Emblem – Norborg 1-7

Emblem – Norborg 1-7 (0-4)
Emblem KGB, 15.03.08

2 sjansar 21
1 cornere 17

0-1 Stein Erik Reitan (2)
0-2 Kristoffer Søviknes (8)
0-3 Tarjei Urkedal (12)
0-4 Sjølmål (41)
0-5 Kristian Furnes (46)
0-6 Tarjei Urkedal (67)
0-7 André Larsen (77)
1-7 ? (87)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Furnes, Roger Grytten, Kjell Terje Brusdal (Jan Even Drønnesund, 69), Kristoffer Søviknes – Jan Even Drønnesund (Ole Johan Urke, 46), Steffen Grytten, André Larsen (Eivind Fjørtoft, 46), Stein Erik Reitan (André Larsen, 69) – Tarjei Urkedal (André Larsen, 69), Skjalg Volstad (Johan Stavik, 46).

Soleklar Norborg-siger i påskesola på praktfulle Emblem KGB. Norborg tok kommandoen frå start og burde ha vunne med langt større siffer.

I 1995 vann Emblem begge seriekampane over Norborg og vart krinsmeistrar i 6. divisjon. No møttast laga endeleg til kamp igjen og det var liten tvil at trenar Ivar Roald og dei to gjenverande spelarane Stein Erik Reitan og Roger Grytten fekk langt meir positive opplevingar enn julidagen for 13 år sidan.

Punktert før kvarteret
Norborg tok kommandoen frå første stund og 90 sekund ut i kampen scorar Stein Erik Reitan då han får stå fritt på 10 meter å plassere ballen i mål. Nokre minutt seinare scorar ein for dagen skotviljug Kristoffer Søviknes då han får ballen like utanfor straffefeltet etter at Emblem ikkje klarer å klarere eit hjørnespark. Norborg gir seg ikkje, og før 12 minutt er spelt putter Tarjei Urkedal frå kloss hald. 3-0, og kampen er i realiteten punktert.

Norborg fortsette å skape sjanse etter sjanse, men trengte hjelp frå ein Emblem-spelar for å gå til pausen ed 4-0. Målet kom etter eit innlegg frå Stein Erik Reitan, stuss frå Steffen Grytten i kamp med keeper, og via føtene til ein Emblem-spelar og i mål.

Norborg leverte ein bra 1. omgang med stor rørsle på topp og fine framspel. Litt slurv gav Emblem eit par halvsjansar og ein stor sjanse før pausen.

Gode dødballar
Dommar Steinsbu hadde knapt blåst omgangen i gong før Kristian Furnes stanga inn 5-0 etter ein presist slått corner av Skjalg Volstad. Divisjonsforskjellen var tydeleg og Norborg skapte fleire store sjansar dei neste minutta. Blant anna sette debutant Johan Stavik ballen like over krysset med eit hardt skot frå 10 meter. Med sin store fart skapte debutanten fleire problem for heimelaget.

Halvvegs i omgangen får Tarjei Urkedal ein gratissjanse då han snappar opp eit laust tilbakespel til keeper og sette sikkert inn 6-0. Ti minutt seinare sette André Larsen inn 7-0 med hovudet etter nok ein godt slått corner av Skjalg Volstad. Norborg sette truleg ny klubbrekord med heile 17 hjørnespark. Tre av dei enda i mål og Emblem sleit særs med markeringar på dødballar gjennom heile kampen.

Nullen sprakk
Dei siste ti minutt slutta Norborg å spele fotball, og Emblem fekk seg eit trøstemål like før slutt då ein spelar får stikke i bakrom å score åleine med keeper Geir Roar Gamlem. Bittert for Norborg som jakta sin tredje strake smultring.

Vanskelegt å plukke ut nokon som utmerka seg i ein slik kamp som dette, men Kristoffer Søviknes var særs aktivt med i angrep frå sin backposisjon. Elles ein bra laginnsats.

Norborg har vunne 5 av 6 treningskampar så langt i år og verkar å vere i rute ein månad før seriestart, sjølv om treningsoppmøtet har vore noko variabelt denne vinteren. 5. divisjonslag har sjeldan vore nokon målestokk dei siste åra, så også Emblem. Laget kom i fjor på 4. plass, og med eit av Sunnmøres flottaste anlegg med både 11’ar og 7’ar kunstgras og eit godt befolkningsgrunnlag kan klubben ta steget opp ein divisjon om nokre år. I denne kampen hang dei ikkje med på tempoet og hadde store problem med markeringane.

Neste kamp for Norborg er borte mot Stranda 2. påskedag kl. 16.