytten (Kristian Furnes, 90), Adrian Håbet – André Larsen (Kristoffer Søviknes, 46), Tarjei Urkedal, Skjalg Volstad (Geir Ove Grønli, 68).

Honduras sin U-21 landslagsspelar Reinieri Mayorquin var forskjellen på Norborg og AaFK sitt 2. lag i fredagens kamp. Norborg starta best og tok ei tidleg og fortent leiing, men etterkvart som kampen gjekk var både humøret og innsatsen på eit skammeleg lågmål.

Norborg hadde stort håp om tre poeng i møtet med eit redusert AaFK2-lag, og det heile starta så bra då Tarjei Urkedal spelte ein stikkar i bakrom til Adrian Håbet som sprang frå forsvaret og putta ballen i mål bak keeper Sten Grytebust. Sjølv om Glenn Roberts utgjorde ein trussel på topp hadde Norborg dei største sjansane den første halvtimen. Presisjonen framfor mål var diverre ikkje god nok, og då dommar Tandstad noko uforståeleg ikkje gav Elling Mikal Kalvø straffe, men trakk ballen utanfor straffefeltet, var det prov på at Norborg ikkje skulle få noko gratis.

Istaden for straffe og mogeleg 2-0, starta ungdomane frå AaFK å spele på seg sjølvtillit og fekk meir kontroll over spelet. Likevel, fortent leiing til heimelaget ved pause.

Mayorquin tunga på vektskåla
Dei om lag 150 tilskodarane fekk sjå ein 2. omgang prega av mange feilpasningar og feilval. Spesielt frå heimelaget som slutta å spele fotball og retta sin frustrasjon mot dommaren. Fredrik Ulvestad gav Norborg det første skremmeskotet då han klinka ballen i tverrliggaren. Nokre minutt etter presenterte Reinieri Mayorquin seg i Uggedalen då han på utruleg vis klinka eit frispark frå over 20 meter i mål. Dei fleste såg frisparket langt over, men ballen fekk ein enorm dupp og enda heilt ved vinkelen bak ein forvirra Wold i Norborg-målet.

Norborg har sine sjansar til å tilbake ta føringa, men evna framfor mål strakk ikkje til, og då Norborg misser ballen framfor eigen 16 meter let ikkje Mayorquin seg be to gongar. Han driblar eit par mann og sette ballen klinisk inn ved lengste stolpe. 1-2, og Norborg går på nok ein smell etter pause.

Innsatsen må opp
Norborg gjer ein av sine svakaste kampar på Uggedal stadion nokon gong mot eit lag ein absolutt burde ha sikra seg tre poeng mot. Innsatsen og gløden som var til stades i dei første serierundene forsvann raskare enn drammane til George Best, og må snarleg kome tilbake om ikkje spådomane til diverse media skal bli sanne. Det positive er at ein skapar mange nok sjansar til å avgjere kampen sin til fordel, og det på dårlege dagar.

Best på Norborg var den defensive trioen Morten Kalvø, Kjell-Terje Brusdal og Espen Wold. Positivt innhopp også av Kristoffer Søviknes. Likevel, det laget viste i denne kampen er langt unna nivået ein var på i fjor haust, og samtlege bør yte ein litt ekstra innsats i vekene framover. Det er ikkje så mykje som skal til. Det viste kampane mot Hareid, Hødd2 og Volda.

Neste kamp er borte mot Rollon fredag 29. mai kl. 1830.