Norborg – Vartdal 7-1 (5-1)
Uggedal stadion, 07.08.08
11 sjansar 2
7 cornere 3
1-0 Asgeir Kalvø (11)
2-0 Kim Idar Krogsethagen (22)
2-1 Kennet Holsæker (25)
3-1 Stein Erik Reitan (31)
4-1 Elling Mikal Kalvø (34)
5-1 Kim Idar Krogsethagen (str. 45+2)
6-1 Kim Idar Krogsethagen (74)
7-1 Kim Idar Krogsethagen (79)
Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)
Ass. Dommarar: Jon Olav Skodjereite (Skodje) og Oddmund Kaldhussæter (Blindheim)
Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø , Kristian Furnes (Knut Ivar Bjørlykhaug, 80) – Ole Johan Urke (Bee, 51), Kristian Søviknes (Skjalg Volstad, 80), Asgeir Kalvø (Kjell-Terje Brusdal, 73) , Stein Erik Reitan (Jan Even Drønnesund , 73) – Kim Idar Krogsethagen (Kristoffer Søviknes, 89), Kristoffer Søviknes (Adrian Håbet, 67).
Norborg har ikkje leie på latsida i sommar og varta opp med festfotball i haustopninga mot Vartdal. Leigesoldat Kim Idar Krogsethagen takka for seg med fire mål i ein kamp Norborg avgjorde før pause.
Mange såg føre seg ein jamn kamp på Uggedal stadion mellom det som var formlaga før 4. divisjon tok sommarpause. Jamt vart det ikkje, og dryge ti minutt ut i kampen scora Norborg sitt første mål. For første gong i historia stilte Norborg med tre brør frå start av, og det var mellomste bror Kalvø, Asgeir, som starta målfesten for heimelaget, då han var vaken frampå ein retur frå keeper Knut Egil Aarseth etter eit skot frå Kim Idar Krogsethagen.
Brasse-Kim
Etter å ha brent nokre store sjansar doblar Norborg leiinga ved halvspelt omgang. Denne gong på ein spektakulær måte. Kim Idar mottek ballen på 16 meteren, triksar nokre gongar med ein mann i rygg før han brassar ballen like ved krysset. Vakkert!
Unødvendig baklengs
Vartdal hadde særs lite å by på før pause, og trengte hjelp frå Norborg for å sin første sjanse og mål. Fleire mann gjer ikkje jobben sin og det heile endar med at Norborg sin beste spelar denne sesongen, Roger Grytten headar mot eigen keeper. Keeper Geir Roar Gamlem får fingertuppane på ballen, men ser ut til å avverje situasjonen før Kennet Holsæker kjem å kjempar ballen over streken.
Punkterer kampen
Nærmare kom ikkje Vartdal, for dette var Norborg sin dag og punkterar kampen i løpet av det siste kvarteret av 1. omgang. Stein Erik Reitan ordnar 3-1 på eit vakkert skot frå 20 meter. Ballen går i fin boge over keeper og under tverrliggjaren. Yngstemann Kalvø med namn Elling Mikal sette inn 4-1 frå kloss hald etter at Vartdal ikkje greidde å klarere ein corner, medan Kim Idar sette inn 5-1 på straffe etter at han sjølv vart felt då han skulle sette ballen i tomt mål etter å ha runda keeper.
Flott omgang av Norborg som fekk til både pasningar, løp og avslutningar. Sentralmidtbana med Asgeir Kalvø og Kristian Søviknes var mykje involvert, Kristoffer Søviknes jobba og sleit på topp, medan Kim Idar Krogsethagen viste “gamal” storleik. Vartdal vart då minst eit nummer for små.
Slapt etter kvila
Etter kvila fall kvaliteten hos heimelaget og Vartdal fekk ha eit lite initiativ dei første 25 minutta, utan at blåtrøyene greidde å skape det heilt store framfor keeper Geir Roar Gamlem. Nærmast redusering var Kristoffer Dahle med ei heading like utafor frå kloss hald.
