Langevåg – Norborg 0-3

Langevåg – Norborg 0-3 (0-2)
Langevåg KGB, 02.10.09

0 sjansar 14
1 cornere 6
2 avslutning på mål 14
2 avslutning utanfor 10

0-1 Adrian Håbet (37)
0-2 Steffen Grytten (45)
0-3 Steffen Grytten (57)

Dommar: Mathias Kringstad (Valder)
Assistentar: Alf Furland (Rollon) og Jim Dyb (Giske)

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Roger Grytten, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Alexander Eide (Ole Johan Urke, 66), Steffen Grytten (André Larsen, 81), Bee (Skjalg Volstad, 44), Adrian Håbet – Tarjei Urkedal (Knut Ivar Bjørlykhaug, 88), Kristoffer Søviknes (Johan Stavik, 85).

Norborg fekk lett kamp borte mot Langevåg og burde ha vunne med langt større siffer enn 3-0. Spesielt etter pause dominerte oransjetrøyene.

Saka var klar for Norborg før kampen. Ein måtte vinne for å halde Hareid på avstand i botnstriden. Dette presset på å ta 3 poeng såg ut til å prege laget dei første tjue minutta, samstundes som ein hadde problem med eit uvant kunstgrasdekke. Standarden på dekket til Ravn er nemleg av ein heilt anna kvalitet. Det vart dermed mange upresise pasningar og dei mange innlegga som kom gjekk i klypene til keeper Daniel Myrrusten. Langevåg på si side greidde å trille ein del ball, men vart kontant stoppa når dei kom inn på Norborg sin halvdel. Alt i alt ei elendeg førestilling i første del av omgangen.

Etterkvart som omgangen gjekk starta Norborg å produsere sjansar og Adrian Håbet putta ballen enkelt i nota til 0-1 knappe ti minutt før pausen. Målet kom etter framspel i bakrom av Kristian Søviknes til bror Kristoffer som lobba ballen over keeper til Adrian på bakerste. Norborg skapte store sjansar mot eit Langevåg-lag i oppløysing. 0-2 kom heilt på tampen av omgangen. Skjalg Volstad kom rett frå benken og klinka eit frispark frå 25 meter i tverrliggjar. Vaken på returen var Steffen Grytten som heada ballen kontrollert i mål.

Det tok litt tid før Norborg-maskina starta å fungere, men ikkje noko å seie på 0-2 til pause.

2. omgang fortsette slik den første hadde slutta, med massivt Norborg-press. Kristoffer Søviknes og Adrian Håbet hadde fleire sjansar til å score, men det var midtbaneterrieren Steffen Grytten som skulle auke leiinga med sitt andre mål for dagen då han stanga inn ein godt slått corner av Kristian Søviknes. Med over ein halvtime igjen å spele trudde dei fleste på utklassingssiffer på Langevåg KGB. Men Norborg sløste enormt og Langevåg slapp unna med 0-3.

Trenar Ivar Roald var godt nøgd med gutane etter kampen. – Det vart jo stort sett spel mot eit mål i denne gong, men det er jo aldri nokon garanti for at det skal bli mål. Heldigvis fekk vi inn to før pause og fann roa. Med litt betre presisjon så hadde vi scora langt fleire. Vi viser god innsats i denne kampen også. Noko vi har gjort heile sesongen. No har vi hekta av Hareid, og har sjansen til å kome endå høgare på tabellen. Håper at gutane grip denne sjansen.

Dei beste på Norborg var Morten Kalvø og Roger Grytten på midtstopparplass. Full kontroll gjennom heile kampen. Offensivt stod Adrian Håbet etterkvart fram. Sleit litt med underlaget i starten, men herja etterkvart med motstandaren. Steffen Grytten jobba seg inn i kampen og scora to mål på hovudet.

Norborg kan dårlegast bli nr. 10 i sin debutsesong i 3. divisjon ettersom Hareid tapte for Spjelkavik. I årets siste kamp møter ein Godøy laurdag kl. 15.

 


Målscorarane Steffen Grytten og Adrian Håbet