Norborg – Vartdal 5-1

Norborg – Vartdal 5-1 (1-1)
Brattvåg KGB, 12.01.08

14 sjansar 3
6 cornere 4

0-1 ? (15)
1-1 Skjalg Volstad (21)
2-1 Stein Erik Reitan (49)
3-1 Bee (64)
4-1 Tarjei Urkedal (74)
5-1 Steffen Grytten (80)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Ass. dommarar: Helge Uggedal og Espen Wold

Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Even Drønnesund (Kristian Furnes, 46), Knut Egil Lid (Morten Kalvø, 46), Roger Grytten (Jan Even Drønnesund, 68), Stein Erik Reitan (Eivind Fjørtoft, 82) – Kristian Søviknes, André Larsen (Kjell Terje Brusdal, 46), Eivind Fjørtoft (Bee, 46), Ole Johan Urke (Steffen Grytten, 46) – Skjalg Volstad (Knut Egil Lid, 68), Tarjei Urkedal

Norborg gjennomførte ein 1. omgang under pari og ein solid 2. omgang då divisjonskollega Vartdal vart sendt heim med stortap i årets første treningskamp.

Laurdag møttes Norborg og Vartdal til årets første treningskamp. Kampen vart gjennomført i flott ver, men på ei småfrøsa Brattvåg KGB. Speletilhøva var dermed ikkje dei beste, og kampen vart der etter, spesielt før pausen.

Vartdal scora først
Det var oransjetrøyene som starta best, og spelte seg fram til eit par sjansar, men i staden for Norborg-mål, var det gjestane frå Vartdal som scora først då ein Vartdal-spelar snurrar seg forbi Stein Erik Reitan, kjem seg inn på 16 meter og skyt i mål via hanskane til ein keeper Geir Roar Gamlem i full lengde.

Fortent utlikning
Norborg kjem raskt tilbake og utliknar ved talentfulle Skjalg Volstad då Tarjei Urkedal vinn ballen frå Vartdal sin venstreback, kjem seg inn i straffefeltet og spelar usjølvisk til Volstad som tek seg god tid til å plassere ballen sikkert i mål frå 10 meter.

Sjølv om Norborg har problem med både presisjon og avstand mellom lagdelane så er ein nærmast leiinga. Dryge ti minutt før pausen er det nærmast godt gjort av Norborg å ikkje score då Kristian Søviknes skyt eit frispark i stolpen og Tarjei Urkedal headar returballen feil veg på opent mål. Norborg får tak i ballen på nytt, men Vartdal får avverja. Laga går dermed til pausen med 1-1. Noko Vartdal kan vere best nøgd med.

Spel mot eitt mål
Etter kvila fekk Norborg justert seg og vise seg som eit langt betre lag enn Vartdal. Midtbana var med fram og hjelpte spissane med å presse høgt og dette gav raskt resultat då Stein Erik Reitan kjempa inn 2-1 fire minutt ut i omgangen. Norborg fortsette å skape sjansar på løpande bånd, men det tok eit kvarter før ny nettkjenning, og for eit mål. “Bee” tek seg god til på 25 meter og klinkar ballen stolpe inn til 3-1. Ti minutt seinare får Tarjei Urkedal endeleg nettkjenning då han brystar inn 4-1. Så var det klart for nok eit vakkert skot. Denne gong frå Steffen Grytten, som klinka inn 5-1frå minst 25 meter. I sluttminutta har begge lag sjansar til å score, men nærmare enn Tarjei Urkedal sitt skot i tverrliggjar og eit offside-mål av Vartdal kom ein ikkje. Dermed 5-1.

Flott 2. omgang av Norborg, som då var meir kompakt, aggressive og fekk større tempo på ball. Vartdal fekk då store problem med å kome seg over midtbana og tapte fortent.

Debutant
Norborg hadde ein debutant i denne kampen. Det var Knut Egil Lid, som fekk prøve seg både som midtstoppar og spiss, og greidde seg godt. Morten Kalvø var også tilbake på fotballbanen etter fire år i Australia. Årets Norborg-spelar i 2002 blir også ei flott tilvekst, og Norborg har eit spennande lag på gong.

Banens beste var Tarjei Gjerset Urkedal. Han jobba på kvar ein ball, og uroa Vartdal sitt forsvar kampen igjennom.

Neste kamp for Norborg er mot Vestnes Varfjell torsdag 24. januar kl. 20.

Kampen:
0-15 min: Norborg med eit lite initiativ, men Vartdal scora. Sjansar: 2-1
16-30 min: Jamnt. Par dødballar og halvsjansar til begge lag, og eit fint mål av Norborg. Sjansar: 1-0
31-45 min: Norborg har ballen mest, men opptrer lite organisert. Sjansar: 1-0
46-60 min: Norborg trykker Vartdal tilbake på bana. Spel mot eitt mål. Sjansar: 4-0
61-75 min: Norborg styrer det meste. Sjansar: 3-0
76-90 min: Vartdal litt meir med då Norborg slurvar eit par gongar. Sjansar: 3-2