Avslutta med stil
Norborg får inn friskt blod det siste kvarteret og skrur opp tempoet igjen. Eit kvarter før slutt bryt Kjell-Terje Brusdal fint på midten, tek med seg ball framover før han spelar igjennom Kim Idar som plasserer ballen flott i lengste. Ti minutt før slutt er det Kristian Søviknes som viser tekniske detaljar då han tek tunnel og fører fram langs venstresida før han finn Kim Idar på 16 meteren. Han driblar nokre vartdalingar, rundar keeper å sette ballen i tomt bur. 7-1, og Norborg pyntar verkeleg på målforskjellen sin.
Norborg-trenar Ivar Roald var sjølvsagt godt nøgd med tre nye poeng og 7-1. – Vi gjer ein bra 1. omgang og viste då kva lag som låg høgst på tabellen. Etter pausen fell vi i kvalitet og vi vart slitne sentralt på midten. Mot slutten heva vi oss i ein kamp der alle spelarane viste flott innsats.
Mange gode spelarar på Norborg i denne kampen, men bestemannsprisen gir vi til Kim Idar Krogsethagen. Han har brukt sommaren til å finne tilbake til målforma han hadde i første halvdel av tiåret. – I dag innfridde Kim. Han har dunka inn mål på mål på treningane, og no lykkast han endeleg i kamp, sa trenar Roald. Av andre spelarar så må vi nemne stopparparet Morten Kalvø og Roger Grytten, som utfyller kvarandre godt. Sentralmidtbanen var særs god før pause, det same Kristoffer Søviknes, som nok sprang lengst av alle og stressa Vartdal sitt forsvar.
Dagens motstandar skuffa stort og leverte ein langt dårlegare kamp enn då laga møttast i vår. Spelande trenar Geir Arne Kaspersen var sårt sakna, men det er ikkje grunn nok til at nær sagt heile laget skulle miste den aggressiviteten som var til stades sist. Berre i ein liten periode i 2. omgang viste laget at dei kunne å spele fotball, men då var kampen allereie avgjort og heimelaget var i sparebluss.
Neste kamp for Norborg er heime mot Vigra førstkomande torsdag kl. 1830
På notisblokka:
11 min: 1-0. Asgeir putter frå kloss hald etter at keeper må gi retur på eit skot av Kim Idar.
15 min: Trippelsjanse Norborg. Asgeir skyt tverrliggjar og ned på strek, ball ut til Kriss som avsluttar liggjande, men Vartdal blokkerer til Asgeir som fyrer ballen over mål.
17 min: Kim Idar er igjennom, men keeper reddar skotet.
22 min: 2-0. Kim Idar triksar eit par gongar før han brasser inn 2-0.
25 min: 2-1. Roger og Geir Roar rotar det til og Vartdal reduserer.
31 min: 3-1. Reitan fyrer av frå 20 meter og ballen går til alles overrasking i mål.
34 min: 4-1. Norborg får fleire sjansar på ein corner av Reitan. Til slutt putter Elling ballen i mål.
36 min: Markus Dimmestøl prøver seg med eit skot frå 20 meter. Rett på Geir Roar.
45+2 min: Kim Idar rundar keeper før han blir felt. Kim sette sjølv straffa sikkert i mål.
72 min: Kristoffer Dahle med heading like utafor.
74 min: 6-1. Kim Idar spelt fri av Kjell-Terje.
79 min: 7-1. Kim Idar scorar sitt fjerde på utsøkt vis. Flott forarbeid av Snes.
83 min: Kim Idar åleine med keeper, men avsluttar utanfor.
Trenar Ivar Roald er godt nøgd med sine mest rutinerte målscorarar Stein Erik Reitan
og Kim Idar Krogsethagen.
Historisk dag. Dei tre Kalvø-brørne Morten, Elling Mikal og Asgeir spelte alle frå start.
Dette er første gong i Norborg si historie at tre brør spelar samstundes.