Herd – Norborg 3-2

Herd – Norborg 3-2 (2-0)
Moa KGB, 15.05.08

7 sjansar 9
5 cornere 2

1-0 Bernt Ove Slyngstad (18)
2-0 Eirik Dalhus (41)
3-0 Tore Standal (68)
3-1 Ole Johan Urke (76)
3-2 Adrian Håbet (77)

Dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder)
Ass. dommarar: Richard Olsen (Åmdal) og Ståle Navelsaker (Aksla)

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Søviknes (Elling Mikal Kalvø, 90), Roger Grytten (Kjell-Terje Brusdal, 59), Morten Kalvø, Kristian Furnes – Kristian Søviknes, Steffen Grytten, Bee (Ole Johan Urke, 59), Stein Erik Reitan (Skjalg Volstad, 81) – Tarjei Urkedal, Adrian Håbet.

Norborg skapte dei fleste klare sjansane, mens Herd hadde ballen mest og gjorde det viktigaste, scora dei fleste måla. Dermed brast Norborg sin draum om å feire 17. mai på toppen av tabellen.

Herd starta kampen best og trilla mykje ball på Norborg sin halvdel utan at det resulterte i dei store sjansane. Men oransjetrøyene gav frå seg mange frispark og det var nettopp på dødball Herd skulle få sine to første mål. Først ved Bernt Ove Slyngstad i det 18. minutt, så like før pausen ved Eirik Dalhus.

Store Norborg-sjansar
Norborg hadde også sine sjansar før pausen. Spesielt etter Herd sitt første mål. Adrian Håbet var nær ved å tåe ballen i mål, men keeper fekk plukka opp forsøket. Kristian Søviknes sette eit frispark frå 25 meter i stolpen, medan Kristoffer Søviknes vart spelt fri på venstresida, men valde å spele ut i feltet i staden for å avslutte sjølv i frå litt skrått hald. Sjansen rann dermed ut i ingenting.

Tvilsam annullering
På overtid i omgangen får ein også eit mål tvilsamt annullert for offside. Målscorar Steffen Grytten er ikkje offside då han kjem på løp bakfrå og sette ballen i mål, men to andre som er på veg bort i frå situasjonen er det. Tidlegare assistentdommar i toppserien Helge Uggedal var til stede på kampen og meinar dagens assistentdommar gjorde heilt feil i å vinke. – Klar feilvurdering frå dommarane si side. Målet skulle ha vore godkjent, seie Uggedal. Synst elles assistentane var for tidleg oppe med flagget i mange situasjonar. Det er lov å tenke seg om ein og to gongar før ein løftar flagget.

Bra innsats av Norborg, men Herd viste seg som eit godt lag, spesielt på dødball, og leia fortent til pausen sjølv om to mål var eitt for mykje.

Mål mot spelets gong
Norborg står høgare på bana etter sidebytte, og både Bee, Tarjei Urkedal og Adrian Håbet har store sjansar til å score, men utan resultat. I staden er det Herd som puttar sitt tredje då Tore Standal plukkar opp ei svak klarering å skyt nede ved høgre stolpe frå 20 meter. Norborg heng med hovudet dei neste minutta og Herd er nær ved eit nytt mål.

Spenning på slutten
Eit kvarter før slutt får Norborg nytt håp og ny energi då Kristian Søviknes legg inn, Steffen Grytten stussar og Ole Johan Urke ekspederar ballen i mål frå kloss hald. Minuttet etter slår Søviknes inn igjen, og no er det Adrian Håbet som sender ballen i nota. 3-2, og det blir spenning i sluttminutta. Tarjei Urkedal får ti minutt før slutt ein god sjanse, men sette ballen rett på keeper Omenås. Herd har etter dette bra kontroll på gjestane, men på overtid ropar Norborg to gongar på straffe. Først då Kristian Søviknes går overende, like etter då det ein klar dytt i rygg på Morten Kalvø. Dommar Kringstad vinkar spelet vidare og bles minuttet etter av kampen.

Positiv kamp av Norborg etter pausen, der ein greier å skape fleire klare målsjansar. Diverre var ikkje effektiviteten på topp og Herd kunne juble for tre nye poeng og stadig tabelltopp.

Bra laginnsats av Norborg, men skal vi trekke fram enkeltspelarar kjem vi ikkje utanom midtstoppar Morten Kalvø. Han vinn dei fleste duellane og dirigerer bra. Steffen Grytten kjempar godt på midtbana og let både bein og munn jobbe mykje. Pluss også til Kristian Søviknes for sine to målgjevande.

Norborg skal ut i nytt toppoppgjer neste torsdag kl. 1830. Då gjestar Stranda Uggedal stadion.

På notisblokka:
12 min: Herd sin nr. 11 med første målsjansen. Skot frå 15 meter som Geir Roar Gamlem reddar greitt.
18 min: Bernt Ove Slyngstad scorer frå bakerste etter frispark.
24 min: Adrian Håbet får ei tå på ballen like framfor mål, men keeper får avverja.Tarjei nesten på retur.
25 min: Kristian Søviknes med frispark i stolpen frå 25 meter.
31 min: Gedigen Herd-sjanse, men Geir Roar let seg ikkje overliste og vinn duellen.
32 min: Kristoffer Søviknes spelt igjennom. Prøver å nå Tarjei på blankt mål, men mislukkast.
41 min: Herd-frispark som blir heada i mål av Eirik Dalhus.
45 min: Annullet mål. Steffen Grytten på løp bakfra. Tek med ball og sender den i krysset.

52 min: Bee igjennom etter stuss frå Adrian. Fører ball, men misser så på touch og ball inn til keeper.
54 min: Tarjei med sjanse, men avsluttar utanfor.
56 min: Herd-sjanse. Ropar på straffe. Tok ball meiner både dommar og Norborg-forsvar.
62 min: Tarjei spelt igjennom, men misser. Ball til Adrian som avsluttar rett i fanget til keeper frå 1m.
68 min: Tore Standal får tid på 18-20 meter å scorar etter svak avklarering av Norborg.
75 min: Herd-sjanse. Innlegg frå høgre, men speler på bakerste får ikkje para beina og ball ut.
76 min: 3-1. Urke scorar etter innlegg frå Snes.
77 min: 3-2. Snes slår til Adrian som puttar frå kloss hald.
79 min: Tarjei sjanse, men avsluttar rett på keeper frå god posisjon.
90+3 min: Morten Kalvø dytta ned i straffefeltet. Norborg vil ha straffe, men nei.