Godøy – Norborg 1-3

Godøy-Norborg 1-3 (0-1)
Sjansar: 6-7
Cornere: 13-1
Avslutningar på mål: 5-8
Avslutningar utanfor: 6-3

0-1 Kristoffer Søviknes (9) 0-2 Elling Mikal Kalvø (55) 1-2 Svein-Arve Alnes (73) 1-3 Edward Laverton (86)

Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF)
Assistentar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) og Norvald Lausund (Lepsøy)

Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Skjalg Volstad (Kristian Furnes, 88), Kristian Søviknes (André Larsen, 75), Kim Idar Krogsethagen, Kristoffer Søviknes (Edward Laverton, 75) – Geir Ove Grønli (Jan Even Drønnesund, 85), Tarjei Urkedal.

Norborg drog iland tre viktige poeng mot tabellnabo Godøy fredag. Norborg var best før pause og burde ha leia med meir enn eitt mål. Etter kvila styrte Godøy, men Norborg var best innanfor kvar 16 meter.

Godt jobba av dei som var her. Tre poeng borte mot Godøy er sterkt sjølv om dei var svekka. Men trass det er dei betre enn mange andre i 3. divisjon. Vi startar kampen godt og burde ha trygga leiinga i 1. omgang. I 2. omgang har vi litt flaks og blir baktunge, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.

Godøy mangla mange mann frå A-stallen sin i denne kampen, men stilte likevel eit godt lag. Rutinerte spelarar som Henning Dyb og Kay Amund Vartdal hadde blitt henta inn. Norborg på si side vart tvungen til å bytte ut tre av fire midtbanespelarar frå sist. Adrian Håbet og Bee prioriterte Hove-festival, medan Steffen Grytten sona for fem gule kort.

Norborg tok kommandoen frå start av og hadde allereie skapt to store sjansar før Skjalg Volstad spelar ein stikkar til Kristoffer Søviknes. Han gjer ingen feil åleine med keeper Akerø og sette ballen nede ved stolpen til 0-1.

Norborg fortsette å skape sjansane i godveret på Godøy. Elling Mikal Kalvø, Geir Ove Grønli og Tarjei Urkedal har alle store sjansar, men avslutta svakt. I sluttminutta yppa heimelaget seg, men korkje Kenneth Kjevik eller Daniel Vartdal fann vegen til nettmaskene. Likevel, eit forvarsel på at Godøy slettes ikkje hadde gitt seg i denne kampen.

Etter kvila gjekk heimelaget aggressivt til verks, men det er Norborg som scorar på sin første sjanse i omgangen då Kim Idar Krogsethagen legg eit flott frispark til Elling Mikal Kalvø på bakarste stolpe som stupheadar ballen i mål.

Godøyingar gir aldri opp. Heller ikkje på stillinga 0-2. Svein-Arve Alnes og Daniel Vartdal tek over midtbana, medan Norborg blir baktunge og kjem seg sjeldan over midten. Godøy sitt press resulterar i mange hjørnespark og nokre store sjansar. Tjue minutt ut i omgangen fekk Daniel Vartdal sjansen frå 10-12 meter, men han klinka ballen over mål. Like etter får keeper Espen Wold eine handa på eit frispark frå Svein-Arve Alnes. Ballen går i tverrliggjar og ned på strek. Så er Kenneth Kjevik fri, men Wold reddar avslutninga til corner.

Godøy skulle få si fortente redusering, men måten den kom på var særs tvilsam. Henning Dyb ramlar i reinaste Pelu-stil. innanfor straffefeltet. Dommar Tandstad let spelet gå vidare, men assistentdommar Lausund vinkar med flagget og gir straffe. Den sette Svein-Arve Alnes sikkert i nota.

Norborg gjer nokre bytte, og legg om til ein femmar på midtbana. Dette gjer at ein får betre kontroll og hindrar fleire Godøy-sjansar. Få minutt før slutt sette så Edward Laverton spikaren i kista då han puttar åleine med keeper etter særs godt forarbeid av Skjalg Volstad. Han vann ballen frå ein Godøy-spelar, avanserte innover på bana før han spelte igjennom til Laverton.

Dette var etter det vi veit Norborg sin første siger nokon gong på Godøybana. Norborg var best innanfor kvar 16 meter, men har meir å gå på i banespel. Godøy var aggressive og tok over kampen etter pausen og følte nok at dei hadde fortent eitt poeng.

Morten Kalvø og Espen Wold var totalt Norborg sine to beste. Kalvø ryddar opp det meste i lufta og går godt i spann med raske Kjell-Terje Brusdal i midtforsvaret. Wold er sikker i feltet og tek fram nokre matchvinnar-redningar.

Neste kamp for Norborg er heime mot Hareid torsdag kl. 1830.


Målscorarane Kriss, Elling og Eddie.